Hopp til innhold

- Ap bremsar Stad skipstunnel

Det meiner skuffa partifolk på kysten. I helga ba dei Ap-besøket frå hovudstaden snu ein negativ trend.

Stad skipstunnel
Foto: KYSTVERKET / SCANPIX

Tydeleg skuffa

Stad skipstunnel blir utgreidd for 17.gong, og prioritert i konkurranse med lokale vegprosjekt. I helga møtte statssekretær Vidar Ulriksen i Fiskeri -og kystdepartementet lokale partifeller i Kalvåg. Leiar i Vågsøy Arbeiderparti, Kristin Maurstad, sa rett ut det som mange føler.

- Når det gjeld kystoffensiven er dette ei vanskeleg sak for oss.

- Forstår ikkje 20 meter høge bølger

Hardt pressa Arbeiderpartifolk hadde nok håpa på positivt nytt i ei stor sak for Vestlandet. Men Vidar Ulriksen kunne ikkje kveike nytt håp hjå partifellene om å få fortgang i saka. Statssekretæren seier nye tal tidlegast er klare hausten 2011. For fyrste gong vedgår han også at tunnelen er tung å selge inn i regjeringskvartalet.

- Eg må vere så ærleg å seie at det ikkje er lett å få forståing for faren ved 20 meter høge bølger. Dei forstår det ikkje.

(Artikkelen held fram.)

Stad skipstunnel skal gå gjennom dette fjellet, mellom Kjødepollen og Moldefjorden.

TRASÉEN: Gjennem dette fjellet, mellom Kjødepollen og Moldefjorden er skipstunnelen planlagd.

Foto: Stig Silden

Vil ha ekstarordinære midlar

At tunnelen kjem i konkurranse med løyvingane til andre samferdsleprosjekt lokalt fall også i dårleg jord. Så langt har Vestlandsfylka stått samla om tunnelen, men Kristin Maurstad var ei av fleire som er redd samarbeidet kan sprekke. Derfor krev lokallaga langs kysten at tunnelen blir bygd med ekstraordinære midlar.

- Dette er ikkje ei vinnarsak om det går på bekostning av andre prosjekt. Eg håpar ikkje skipstunnelen og vegprosjekt blir stilt opp mot kvarandre.