- Det var få bilar i Førde den natta. Vi var vel 4-5 bilar som køyrde rundt i sekstida om morgonen. På slutten stod vi ved Venezia. Først kom det ein rusa mann som skulle til Naustdal, men alle sa nei. Så kom det ein kar som ville til Angedalen.
- Korleis vil du skildre denne karen?
- Han var rusa, men ikkje overstadig. Han kom rett bak bilen til NN og stod framfor panseret mitt og spurde om vi kunne køyre opp mot Angedalen. Han fekk nei.
- Kva svarte han då?
- Han sa at då fekk han gå oppover.
- Kor mange meter klarte du å følgje han med augene før han runda hjørnet?
Tiltalte i rettssalen - teikna av Elin Fagertun og fantomteikninga av den såkalla haikaren.
- Kanskje 20 meter. Han sjangla ikkje spesielt. Han var ikkje overstadig rusa, slik eg oppfatta det.
På spørsmål om haikaren snakka rart eller snøvlete, svarte vitnet nei. Håret var rufsete, og han var skiten på buksa.
- Likskap
Vitnet har budd i Angedalen, så han ville kjent han om han var derifrå, men vitnet hadde ikkje sett han før. Teikninga vart laga to månader etterpå, og han vedgår at det var vanskeleg å hugse då teikninga vart laga.
- Det sit ein kar her, drar du kjensel på han?
- Eg meiner det er ein likskap. Eg beit meg merke i vikane, men han hadde ikkje briller. Eg meiner han hadde mørkare hår.
- Mengden hår då, spør aktor?
- Eg meiner det var likt.
Såg han ikkje igjen
- Fekk du inntrykk av at han skulle heim eller på besøk til nokon? Sa han noko om det? spurde forsvarar Ivar Blikra.
- Nei, det gjorde han eigentleg ikkje.
- Du har fått han teikna med bart. Hadde han meir hår i ansiktet?
- Nei.
Blikra påpeikte at vitnet ikkje hadde sagt noko om denne personen i det første politiavhøyret.
- På veg oppover Angedalsvegen, som de køyrde, såg de han igjen?
- Nei. Vi skulle vel sett han oppe ved Slåtten eller noko slikt, men vi såg han ikkje igjen i det heile.
Konfrontert med bilete av den tiltalte teke på Shell-stasjonen, seier vitnet at det stemmer slik han hugsar det. Men han klarte ikkje å seie kor sikker han er.