NRK Vestland

Hopp til innhold

Siste nytt

  • Trafikkuhell på E39 ved Heiane på Stord

    Det har vore eit trafikkuhell på E39 ved Heiane på Stord. Vegen er open for trafikk og det er ikkje meldt om personskade. Brannmannskap frå Leirvik stasjon har rykt ut, og ambulanse er på staden, melder politiet.

    Trafikkulykke Stord
    Foto: Olav Røli
  • Luftrommet i Sør-Noreg opna igjen: Forseinkingar på Flesland

    Torsdag morgon hadde all flytrafikk i Sør-Noreg førebels stoppa opp. Stenginga ramma hovudsakleg Oslo lufthamn og Torp, men fleire flygingar frå Flesland var også påverka. Rett etter klokka halv ti melder Avinor at luftrommet er opent igjen.

    – Her i Bergen er det stopp i flytrafikken inntil dei tekniske problema er løystem, seier operativ sjef, terminal, Asbjørn Tolo til NRK.

    Ifølge Tolo er det tekniske problem i trafikksentralen i Røyken som skal vere årsaka. Utover det har han ikkje meir informasjon om når flytrafikken er tilbake som normalt.

    I morgontimane var fleire avgangar frå Bergen innstilte/forseinka, mellom anna fly som skulle til Frankfurt, Oslo, Stavanger og Trondheim.

    Tolo oppmodar passasjerar som skal reise frå Flesland om å møte opp som planlagt og følge informasjon frå flyselskapa.

    – Vi håpar at trafikken kjem i gang igjen om ikkje så altfor lenge, seier Tolo.

    Ved Florø lufthamn har to fly som skulle til Oslo, blitt forseinka. Det gjeld flygingane DX571 som opphavleg skulle gå klokka 07.15, men blei flytta til 08.15, og DX573 som skulle gå 10.30, men er flytta til 11.15.

    Ved Førde lufthamn er eitt fly som skulle til Oslo, innstilt. Det gjeld Widerøes flyging WF182 som skulle gå klokka 09.15. Det er førebels uklart om innstillinga er som følge av det stengde luftrommet.

    På flyplassen i Sogndal var eitt fly som skulle til Bergen forseinka med fem minutt, men elles går avgangane som planlagd.

    På Sandane lufthamn har det vore små forseinkingar på eit par minutt på avgangane til Oslo og Sogndal, men elles ingen fly som er råka.

  • Politiet har hatt fartskontroll ved Lyderhornstunnelen i Bergen

    Natt til torsdag gjennomførte UP fartskontroll ved Lyderhornstunnelen i Bergen i tidsrommet 22.30 og 00.30. Det ble skrevet ut ti forenklede forelegg. Høyeste hastighet var målt til 92 km/t.

  • Tre menn mistet førerkortet i Bømlo

    Flere ble tatt i fartskontroll på fylkesvei 542 i natt. I løpet av tre timer ble tre unge menn fratatt førerkortet på grunn av høy hastighet. Høyeste målte hastighet var 131 km/t i 80-sone.

Fleire nyhende