Hopp til innhold

- Å selje er å flagge ut

- Å selje til større eigarar er det same som å flagge ut heile Fjord1, seier nestleiar i styret i Fjord1, Harry Mowatt.

Harry Mowatt
Foto: NRK

Tysdag gjekk stortingsrepresentant Åge Starheim frå Frp ut og sa at Sogn og Fjordane fylkeskommune bør selje seg ut av Fjord1.

Mem det er ikkje Mowatt samd i.

 

- Eg hadde venta at ein tidlegare fylkestingsrepresentant som til og med var medlem i samferdsleutvalet var kjend med at Fjord1-konsernet er Noregs suverent største ferjeoperatør. Det at vi har tapt nokre anbod i det siste endrar ikkje det biletet.

- Folkevalde har for dårleg kompetanse

Åge Starheim grunngav sitt standpunkt med at kompetansen til dei folkevalde er for dårleg til å konkurrere mot store internasjonale aktørar innan ferjedrift.

- Eg trur at Fjord1 ikkje lenger er store nok til å ta opp kampen mot dei selskapa som er interesserte i å kome inn på marknaden, sa Starheim.

- Vi greier konkurransen

Dette er Mowatt grunnleggande usamd i.

- Vi konkurrerer i Noreg med norske sjøfolk, vi kjenner norske forhold, og vi har bevist at vi greier den konkurransen. Det å selje til utanlandske aktørar har så mange komplikasjonar med seg, både for dei tilsette og for lokalsamfunna at det vil dei fleste avstå frå. Dette er tradisjonelle Frp-standpunkt som blir grunngjeve med tradisjonelle Frp-slagord. Eg kan ikkje sjå at Starheim har kome med noko nytt inn i debatten som vi ikkje kjende før.