Hopp til innhold

Vi lagrar meir og meir på nett. Men få veit kva som skjer når du døyr

Vi strør rundt oss med informasjon og bilete på Facebook, bloggar og andre nettstader. Ekspertar meiner folk bør lage seg eit digitalt testamente.

Reidun Koksvik

Reidun Koksvik er aktiv på nett og har tenkt å informere dei næraste om kva ho har av kontoar på nettet.

Foto: Montasje

– Eg har byrja å tenkje tanken på kva skal skje med det eg har på nettet, men ikkje fullført den, seier Reidun Koksvik.

Ho er mellom mange av oss som har lagt att mange spor på internett: Vi har Facebook-profilar, bloggar og andre sosiale medium. I tillegg finn er det mange som lagrar bilete og andre dokument på serverar rundt om i verda.

For det er ikkje lenger sjølvsagt å ha fotoalbum i hylla og negativa i ei eske.

Men kvar skjer eigentleg med alt dette når du døyr? Kva kan arvingane få tilgang til – og korleis kan dei vite kva du har lagra rundt omkring?

I mange familiar er det kanskje berre kona eller mannen som har styr på familiebileta. Då er det lurt å vite korleis den andre kan få tilgang dersom ho eller han blir åleine att.

Har tenkt tanken

Ei av dei som har tenkt tanken er 61 år gamle Reidun Koksvik frå Naustdal. Ho jobbar ved biblioteket i Førde, og er i tillegg lærar for SeniorSurf. Ho er aktiv på nett og har forskjellige kontor på verdsveven.

– Eg har ei side der eg har lagra alle kontoane mine og passorda, og no har eg tenkt å skrive ut den sida og leggje den ein stad i heimen og informere dei næraste om at eg har gjort det.

– Tykkjer du det er rart å tenkje på dette?

– Eg er ein ganske realistisk person, som dersom eg høyrer ein fin song, tenkjer at den hadde vore fin å ha i gravferda mi. Så den tanken er ikkje framand for meg. Eg har av og til tenkt på det når eg har vore i eit filosofisk hjørne, seier ho.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Studentane ser behovet

Lise Vassmoen

STARTA LEGADE: Forretningsutviklar Lise Vassmoen i Legade vil hjelpe folk med digitale dødsbu.

Foto: Privat

Lise Vassmoen i Legade har sett behovet for å hjelpe folk med digitale dødsbu. I januar 2011 starta ho og tre andre NTNU-studentar eit prosjekt som skal hjelpe folk med å finne ut kva som ligg igjen på nettet etter at nokon har døydd.

Dersom ein person døyr, kan dei pårørande komme med e-postadressene til den avdøde.

– Vi sjekkar på 50–100 faste nettstader, avhengig av alder på personen. Vi har ulike mailkontoar, sosiale nettsider, biletsider, nettsjekkingssider og litt andre ting som dropbox og andre stader der du kan lagre info på internett, seier ho.

Ho seier at eit slikt dødsbu kan delast inn i tre hovudkategoriar; den sentimentale, den økonomiske og den personlege delen. Finn Legade ut at personane har ein konto, kan dei hjelpe pårørande med å få ut informasjonen.

– Vi kan hjelpe til med å hente ut bilete, økonomiske verdiar eller berre slette kontoar dersom det er ønskeleg. Det er dei etterlatne sit val, men vi er også sjølvsagt avhengige av nettsidene og deira velvilje.

For dei som ikkje har skrive testamentet

Dette er ein annleis teneste enn til dømes My WebWill der folk medan dei lever, kan lage konto med informasjon om kva konti og nettsider dei er på, passord og kva som skal skje med dette når dei døyr.

– Vår teneste er til pårørande der den døde ikkje har brukt slike tenester, og det er vel dei fleste, seier ho.

Legade får aldri ut passord og kjem seg ikkje inn på konti, men skal vere ein kommunikasjonskanal mellom nettaktørane og arvingane til den døde personen.

For medan til dømes Facebook har greie reglar når nokon døyr, er det andre som har meir kompliserte prosedyrar.

– Men vi har ein nærare kontakt med nettaktørane, som gjer at vi får dei til å gjennomføre det som dei pårørande ønskjer.

Har tenkt å leve av det

Ho og medstudentane ser ein aukande marknad for tenesta deira.

– Definitivt, for det dette kjem til å bli eit aukande problem. 50 pluss-generasjonen er den generasjonen som har størst vekst på internett, og Facebook spesielt. Vi vil ta tak i dette området allereie i dag, før det blir eit problem, seier Vassmoen.

Ho meiner det er mykje upløgd mark når det gjeld pengar som står igjen på spelkontoar og musikktenester.

Eurofoto

Bilete

LAGRAR BILETA EKSTERNT: Mange folk lagrar både bilete og dokument hos forskjellige selskap.

Foto: Skjermdump

Ved Eurofoto på Sandane tilbyr dei kundane sin å lagre bileta. Avdelingsleiar Rolf Egge seier at der dei får dokumentasjon på at ein person er død, så vil arvingane få ut brukarnamn og passord.

