NRK Meny
Normal

- Aabrekk kan hjelpe Sogndal no

Emberland treng hjelp for å få Sogndal ut av uføret, seier Sogndal-ekspert Jon Navarsete.

Harald Aabrekk og Karl Oskar Emberland

I førre veke vart det klart at Karl Oskar Emberland (t.h) blir avløyst av Harald Aabrekk (t.v) ved årsskiftet.

Foto: Ole Ramshus Sælthun / NRK

- I 2002 var me i ein liknande situasjon. Ingenting virka, spelarane var frustrerte og laget var ikkje i nærleiken av å fungere som lag. Då gjorde ein eit grep og henta inn Aabrekk for å snu ein trend. Eg kan ikkje seie om det er rett å gjere det same no, men det virkar som om ting er heilt fastlåst og at det ligg nokre spenningar der som må løysast opp, seier Sogndal-kjennar Jon Navarsete.

Les og: Uavgjort Skeid-Sogndal

Overtek snart uansett


Aabrekk skal overta etter dagens Sogndal-trenar Karl Oskar Emberland ved årsskiftet, og har vore flittig brukt i ulike redningsoperasjonar for skakkøyrde fotballklubbar. Både i Brann, Sogndal og Vålerenga har han vore med og fått laga på fote. Navarsete seier løysinga på Sogndal sin motgang ikkje nødvendigvis er Aabrekk, men at laget og trenarapparatet treng hjelp.

- Treng ei ny stemme

Jon Navarsete

Jon Navarsete tykkjer det var trist å sjå Sogndal mot Skeid på søndag.

Foto: Arve Uglum / NRK

- Kanskje det er ein ekstern person som kan gjera noko. Ein idrettspsykolog, ein trenar som kan kome inn og hjelpe eller berre ei ny stemme. Aabrekk har verkemiddela og har lukkast i liknande situasjonar tidlegare. Kanskje det kan vera noko å tenka på? For det var ikkje noko kjekt å sjå Sogndal mot Skeid på Bislett, seier Navarsete.

- Blindgate


Sogndal leia 1. divisjon klart til sommarferien, men har sidan kollapsa fullstendig. Tap mot Kongsvinger, Haugesund og Sarpsborg, og uavgjort mot botnlaget Skeid på søndag har sendt dei nedover på tabellen. Opprykket som virka relativt sikkert i sommar, er no heller lite sannsynleg.

- Det verkar som om me er ei blindgate, så det å få inn ekstern hjelp kunne kanskje fått oss ut av den vonde trenden me er i. Emberland har gjort ein god jobb, men i denne situasjonen trur eg Aabrekk heilt sikkert har noko å tilføre, seier Vidar Vadset, talsmann for supportergrupperinga Saftkokaradn.

- Ingen kommentar

Trenar Karl Oskar Emberland er også sportsleg leiar i Sogndal. Det vil seia at det er han som i første omgang avgjer om dei vil hente inn hjelp utanfrå. Han vil ikkje kommentera utspela frå Navarsete og Saftkokaradn enno, men seier klubben skal ha diskusjonar internt om kva som kan gjerast.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser