NRK Meny
Normal

Internett – folkemusikkens redning?

Internett og dagens digitale verd byr på heilt nye vilkår for spreiing av folkemusikk.

Kristine Wivelstad

Kristine Wivelstad

Foto: Rolf Myklebust / NRK

Etter 30 år med håplause distribusjonsproblem for folkemusikk og all annan ”smal” musikk på kassett, Lp-plate og etter kvart CD, har internett oppheva alle grenser for formidling både av informasjon, musikk og levande bilete.

Nettbutikkar og digital nedlasting har gjort det like enkelt å kjøpe siste plata til favorittspelemannen din som det er å kjøpe internasjonal popmusikk.

Mp3-spelaren og mobiltelefonar i alle variantar har gjort det enkelt å ta med heile musikksamlinga di i lomma.

Og med streamingtenestene Spotify og Tidal kan du høyre folkemusikk frå heile verda heile døgnet via den datamaskinen din.

Der kan du sjølvsagt også høyre NRKs eigen folkemusikkanal som sender døgnet rundt.

For ikkje å snakke om YouTube der du etter kvart kan fråtse i folkemusikk i alle variantar, og trass i varierande bilde- og lydkvalitet, faktisk får sjå favorittutøvarane dine også.

Dei nye sosiale media som til dømes Facebook fungerer som eit saumlaust og glimrande distribusjonssystem for formidling av informasjon om all denne musikken, som oftast med lenkje til ei streamingteneste eller til YouTube.

Dei siste 35 åra er det gitt ut eit utal innspelingar med folkemusikk av god kvalitet. Det meste av dette er å få på CD-plate. Nettbutikkane er løysinga for alle dei som ønskjer å ha CD-platene i hylla si og kose seg med innleggshefte, som regel stappfulle av verdifull informasjon om utøvarar og musikken som blir spelt.