Hopp til innhold

- Ap viser arroganse mot bøndene

Sogn og Fjordane Senterungdom går knallhardt ut mot Arbeidarpartiet. Partiet viser ein arroganse mot den norske bonden, meiner fylkesleiaren.

Bønder aksjonerer i Florø

AKSJONERER: Bønder har aksjonert over heile landet den siste veka. Senterungdomen er svært skuffa over Ap sitt opphavlege tilbod.

Foto: Turls Kleiven

Nationen skriv laurdag at Arbeidarpartiet i utgangspunktet berre ville gje bøndene 400 millionar i landbruksoppgjeret.

Bøndene kravde 2,2 milliardar, og då tilbodet frå staten kom var det på 900 millionar. Bøndene braut forhandlingane og viser no si misnøye med aksjonar over heile landet.

Sogn og Fjordane Senterungdom støttar opp om bøndene og er svært skuffa over Arbeidarpartiet si satsing på distrikta og norsk matproduksjon. Fylkesleiar Erlend Herstad meiner partiet viser arroganse mot den norske bonden.

– Når det viser seg at Arbeidarpartiet føreslo 400 millionar kroner til bøndene, seier det seg sjølv. Eg synest Ap her viser ei arrogant side mot Senterpartiet, bøndene og distrikta, seier Herstad i ei pressemelding.

Sinte bønder over heile landet

Over heile landet har norske bønder den siste veka vist si misnøye med staten sitt tilbod i landbruksoppgjeret. Fleire stader har dei sperra vegar, dei har fått folk til å hamstre brød på butikkane og stogga ei avis, for å nemne noko.

Etter at bøndene braut forhandlingane vil det opphavlege tilbodet gå vidare til Stortinget, som skal gjere ei endeleg avgjerd.

Senterpartileiar Liv Signe Navarsete sa tidlegare denne veka at løpet var køyrt for bøndene.

– Senterpartiet kjempa hardt

Herstad i Sogn og Fjordane Senterungdom meiner partiet hans har kjempa ein tøff kamp internt i regjeringa, før forslaget vart lagt fram for bøndene.

Han viser då til at Ap først berre ville gje 400 millionar, men at resultatet til slutt vart 900 millionar.

– Det viser kor hard kampen til Senterpartiet har vore i forhandlingane. Men det viser og korleis Arbeidarpartiet sin landbrukspolitikk er, seier Herstad og legg til:

– Det håpar eg alle bøndene som stemmer Ap ser.

– Bortskjemte

Senterungdommen vil kjempe vidare for å få til eit betre jordbruksoppgjer, og seier det er viktig med større satsing på norsk matproduksjon.

– Vi er bortskjemte i Norge. Vi tar for gitt at vi har trygg norsk mat på bordet. Bønder har i årevis produsert den for ei låg inntekt, det er det på tide å gjere noko med, seier Herstad.