Hopp til innhold

- Alvorleg situasjon for politiet

Budsjettet nær oppbrukt - med månader igjen av året.

Dag Øyen

ALVORLEG: Dag Øyen i Politiets Fellesorganisasjon ropar varsku om det han meiner er ein prekær ressurssituasjon i politiet i Sogn og Fjordane.

Foto: NRK

- Vi sparer oss snart til raka fant. Eg har ikkje vore borti liknande situasjon etter snart 40 år i politiet, seier Dag Øyen.

Han er fylkesleiar i Politiets Fellesforbund, og påpeikar at situasjonen for politiet i Sogn og Fjordane er svært alvorleg.

Kan ikkje gripe inn

Tysdag fortalde justisministeren om rekordløyvingar i framlegget til statsbudsjett. 1,3 milliardar kroner skulle vere medisinen som friskmelder norsk politi.

Kor mykje pengar som går til politiet i Sogn og Fjordane, er førebels ikkje avklart.

Men Øyen er klar på at behovet er stort. Politiet veit om fleire tilfelle av narkotikasal, festar med dop involvert - og dei får tips om lovbrot - utan å ha moglegheit til å gripe inn.

- Motivasjonen daler

Samstundes står 14 politistillingar tomme i Sogn og Fjordane.

- Det er episodar der vi må avvise oppdrag grunna mannskapssituasjonen. Vi har rett og slett ikkje ressursar, seier Øyen.

Politiet har ikkje pengar til vikarar, overtid eller vedlikehald på utstyr og bilar. Utrykkingstida har blitt lengre, og motivasjonen i politikorpset har ei kurve med negativt fortegn.

Er heilt på grensa

Dag Øyen meiner det er viktig å gjere folk i fylket klare over situasjonen i politiet.

- Vi må sile oppdrag, og gjere ei nøye prioritering av det vi gjer, seier han.

- Men når er nok eigentleg nok?

- Vi nærmar oss faretrugande fort den grensa, seier fylkesleiaren.