Marit Arnstad. Foto: Erlend Aas/Scanpix
Det seier parlamentarisk leiar i Senterpartiet, Marit Arnstad. Det blir bruk ti gonger meir på marknadsføring av kjøt og kylling enn fisk i Noreg. - Det er langt frå bra nok, meiner Arnstad.
Berre sju millionar
Noreg er ein kjøpesterk og attraktiv marknad med stort potensiale. Difor reagerer næringa på at så lite blir brukt på å marknadsføre fisken innanlands. Det er Eksportutvalet for fisk som er ansvarleg for marknadsføringa av fisk i Noreg, og dei brukar sju millionar kroner på dette. Til samanlikning brukar opplysningskontora for kjøt og kylling ca 70 millionar kroner på marknadsføring.
- På høg tid
Landbruket fekk sitt verdiskapingprogram for fire år sidan, og Arnstad meiner det er på høg tid at det og blir gjennomført på fisk, sidan erfaringane frå landbruket er svært gode.