Hopp til innhold

- Ap er svarteper i sjukehusstriden

Ap får svi for sjukehusstriden. Men usemja stikk djupt også i dei andre partia.

Arve Helle

SVARTEPER: Ordførar Arve Helle (Ap) synes det er urettferdig at partiet hans får svi, når også dei borgarlege er ueinige om sjukehusa.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Arbeidarpartiet står i fare for å gjere eit katastrofeval i delar av fylket på grunn av sjukehustriden.

Partiet sin helseminister har så langt ikkje sett foten ned og hindra at Helse Førde legg ned føde- og akuttfunksjonar på Nordfjordeid og i Lærdal.

– Tvilsam dobbelkommunikasjon

Men Arve Helle som er Ap-ordførar i Fjaler meiner dei borgarlege partia ikkje ville gjort noko annleis.

- Dette er ein veldig tvilsam dobbelkommunikasjon i frå desse partia. Dei har ikkje nådd fram til sine eigne med krav om meir pengar, slik som fleire av oss har prøvd på. Likevel held dei folk for narr ved å lage eit inntrykk av at vi kan halde på alt slik det er i dag.

I fylkestinget denne månaden gjekk dei borgarlege partia inn for å frede akutt- og fødefunksjonar ved lokalsjukehusa. Men dei er langt frå samla.

Høgre sentralt: – Legg ned

Bent Høie (Høyre)

LEGG NED: Bent Høie (H) går inn for å leggje ned lokalsjukehus.

Foto: Erlend Aas / Scanpix

Det var tydeleg då helsepolitisk talsmann i Høgre, Bent Høie, kom med eit anna syn i Politisk kvarter på P2 tidlegare denne månaden.

– Alt som er sjukehus i dag, kan ikkje vere sjukehus i framtida. Men det vil sannsynlegvis vere behov for helsetilbod på alle dei stadane, for eksempel gjennom distriktsmedisinske sentra.

Høgre lokalt: – Ikkje avgjort

Bjørn Lødemel

IKKJE BESTEMT SEG: Fylkesleiar Bjørn Lødemel (H) seier dei lokalt ikkje har bestemt seg for ein sjukehuspolitikk.

Foto: Vegar Erstad / NRK

Fylkesleiar Bjørn Lødemel vil ikkje vere med på at partiet vil ta knekken på lokalsjukehusa. Berre veker før regjeringa kan avgjere striden hevdar han at Høgre ikkje har bestemt seg for kva dei skal meine.

– Vi jobbar med å utvikle vår politikk. Eg tykkjer det er heilt bak mål å hevde at Høgre slepp unna denne debatten.

– Men kan du klårt og tydeleg seie at Høgre ønskjer å halde på føde- og akuttilbodet ved lokalsjukehusa i Lærdal og Eid?

– Vi har ein grundig prosess på dette, som skal konkludere på vårt fylkesårsmøte.

Splitta Venstre

Alfred Bjørlo og Judit Kapstad

SPLITTA VENSTRE: Ordførarkandidat Alfred Bjørlo i Eid er ueinig med ordførarkandidat Judith Kapstad i Jølster.

Foto: NRK

Og medan Høgre skal finne ut kva dei eigentleg meiner, kom bråket i Venstre fram i lyset då Judith Kapstad frå Jølster og Alfred Bjørlo frå Eid rauk i hop i NRK Sogn og Fjordane.

Krf-leiar mot eige parti

Også i Kristeleg folkeparti er det usemje. For medan fylkeslaget har gjort vedtak om å bevare lokalsjukehusa, vedgår no fylkesleiar Trude Brosvik at ho personleg vil gjennomføre kutt i akutt- og føde om det ikkje vert tilført meir pengar.

– Som fylkesleiar held eg meg til vedtak som vi demokratisk har fatta i vårt parti. Men som eg sa då eg var stortingskandidat: viss der ikkje blir tilført meir pengar, lyt ein gjere det beste ut av det. Då ligg vår fyrsteprioritet i psykiatri og rus.

Trude Brosvik

SIN EIGEN VEG: Fylkesleiar Trude Brosvik (Krf) er personleg ueinig med sitt eige fylkesparti.

Foto: Vegar Erstad / NRK