Hopp til innhold

- Alvorleg for norsk fotballtipping

– Når kampfiksing no dukkar opp også her i Norge kan det få folk til å kutte ut tippinga. Dermed vil inntektene til norsk idrett gå kraftig ned, seier direktør Atle Hamar i Lotteri- og stiftelsestilsynet.

Atle Hamar

REDD FOR TILTRUA: Direktør Atle Hamar i Lotteri- og stiftelsestilsynet.

Foto: Aas, Erlend / SCANPIX

Hamar seier at når nordmenn tippar så er det i tiltru til at alt går ærleg for seg. Når det no er mistanke om at også norske fotballkampar er utsette for kampfiksing så vil denne tiltrua bli svekt.

– Dette kan bli alvorleg for norsk fotballtipping, for vi er avhengige av at vi som tipparar kan vere sikre på at ein kamp blir riktig og rettferdig gjennomført. Dette kan undergrave tilliten til fotballtippinga og fotballoddsen.

Søndag vart 1. divisjonskampen mellom Ull/Kisa og HamKam utsett på grunn av mistanke om kampfiksing. Det er og mistanke om kapfiksing i 2. divisjonskampen mellom Follo og Østsiden, der Follo leia 3-0 til det var att 25 minutt, men Østsiden vann til slutt 4-3.

Mindre inntekter til idretten

Dersom fok misser tiltrua til at alt går rett for seg blir resultatet mindre tippeinnsats og dermed mindre inntekter til norsk idrett og kultur, seier Atle Hamar.

– Fotballtipping og fotballoddsen er mellom kjernespela til Norsk Tipping og har vore med på å gje gode inntekter til norsk idrett og kultur. Difor er det essensielt at norske fotballkampar blir spela utan fiksing med økonomisk insentiv for fotballspelarar.

Idretten må sjølv ta tak

– Kva rolle kan Lotteri- og stiftelsestilsynet ha i ein slik situasjon?

– Vi kontrollerer, fører tilsyn med og regulerer pengespel i Norge, herunder også fotballtippinga. Spørsmålet om kampfiksing må idretten sjølv ta tak i, men vi er nøydde til å ha ein dialog med idrettsforbundet og fotballforbundet om korleis norsk fotball blir gjennomført dersom dette skulle auke i omfang.

Video Var det egentlig selvmål

DØME PÅ KAMPFIKSING?15. mai 2011 sleiva den italienske spelaren Andrea Masiello ballen inn i eige mål. Han vart etterforska for kampfiksing.

Foto: Nyhetsspiller

Kampfiksing har i fleire år vore eit aktuelt problem i Italia og enkelte andre land. Ein storklubb som Juventus måtte finne seg i å bli flytta ned i divisjonssystemet på grunn av dette problemet. Direktør Atle Hamar seier kampfiksing kan seie noko om utviklinga av moralen i eit samfunn.

– Det går iallfall an å stille eit slikt spørsmål. No er det viktig at styresmaktene og idretten set seg ned og diskuterer kva tiltak som må til for å kome dette problemet til livs.

Tema i Singapore

Hamar fortel at kampfiksing er eit tema som blir diskutert internasjonalt mellom dei organa som regulerer pengespel. Dette blir eit hovudtema når dei internasjonale pengespeltilsyna møtest i Singapore i oktober. Saka blir førebudd av det engelske tilsynet. I England har kampfisking vore eit heitt tema i det siste.

Robert Endestad

IKKJE DISKUTERT: Leiar Robert Endestad i Sogn og Fjordane Fotballkrets.

Foto: Vegar Erstad / NRK

– Kom brått på

I Sogn og Fjordane Fotballkrets har kampfiksing ikkje vore diskutert, seier leiar Robert Endestad.

– Dette kom brått på. Men eg har gjort meg mine tankar og lurt på når kampfiksing dukkar opp i norsk fotball.

Han har ikkje indikasjonar på at noko slikt kan ha skjedd med lag frå Sogn og Fjordane. Kampane i 3. divisjon er med på Fotball-oddsen.

– Men uansett er det grunn til uro dersom dette skulle gå ut over tiltrua til norsk fotball og fotballspela. Difor er eg glad for at det ser ut til at vi har eit system som fangar opp kampfiksing.