Vårens mest omtalte bilete vart kjøpt på ein hittegodsauksjon i Trondheim av ein jølstring. Tidlegare har det vore i eige hos ei kvinne i Florø, og før det igjen hang det på Havikbotn pensjonat i same by.
Meiningane om biletet har vore delte. Nokre har sagt at det godt kan vere ein ekte Astrup - andre har snakka om at det kan vere kunstmålaren Harald Seim frå Florø som har laga ein kopi.
Sjå «Priseld»-biletet og vurder sjølv (100 kb)
- Ikkje Astrup
- Dette er ikkje måla av Astrup, meiner Loge. (Foto: A. Nybø, NRK)
No har i alle fall landets største ekspert på Nikolai Astrup vore i Jølster for å sjå på det - og Øystein Loge meiner at det berre er ein prosent sjanse for at det er ein ekte Nikolai Astrup.
Sjølv om biletet for dei fleste av oss er veldig likt den kjende Jølster-kunstnaren - så er det for augo til Loge også mange ting som ikkje stemmer.