Hopp til innhold

- Anestesi er avgjerande

Forslaget om å kutte anestesi er effektivt for ein ting – å leggje ned lokalsjukehus, seier president i legeforeningen Torunn Janbu.

Nordfjord sjukehus

KUTT: Regjeringa vil kuttet anestesiberedskapen ved Nordfjord sjukehus etter 2012.

Foto: Arne Eithun / NRK

Regjeringa og Helse Førde ønskjer å fjerne anestesiberedskapen ved Nordfjord sjukehus når fødeavdeling og ortopedi forsvinn i 2012.

Samstundes meiner legeforeningen at Lokalsjukehus utan anestesi er fagleg uhaldbart.

Stikk i strid med faglege råd

Janbu har denne veka vore i møte i Stortinget, og meiner at forslaget om å fjerne anestesi er stikk i strid med alle faglege råd.

Torunn Janbu i Den norske lægeforeningen

ÅTVARAR: President i legeforeningen, Torunn Janbu.

Foto: Mats Eirik Linaae / NRK

- Lokalsjukehus med akuttfunksjon må ha anestesilege. Det må vere klinkande klart. Eg må seie at eg har håp om at dei som har vedteke dette tek til fornuft, seier Janbu, før politikarane skal handsame Nasjonal helse- og omsorgplan.

Presidenten kunne ikkje vore tydlegare i sin dom over behovet for anestesi på Nordfjord sjukehus.

I Nordfjord er nettopp dette situasjonen, både helsedepartementet og Helse Førde vil fjerne anestesien.

- Anestesi er avgjerande

- Anestesilegen er heilt avgjerande for at du skal få god behandling når du kjem inn med akutte skader på sjukehus, forklarar Janbu.

Denne veka har legeforeininga vore i møte i Stortinget og gjeve frå seg sine høyringssvar til ny nasjonal helse- og omsorgsplan, der retta dei kraftige åtvaringar til politikarane.

- Det kan vere hjarteslag med forverringar, alvorleg astma, infeksjonar og ikkje minst så er det viktig at dei små sjukehusa har kompetanse til å stabilisere og behandle skikkeleg sjuke pasientar som skal transporterast vidare, seier Janbu.

- Vi veit at det er avgjerande for kor godt behandlingstilbodet vert til slutt.

- Er det i det heile teke mogleg å drive med akuttmedisinsk behandling i dag utan anestesilege?

- Nei, svar ho.

- Vil føre til færre akuttsjukehus

Administrerande dirketør i Helse Førde Jon Bolstad seier at Legeforeningen snakkar om ein annan lokalasjukehusmodell enn det som eksisterar i Sogn og Fjordane.

- Det er viktig å vere klar over at Legeforeningen heile tida har hevda at eit lokalsjukehus må oppfylle bestemte minimumskrav for akuttfunksjonar som indremedisin, kirurgi, anestesi, radiologi, føde og lab, seier Bolstad.

(Artikkelen held fram under bildet)

Jon Bolstad på styremøte i Helse Førde

ANNA TILNÆRMING: Administrerande direktør i Helse Førde Jon Bolstad

Foto: Bård Siem / NRK

- Legeforeningen er i prinsippet ikkje for sjukehus med akuttfunksjonar utan kirurgi, og då er det heller ikkje rart at dei krev anestesi.

Bolstad seier dei har ei anna tilnærming til situasjonen.

- Pasientar med svikt i vitale funksjoner skal ikkje til Eid/Lærdal, men til Førde/Bergen.

Bolstad seier at Legeforeningen sjølv har understreka at deira faglege krav betyr at talet på akuttsjukehus vert færre enn i dag.

- Men dei går ikkje på inn på kva sjukehus som eventuelt skulle avviklast, tal på sjukehus som må avviklast eller kriteria for avvikling, seier han.

Sikra i Lærdal

Statssekretær Tord Dale møtte demonstrantar på Stad for vel ein månad sidan og var tydeleg på at ein ikkje skal ha anestesi i Nordfjord.

- Det som forsvinn av den akuttmedisinske funksjonen, på sikt, er at anestesilegen ikkje lenger vil vere vere sjukehuset, sa Dale til NRK i april.

Tord Dale møtt av sjukehusforkjemparar på Stadlandet

SEIER NEI: Statssekretær i Helsedepartementet, Tord Dale.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

I Lærdal derimot sikrar fredinga av ortopedien at det fins ein slik lege.

Også Helse Førde sin administrerande direktør Jon Bolstad seier til Helse Førde sine nettsider at indremedisinsk akuttberedskap ikkje er basert på anestesitilbod.

Tord Dale er i utlandet og vil ikkje kommentera saka til radio men seier i dag følgjande i ein e-post - Sjå faktaboks.

Utsegnene frå Dale har vekt splid hjå dei raudgrøne. I regjeringsvedtaket om lokalsjukehusa her i fylket står det at det skal vere same indremedisinske beredskap som i dag.

Sp-politikar støttar Janbu

- Det er jo umogleg å oppretthalde indremedisinsk beredskap som i dag viss ein ikkje har anestesilege. Det blir heilt umogleg, seier Kjersti Toppe, helsepolitisk talsperson frå Senterpartiet.

Kjersti Toppe

ØNSKJER ANESTESI: Kjersti Toppe (Sp).

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

- Trur du kravet om anestesi ved eit sjukehus kan bli ein del av denne planen?

- Ja, no er denne saken til handsaming i komiteen, men eg vil vere tydeleg frå mi side at det for meg er heilt utenkjeleg at vi skal kunne gå inn ein minimumsdefinisjon og nemne at det skal vere anestesilege, seier Toppe.

Spår rekrutteringsproblem

- Du får ingen dyktige, og slett ingen unge legar, til å kome til eit sjukehus i dag, behandle akutte indremedisinske tilstandar, og ikkje minst kirurgi utan anestesilege, seier Janbu.

Ho spår alvorlege rekrutteringsproblem om ikkje Nordfjord sjukehus har anestesilege.

- Eg vil seie at dette forslaget er effektivt for ein ting og det er å leggje ned lokalsjukehus, seier presidenten i legeforeininga.

- Men er det ikkje slik at å sentralisere akuttfunksjonar kan føre til betre fagleg kvalitet?

- Noko skal sentraliserast, men når det gjeld akuttberedskap er det snarare tvert om. Det er viktig å ha god lokal beredskap, slik at ein kan transportere, stabilisere og behandle sjuke pasienar slik at dei toler transport til dei store sjukehusa. Det gjeld særleg dei tilstandane og skadane der tid er avgjerande.

Administrerande direktør Jon Bolstad seier på si side at Legeforeningen sine krav om anestesivakt døgnet rundt, alle dagar i veka byggjer, slik han forstår dei, på at det skal vere færre akuttsjukehus enn i dag, og at desse skal ha eit tilbod som omfattar akuttkirurgi.

- Eg ser ikkje utspelet som støtte til anestesivakt tre stadar i Helse Førde der det berre på ein av stedane skal være akutt kirurgi.

Foreningen har i motsatt fall meldt seg ut av vurderingar knytt til økonomi og utnytting av kompetent arbeidskraft som det er mangel på, seier Bolstad.