– Ein har allereie løfta ut ein del av lokaldemokratiet til andre forum. Blir det meir av dette, så kan ein stille spørsmål ved kva som blir att av lokaldemokratiet, seier rådmann i Hyllestad, Bente Nesse.
Den vesle kommunen i Sogn er ein av fleire som i samband med kommunereforma også har greia ut konsekvensane av å halde fram som eigen kommune. Der blir det påpeika det same som i Askvoll, Gloppen og Aurland.
– Vi har allereie diskusjonar med Eid om felles landbrukskontor og skatteinnkrevjing, og eg er sikker på at vi vil gå saman om fleire tenester om vi ikkje blir slått saman, seier rådmann i Gloppen, Jan Kåre Fure.
- Les også:
- Les også:
Uroa for konsekvensane
Samarbeid mellom kommunar har pressa seg fram i dag fordi det blir stilt strengare krav til oppgåver innan helse, omsorg og skule. Kommuneforskar i Telemarksforsking, Bent Aslak Brandtzæg, seier det går ei grense for når ulempa ved samarbeid blir større enn fordelane.
– Etter kvart som talet på interkommunale samarbeid aukar vil det verke negativt på politikarane sin sjanse til å ha styring og kontroll om oppgåvene dei samarbeider om. Det kan bidra til å svekke lokaldemokratiet, meiner han.
Liknande uro uttrykkjer rådmann i Askvoll, Håkon Loftheim. Der har dei i dag mellom 20 og 30 samarbeid med andre kommunar.
– Det er meir tungvint å ta avgjerder, for det krev gjerne likelydande vedtak i alle samarbeidskommunane, seier Loftheim.
- Les også:
Hyllestad får raudt lys på åtte punkt
Rådmennene som NRK har vore i kontakt med meiner kommunen deira leverer gode tenester i dag, men at framtida byr på utfordringar. I Gloppen trur rådmannen at drifta må tilpassast ein kvardag med lågare inntekter. I Hyllestad har rådmann Nesse sett på kommunen si evne til å stå åleine ut ifrå 10 kriterium, og brukt trafikklys-fargane for å vurdere.
– Slik eg vurderer det i dag, så har eg raudt lys på åtte av dei ti, seier Nesse.
Områda der ho ser store utfordringar i framtida er mellom anna økonomi, kapasitet, effektivitet, valfridom og rekruttering.
– Små kommunar har ikkje evna til å ha store fagmiljø, då må vi ha interkommunale samarbeid, seier rådmannen.
Forskaren meiner det er avgjerande at kommunane lagar gode system for å sikre godt samarbeid.
– I alle samarbeid må ein gje frå seg ein del makt og mynde for at det skal vere effektivt, og ein må styre på ein litt anna måte. System med eigarskapsmeldingar og rutinar gjev grunnlag for å følgje samarbeidet opp på ein god måte, understrekar Brandtzæg.