Og dei verste døma på dette meiner Fløgstad er henta frå Sogn og Fjordane.
- Meir plass til direktørfruene
Hydros historie frå 1905-2005 i tre band vart lansert av Pax forlag i september. Gjennom 1500 sider tekst og bilete er selskapet si 100 år lange historie skildra. Men Kjartan Fløgstad, som har meldt bøkene for avisa Morgenbladet, meiner arbeidarane er oversedde og at direktørfruene har fått meir plass i verket enn "gutta på gølvet".
Ukjende arbeidarar
Og særleg reagerer Fløgstad på to bilete av arbeidarar henta frå Hydro si historie i Sogn. På begge bileta står arbeidaren i fokus, men biletteksten seier ingenting om kven arbeidaren er.
I kontrast til bilete av leiinga
Bileta Fløgstad viser til er å finne i dei to siste banda av Hydro si historie. På bilete frå Årdal, trykt i band 3, er ein ung årdøl i arbeidsklede i fokus. Han har langt, krøllete hår, caps og røyk i munnen. Han lener seg mot ein varebil, og på ryggen av han står det Årdal Verk. I bakgrunnen av biletet - ute av fokus - kan ein svakt skimte eit norsk flagg som går til topps. Og biletteksten handlar nettopp om at flagget gjekk til topps for markeringa av Prosjekt Norge i Årdal i 1990. Ikkje eit ord om den unge arbeidaren og hans historie. Dette står i sterk kontrast til andre bilete der leiinga i Hydro er portretterte med namn og uendeleg lange titlar, seier Fløgstad.
- Vanskeleg å identifisere
Ketil Gjølme Andersen, som er forskar og ein av forfattarane bak bøkene om Hydro si historie, meiner Fløgstad bommer litt. Andersen meiner at arbeidarane er godt med i bindet, både som individuelle arbeidarar og som arbeidarklassen. Dessutan meiner han det er vanskeleg å finne namn på arbeidarane i det biletmaterialet dei hadde til rådvelde. - Men i dei fleste tilfella har vi lukkast med det, sjølv om det aktuelle biletet var litt vanskeleg, seier han.
Odd Semstrøm
Svar på timen
Tidlegare fagforeiningsmann ved Hydro i Årdal, Odd Semstrøm, seier det tok klubben på Hydro i Årdal under ein time å finne ut at kva mannen heiter. Og Semstrøm er lite nøgd med at namn på arbeidarane er utelatne fleire stader i dei nye bøkene om Hydro si historie. Han meiner det er viktig å få identifisert personane, og trur ikkje det er eitt bilete av Sam Eyde, der han ikkje er nemnd.