- Tryggleiken er svært viktig for oss alle saman. Det er viktig å ikkje skape falsk tryggleik, men det er òg viktig å ikkje skape frykt. Og det siste synest eg har skjedd i vesentleg grad
Fylkeslege Petter Øgar skuldar aksjonistane for å skape frykt. NRK-arkiv.
i den diskusjonen vi har vore vitne til, seier Øgar.
Lite nyansert
Det var på gårsdagens styremøte i Helse Førde at fylkeslege Petter Øgar sa dei mange sjukehusaksjonistane midt i mot. Øgar meiner at sjukehusaksjonistane i Nordfjord og Lærdal har skapt ei grunnlaus frykt hos folk. Han seier at tryggleiksargumentet har vorte nytta på ein lite nyansert og lite edrueleg måte. Kutta Helse Førde-leiinga har gjort går ikkje utover tryggleiken til dei som blir sjuke, seier Øgar.
Reisetida ikkje avgjerande
Aksjonistane har til dømes brukt lengre reisetid som eit døme på at helsetilbodet blir meir utrygt. Øgar er ikkje samd, og seier at dersom situasjonen er akutt, blir pasientar uansett frakta til Førde Sentralsjukehus eller Haukeland.
- Ved ein del tilstandar, særleg indremedisinske, er det viktig å kome raskt til sjukehus. Men vi skal framleis ha indremedisinske avdelingar ved alle sjukehusa. Men når det gjeld kirurgiske lidingar hastar det sjeldan, seier Øgar.