Hopp til innhold

- Aldri toppa lag

Trenaren for Skavøypoll synast det er frustrerande å aldri kunne stille med det beste mannskapet. Spelarane må prioritere jobb og skule.

- Det er frustrerande å aldri kunne stille med det beste mannskapet, seier Skavøypoll-trenar Vidar Sandal, før seriestarten i tredjedivisjon fotball.

Sandal har trena laget i ei årrekke, og han er lei av å aldri kunne stille med toppa mannskap.

- Nå er det fjerde sesongen eg går laus på i tredjedivisjon, og eg har enno ikkje opplevd å ha fullt lag, seier Sandal.

- Korleis er det å ha det slik?

- Det er frustrerande, for det er ikkje berre skader som er årsaka til fråværet blant spelarane.

Lite tid til fotball

Spelarar må ofte skofte kampar og trening på grunn av jobb og skule.

- Dei kan ikkje ta seg fri frå jobben for å spele fotball, og det fører blant anna til at vi har ein god del fråvær på både treningskampar, seriekampar og trening, seier Sandal. 

Ikkje aleine

Trenaren er overbevist om at resultata for laget hadde vore betre om dei kunne stilt med fullt lag oftare. Men Sandal vil ikkje sei at dei stiller svakare enn andre lag.

- Vi er sikkert ikkje aleine om dette. Det er klart det er frustrerande når du gjer deg tankar om korleis det kunne vore, men dette er sånn kvardagen er.