Han ber no statsråden kalle inn til nytt føretaksmøte for å ordne opp i tilhøva rundt Lærdal sjukehus.
Her kan du lese pressemeldinga frå Knut O. Aarethun:
"Revisorrapporten vedr. innkjøpa til ortopediklinikken i Lærdal er no offentleggjort. Etter Ordførarens syn viser rapporten at det er all grunn til å stilla spørsmålet om Helse Vest stogga Statsrådens foretaksmøte den 29.09.06 på sviktande grunnlag.
Revisorrapporten peikar på systemsvikt i administrasjonen i Helse Førde, og kritiserer med rette at ikkje helseforetaket har klart å rydda opp i dette langt tidlegare. Det er forstemmande å registrera at administrerande direktør i Helse Førde i radiointervju skyv dette ansvaret nedover i organisasjonen.
Rapporten dokumenterer at både innkjøpssjefen i Helse Førde og innkjøpssjefen i Helse Vest sidan hausten 2004 har visst om innkjøpa til ortopediklinikken. Rapporten dokumenterer også at helseforetaka heile tiden har visst kva type utstyr som vert nytta ved klinikken.
Det er difor uforståeleg at Helse Vest dagen før statsrådens føretaksmøte i all hast måtte setja i verk ei gransking.
Det alvorlege i denne saka er at alle er blitt feilinformert. Då Helse Vest stogga statsrådens foretaksmøte, visste dei tydelegvis ikkje kva som stod i deira eigne avtalar. Det framgår både av pressemeldinga til Helse Vest og revisorrapporten som no ligg føre.
Eg må minna om at Ortopediklinikken og overlegen i landsdekkande media vart skulda for hemmelege innkjøp og mistanke om personleg vinning. Alt dette kokar no ned til systemsvikt i innkjøpsrutinane i Helse Førde, og to innkjøpsavdelingar som har visst om innkjøpa i to år.
Ordføraren oppmodar no Statsråden til å kalla inn til nytt foretaksmøte, og ta dei grepa ho finn naudsynt.
Lærdal, 16.10.2006
Knut O. Aarethun, ordførar"