- I og med at Russland kjem til å tape veldig mykje sjølv på å stanse importen av laks, så trur vi dette vil ordne seg på ein fin måte. Truleg gjer russarane dette for å vise makt i forhandlingane om delelinje i Barentshavet, seier Hatlebrekke.
Skuldar på bly og kadmium
Russland stogga tysdag all import av norsk fersk laks frå 1. januar med den grunngjevinga at det er for mykje kadmium og bly i laksen. Dette har vore tilbakevist av det norske Mattilsynet. Hatlebrekke trur det ligg storpolitikk og taktiske omsyn bak importstansen.
Kan føre til store tap
Næringa har venta spent på kva russerane ville gjere med situasjonen. No er det fare for at det ikkje blir løyst opp i floken før over nyttår, og dermed kan det føre til store tap for oppdrettsnæringa.