Hopp til innhold

- Aarethun bør ikkje ha tillitsverv

Ikkje alle i Lærdal arbeidarparti meiner Knut Aarethun er rette mannen til å ta over som leiar.

Knut O. Aarethun
Foto: Arne Eithun / NRK

- Knut Aarethun bør ikkje ha leiarverv eller andre tillitsverv i Lærdal arbeidarparti. Eg ber valnemda trekka framlegget om Knut Aarethun som ny leiar, og heller finna ein meir samlande kandidat, sa Aslaug Grøttebø før ny leiar i Lærdal arbeidarparti vart vald i går.

- Treng hoggestabbar

Årsmøte i Lærdal Arbeidarparti

Frå årsmøtet i Lærdal arbeidarparti

Foto: MMS- Simon Solheim / NRK

Aarethun var innstilt som ny leiar av velnemda på førehand, men hadde på ingen måte eit samla årsmøte i ryggen. 15 stemte for Hadle Blikra, som utfordra Arethun om leiarvervet . 21 stemte for Aarethun. Den tidlegare fylkesordføraren, lærdalsordføraren og no nybakte leiaren av Lærdal arbeidarparti tykkjer det er bra at ikkje alle er samde.

- I ei lita bygd så er det mange som likar den og ikkje den. Det har eg levd med som politikar i denne kommunen i førti år. Så eg veit det er godt å ha hoggestabbar når ein treng det, men også at det er godt å ringja til han Knut når folk treng hjelp. Eg skal gjera mitt beste for å sy partiet saman, og byggja bruer der det er nødvendig å byggja bruer. Ei strid er ikkje å forakta, og eit parti der alle bukkar og nikkar er ikkje noko greitt parti. Så me må tola å vera usamde, seier Aarethun sjølv.

- Hals over hovudet

Hadle Blikra

Hadle Blikra

Foto: Ida Brevik

Lærdalsordførar Arne Sanden gjekk på årsmøtet av som leiar i Lærdal arbeidarparti. Sanden signaliserte han kom til å trekkja seg då striden med rådmann Bent Arild Grytten var på sitt verste.

Sanden måtte tola hard kritikk frå kandidat Hadle Blikra for måten han har leia partiet på. Blikra tok ordet tidleg under årsmøtet, og heldt eit innlegg som var langt over 20 minutt der han kommenterte årsmeldinga i harde ordelag. Han hevda nærast av medlemmane i Lærdal Ap har vore ekskluderte i dei politiske prosessane.

- Viktige, kapitalkrevjande og ressurskrevjande saker vert fremja hals over hovudet i ein budsjettprosess, utan at medlemmane vert informerte og teke med på råd. Dette skal ikkje kunne skje i ein politisk organisasjon som arbeidarpartiet - eit parti med ei grunnhaldning som set medlemmane sine meiningar høgast av alt.

- Ikkje vonde kjensler

Arne Sanden

Arne Sanden

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Arne Sanden gav uttrykk for at han kunne tenke seg å halde fram som leiar av Lærdal Arbeiderpari. Han seier også at det er tydeleg at partiet er delt.

- Årsmøtet gav jo klart uttrykk for at det finst ulike meiningar om personar, og kva dei står for. Men slik er det jo ofte i eit lokalparti. Eg tykkjer det er greitt at det kjem fram i ein så klar tale som det gjorde her i kveld.

- Kva kjensler sit du att med no?

- Det er slett ikkje nokre vonde kjensler. Eg tykkjer absolutt me har hatt eit konstruktivt årsmøte, og har inntrykk av at medlemmane vil sjå framover.