Hopp til innhold

- Anbodsrot i Fjærland kan vera ulovleg, meiner Høgre

SOGNDAL (NRK): Sogndal kommune har ikkje lyst ut snøbrøytinga og vegvedlikehaldet i Fjærland i vinter på anbod, slik dei skal. Kommunen kan ha brote reglane for offentlege innkjøp, meiner Sogndal Høgre.

Strøbil

KAN HA BROTE REGLAR: Sogndal kommune kan ha brote reglane for offentlege innkjøp ved å ikkje lyse ut snøbrøytinga i Fjærland på anbod. (Illustrasjonsbilete)

Foto: Andreas Skeide / NRK

– Om anbodsreglane er brotne, er det uheldig. Sogndal kommune er ein offentleg instans som skal følgja regelverket, seier Karin Vikane, gruppeleiar i Sogndal Høgre.

Vikane har to gonger, i kommunestyret og formannskapet, teke opp saka med rådmannen i Sogndal, men er misnøgd med svaret ho har fått.

– Svekkjer omdømet

Kontrakten for å brøyta og halda ved like vegane i Fjærland gjekk ut ved nyttår. Det gjorde òg høvet til å forlengja kontrakten ein kortare periode utan å måtta henta inn nye anbod.

Men Sogndal kommune fekk ikkje lyst ut brøytinga og vegvedlikehaldet i tide. I staden skreiv kommunen ein korttidsavtale med den same entreprenøren som hadde kontrakten fram til nyttår.

Dette er uheldig for dei andre firmaa som kjempar om dei same kontraktane, meiner Vikane:

– Blant dei har kanskje ikkje Sogndal kommune fått det beste renommeet. Og for meg er det viktig at kommunen har eit ryddig omdøme.

– Innanfor regelverket

Å brøyta og halda ved like vegane i Fjærland kostar om lag 800.000 kroner i året. For å sleppa å henta inn anbod på ei slik innkjøpt teneste, må den årlege kostnaden vera under 500.000 kroner. S

ogndal har difor gått inn i ein avtale på fire månader, slik at summen kjem under ein halv million kroner. Det er innanfor regelverket, meiner rådmann Jostein Aanestad:

– Her har me kome litt bakpå og har då lagt vekt på å faktisk ha vedlikehald på vegane i Fjærland i 2015 og har gjort ein avtale om det.

Ikkje automatikk

Det er Klagenemnda for offentlege anskaffelser (KOFA) som handsamar eventuelle klager om brot på regelverket for offentlege innkjøp.

Direktør Erlend Pedersen kan ikkje kommentera den konkrete saka i Sogndal, men seier på generelt grunnlag at det ikkje er automatikk i at innkjøp under 500.000 er lovleg utan utlysing.

Dersom snøbrøyting og vegvedlikehald kan sjåast på som eit regelmessig innkjøp i ein kommunen, er det summen for heile året, og ikkje for fire månader, som skal leggjast til grunn for utlysing eller ikkje.