Hopp til innhold

Totaktsmotiv - som spørmål og svar

Kva er eit totaktsmotiv?

Olav Sataslåtten

Olav Sataslåtten

Foto: -ukjent fotograf- / NRK

Store delar av slåttestoffet både på hardingfele og vanleg fele er bygd opp av totaktsmotiv. Slåtten er då sett saman av fraser som strekkjer seg over to taktar, oftast konsekvent gjennom heile slåtten.Ofte gjev det meining å sjå på desse frasene som spørsmål og svar. Den første frasen, spørsmålet, peikar vidare, medan dei to neste taktane, svaret, har ein meir avsluttande karakter.

Vi skal sjå på to slåttar for å illustrere denne formoppbygginga. Dei er begge typiske eksempel på slåttar som er konstruert etter dette prinsippet. Fyrst ser vi på ein hardingfeleslått frå Hallingdal, springar etter Jens A Myro:

Denne oppbygginga med 2 + 2 takter held fram gjennom heile slåtten.

Den andre slåtten er ein springleik frå Gudbrandsdalen spelt på vanleg fele. Den har mange variantar, men her er Bessleiken med Hans W Brimi:

Denne oppbygginga med 2 + 2 takter held her og fram gjennom heile slåtten.

Ofte vil ein sjå at spørsmålsdelane blir repetert heilt identiske, som i springar etter Jens A Myro, medan svardelane oftare blir variert. I dei to eksempla her blir den første svardelen hengande litt i lufta utan nokon klar kjensle av å avslutte frasen, medan neste svardel har ein meir avsluttande karakter attende til tonika.