Hopp til innhold

- Årdal var klart best

I eit ufyseleg ver tok Vik imot Årdal i laurdagens 3. divisjonsoppgjer.

Etter første omgang stod det 0-2 til Årdal. Jørn Skjeldestad skåra etter omlag 10 minutt og etter ein halvtime sette Preben Strypet inn ein straffe.

Ved pause var stillinga 0-2.

Årdal pressa mykje av tida, men i andre omgang lysna det litt for Vik. Like før slutt vart det straffe til heimelaget, og Øystein Myrkaskog sette ballen i mål.

- I denne kampen var Årdal best og det er fortent at dei vann, seier Nils Geir Myrkaskog som er lagleiar for Vik.

Kampfakta:

Vik - Årdal 1-2 (0-2)

  • 0-1 ved Jørn Skjeldestad
  • 0-2 ved Preben Strypet - straffe
  • 89. minutt: 1-2 ved Øystein Myrkaskog - straffe

Les også: Mange mål i 4. runde