Hopp til innhold

- Ap langar ut mot «matbaronane»

Arbeidarpartiet meiner matvarekjedene har altfor stor makt og krev endringar.

Sonja Edvardsen

STOR MAKT: Eigarane av matvarekjedene har altfor stor makt, meiner Sonja Edvardsen, som vikarierer for Ingrid Heggø på Stortinget.

Foto: Trond Vestre / NRK

Partiet får støtte frå ein fersk rapport som konkluderer med at konkurransen i matsektoren er kritisk liten.

Sonja Edvardsen (Ap) meiner ein ikkje kan ha det slik at enkelte tener seg rike, medan bøndene sit att med smular.

- Eg tykkjer det er uheldig at såkalla matbaronar hentar inn milliardbeløp til eigen lomme, når vi veit at leverandørar og vi som forbrukarar taper på dette.

- Det er alvorleg

Det er matkjedeutvalet i dag som trekkjer konklusjonen om minimal konkurranse i matsektoren. Dei fleste har trudd at høge tollmurar er årsaka til at Norge har høgare matvareprisar, og dårlegare utval enn dei fleste land i Europa.

Men den ferske rapporten viser at stilltiande prissamarbeid og dårleg konkurranse mellom kjedar, er minst like avgjerande.

- Det er alvorleg når makta blir på så få hender, for slik det er avduka i dag, så styrer dei faktisk kva som står i hyllene i butikkar rundt om i Norge i dag, seier Edvardsen.

- Ikkje berre baronane

Bjørn Lødemel

FLEIRE: Bjørn Lødemel meiner det er fleire aspekt ved matvarebransjen ein må sjå på.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Bjørn Lødemel (H) meiner at også samvirkeorganisasjonane har altfor sterk makt innan matvarebransjen.

- Det er veldig lett å angripe matvarebaronar, at dei stappar pengar i eigne lommar. Det er greitt, det kan ein ikkje akseptere i den grad det kjem fram her. Samstundes er det mange andre sider også som må opp på bordet. Det er klart at dette med samvirkeorganisasjonar, foredlingsindustrien og heile systemet har ein innverknad på prisen, seier han.