Hopp til innhold

- 10-åringar kan kjøpe rottegift

Skadedyrkontrollen vil ha gift ut av butikkane.

Dagleg leiar i Skadedyrkontrollen Nordvest, Åge Juliebø, meiner det er for lett for folk flest å få tilgang til rottegift. Vassenden skule brukte gift då dei prøvde å ta knekken på mus på skulekjøkkenet. Dette reagerer han på.

LES OGSÅ: Ville du ete frukt herifrå?

- Håplaust

- Når eg skal tilsette folk i mi bedrift må desse vere autoriserte. Dei må ha gjennomført kurs og papira i orden. Då blir det litt håplaust å sjå at sjølv ein 10-åring kan gå i butikken for å kjøpe gift, seier Juliebø.

Juliebø viser til at Danmark har teke rottegifta ut av butikkane. Der må fagpersonell ta seg av skadedyra om ein skal nytte gift.

- Vi har nok å gjere uansett, så det går ikkje på det. Fagpersonell er betre skikka til å gjere slike oppgåver, spesielt der gifta kan komme i kontakt med mat og ungar, seier han.

Sterkare gift

- Vi har og sett døme på at gifta dei sel i butikkane er sterkare enn dei typane vi nyttar, seier han.

Juliebø fortel at mus er eit problem i dei fleste bygg.

- Musene kjem inn mange stader, og ingen bygg er tette. Dei treng berre 4-5 millimeter for å komme seg inn.