Hopp til innhold

Trur anestesien kan opne for ny aktivitet ved Nordfjord sjukehus

Kjersti Toppe (Sp) meiner regjeringsvedtaket om å behalde anestesien i Nordfjord kan opne for ny aktivitet ved sjukehuset.

Siv Nord Olsen og Oddrun Rye

GLADE: Siv Nord Olsen og Oddrun Rye ved Nordfjord sjukehus er svært glade for at regjeringa har gått inn for at sjukehuset får behalde anestesien.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Toppe som er nestleiar i Helse- og omsorgskomiteen meiner vedtaket hindrar vidare nedbygging av sjukehuset i Eid.

Kjersti Toppe

POSITIV: Kjersti Toppe i Helse- og omsorgskomiteen meiner vedtaket kan opne opp at sjukehuset i Eid får fleire oppgåver.

Foto: Paul Sigve Amundsen

Ho går også langt i å seie at dette kan bety ny aktivitet på lokalsjukehuset.

- Dersom Nordfjord sjukehus hadde mista anestesien, hadde det vore mange oppgåver dei ikkje hadde kunne utføre ut frå kva som er fagleg forsvarleg. Med anestesi vert det opna opp for at sjukehuset i Nordfjord kan få fleire oppgåver, seier Toppe.

Det var seint måndag kveld bestemte regjeringspartia seg for kva tilbod som skal vere ved lokalsjukehus med tilpassa akuttfunksjonar.

For Nordfjord sjukehus betyr det altså at sjukehuset får behalde anestesitenestene.

Det vil seie at sjukehuset skal ha ein anestesilege på vakt, som kan gje pasientar narkose.

Meir enn det Helse Førde ville

Tidleg i mars i fjor slepte Helse Førde det som for mange var ei bombe. Dei ville leggje ned sjukehusa på Nordfjordeid og i Lærdal og oppretthalde eit sentralsjukehus i Førde.

Dette starta ein lang og heftig debatt om korleis sjukehustilbodet skal vere i Sogn og Fjordane i framtida. Også fleire andre stader i Norge gjekk helseføretaka inn for drastiske kutt i tenestene.

Regjeringa bestemte seg

Til slutt gjekk Helse Førde inn for å leggje ned føde og ortopeditilbod ved lokalsjukehusa, men mange meinte dette i seg sjølv var ei sjukehusnedlegging.

Til slutt vart det regjeringa som bestemte seg. Dei gjekk inn for å redusere fødetilbodet i Lærdal, medan fødeavdelinga på Nordfjordeid skal omgjerast til fødestove.

(Artikkelen held fram under biletet)

Tord Dale møtt av sjukehusforkjemparar på Stadlandet

KRITIKK: Statssekretær Tord Dale i Helse- og omsorgsdepartementet har måtte tole mykje kritikk i sjukehussaka. Her møter han sjukehusforkjemparar under eit besøk på Stadlandet.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Uklart regjeringsvedtak

Samtidig gjekk regjeringa inn for at Eid misser ortopedien, medan Lærdal får behalde denne tenesta. Begge stadar skal indremedisinske akuttfunksjonar vidareførast, heitte det i regjeringsvedtaket.

Men regjeringa sitt vedtak vart oppfatta ulikt. Då statssekretær Tord Dale i Helse- og omsorgsdepartementet var på Stadlandet i midten av april vart han konfrontert med kva endringar vedtaket fører til for akuttberedskapen ved sjukehuset.

Dale sa då at det på sikt ikkje lenger ville vere anestesilege ved sjukehuset. Det fekk varaordførar Kjell Magne Åshamar i Eid til å rase, han meinte statssekretæren hadde misforstått regjeringsvedtaket.

(Artikkelen held fram under biletet)

Liv Signe Navarsete på Nordfjordeid

KJEMPA: Senterpartileiar Liv Signe Navarsete har ved fleire høve sagt at ho har kjempe for sjukehuset på Nordfjordeid. Her frå eit møte med sjukehusaksjonistar i Eid tidlegare i år.

Foto: NRK

Harde kampar

Etter dette gjekk mellom anna Legeforeininga ut og sa at eit lokalsjukehus utan anestesi ville vere fagleg uforsvarleg.

Også Senterpartiet har tidlegare sagt at dei vil ha anestesi inn som eit minstekrav til kva eit lokalsjukehus skal innehalde.

I slutten av mai sa Senterpartileiar og kommunalminister Liv Signe Navarsete at det ville kome ei avklaring om anestesi på Nordfjord sjukehus.

Og etter harde forhandlingar er det no bestemt. Nordfjord sjukehus skal behalde anestesitenestene også i framtida.

- Dette har vi venta lenge på

Ved Nordfjord sjukehus var stemninga langt meir munter enn på lenge tysdag morgon.

NRK møtte fleire smilande folk i korridorane, og det var mange som sette pris på å vakne opp til det som var ei glad nyheit for nordfjordingane.

- Det er veldig bra at regjeringa har lytta til fagfolk og teke den avgjerda vi lenge har hevda har vore nødvendig om vi skal ha ein fagleg forsvarleg akuttberedskap ved Nordfjord sjukehus, seier Siv Nord Olsen som er fagansvarleg for anestesien ved sjukehuset.

Ho viser mellom anna til at sjukehuset utan anestesi ikkje ville vore eigna til å ta i mot pasientar som treng akutt hjelp.