– Då gir vi ut informasjon til dei som disponerer buet, for her ligg jo i mange tilfelle familiebilete som mange vil ha glede av. Så dersom dei etterlatne veit at det finst ein konto, så gir vi dei tilgang. Vi ser ikkje forskjell på ein konto hos oss og ein bankboks med bilete og negativ.

Sjølv om dei ikkje har mange slike saker i løpet av eit år, trur han det er ei problemstilling som kjem til å auke.

– Folk bør sikre seg ved å fortelje kvar biletkontoane er. Det er også lurt å ha bileta på ein datamaskin og ekstern harddisk. I den digitale verda er bileta sårbare, så det er lurt å leggje dei mange stader, seier Egge.

Reiser ein del problemstillingar

Lars-Henrik Paarup Michelsen

DATATILSYNET: Lars-Henrik Paarup Michelsen i Slettmeg.no hjelper folk som vil ha fjerna kontoar og nettsider etter folk som har døydd.

Foto: Hans Fredrik Asbjørnsen

Prosjektleiar Lars–Henrik Paarup Michelsen ved tenesta slettmeg.no hos Datatilsynet seier at tenester som My WebWill og Legade reiser ein del problemstillingar som ein ikkje har tenkt på før.

– Mange nettsider og e-postadresser vil forsvinne etter ei stund dersom det ikkje er aktivitet. Men det kan liggje bilete og viktige dokument, noko som blir meir og meir vanleg å lagre på nett, seier han.

– Difor kan det vere lurt å forhøyre seg om kor slikt ligg i den digitale verda. For vi går mot ei utvikling der ein lagrar mindre heime og meir ute i den digitale verda, legg han til.

Stoppa trekk frå sjekkeside

Paarup Michelsen seier han er overraska over kor tidleg folk tek kontakt med slettmeg.no for få fjerna spor etter at nokon har døydd.

Om lag fire prosent av totalt nesten 5000 førespurnader i år, er spørsmål om å slette informasjon etter folk om har døydd.

– Vi hadde eit døme med ein e-post-konto der det låg viktig informasjon som andre trengde, og då måtte det sendast ein del informasjon til USA. Etter ei stund fekk kollegaene det dei trengde tilsendt på ein CD, seier han.

– Ei anna problemstilling er når personar som har administrert ulike sider på nettet går bort og det ikkje er andre som har tilgang. Vi har også fått spørsmål frå arvingar der dei ikkje forstod kvifor det blei trekt ein viss sum frå kontoen kvar månad. Det viste seg å vere ei sjekkeside, og vi fekk stoppa dette trekket, fortel Paarup Michelsen.

LES OGSÅ: Berre tre av 26 ordførarar på twitter

– Folk bør tenkje på dette

Personvernet gjeld levande personar, så slettmeg.no har vore borti tilfelle der det har vore vanskeleg å få fjerna bilete som viser den døde dersom pårørande ønskjer det.

– Men det er ikkje alltid dette skjer, fordi døde personar ikkje har same rett til personvern. Mange selskap og nettsider vil halde seg til lova og fjerne minst mogleg.

Paarup Michelsen meiner folk må tenkje på kva som skal med deira digitale dødsbu.

– For kva skal skje med all informasjonen som ligg ute? Mange er kanskje opne om kva skal skje med hytta, båten og huset. Eg trur at utviklinga går i retning kva skal skje med bileta som er lagra, og kontoar rundt omkring og sosiale medium.

– Dette bør folk tenkje gjennom

Gisle Hannemyr

FORSKAREN: Gisle Hannemyr meiner det er lurt å tenkje over kva ein vil skal liggje etter seg på nettet etter ein er død.

Foto: Anne Linn Ensby / NRK

Forskar Gisle Hannemyr ved Institutt for informatikk ved Universitetet i Oslo, ser marknaden for ei teneste som Legade, men meiner også at folk bør sikre seg sjølv ved å fortelje dei næraste om kva kontoar som finst.

– Nokre er ivrige på å slette alle spor etter den som har gått bort, medan andre vil ha eit evig liv i cyberspace. Her vil det vere stor skilnad frå person til person, og frå pårørande til pårørande. Juridisk sett vil det vere arvingane som har rett på det som ligg igjen, men det er ikkje sikkert dei veit kva som finst.

Hanemyr meiner dette er noko folk bør tenkje gjennom medan dei er i live, om kven som skal ha tilgang til nettkontoar og nettsider og kva som skal skje med det.

– Det er viktig å vere i forkant og lage ei oversikt over nettstader, brukarnamn og passord til dei pårørande og leggje dette på ein stad der dei kan finne den. Særleg dei som har eit aktivt liv på nett og er svært synlege der, bør tenkje over kva som skal liggje att etter dei, seier han.

Trur venninnene kjem til å pratast

På biblioteket i Førde er Reidun Kongsvik klar på at dette er noko ho og andre bør tenkje over.

– Eg trur i alle fall at eg og familien vil diskutere dette. Eg trur også det er noko eg vil snakke med venninnene mine om, om det er noko dei har tenkt på. Det er i alle fall eit viktig tema, meiner ho.