Antonsen har gjort det han kan, og varsla kommunen om at helsa har begynt å skrante.
Førebels er det ordføraren og fastlegen til Alireza som er orienterte.
- Dei må stille opp når dei ser at dette har gått for langt, seier Antonsen.
Fryktar for livet
Mottaksleiaren på Solbakken i Florø er redd for livet til Alireza Rahedi frå Iran. Rahedi har sveltestreika sidan 1. augst for å få den fengsla journalisten og politiske aktivisten Akbar Ganji lausleten.
Det er kommunen sitt ansvar å gripe inn dersom liv står i fare. Ingen kan tvangsfore nokon som ønskjer å sveltestreike, men dersom det står om liv, er det lov å tvinge.
Ordførar Bente Frøyen Steindal er klar over ansvaret til kommunen.
- Eg har forsikra meg om at fastlegen hans er orientert, og då reknar eg med at det er i orden, seier Steindal.
Hastar
Antonsen er i høgste beredskap. Situasjonen bør avklarast i løpet av denne veka, seier han. Og då håpar han at Alireza tek til fornuft.
- Eg kan ikkje gjere noko anna enn å prøve å få dei til å ta til fornuft og velje andre måtar å gje uttrykk for synspunkta sine på, seier Antonsen.