Hopp til innhold

Framvekst av ei kulturell rørsle

Då innsamlinga av norsk folkemusikk tok til for alvor i 1840-åra var vi inne i ei sterk brytingstid i kulturlivet her i landet. Vi skal hugse på at Norge var ein ung nasjon.

Peder Knudsens barndomshjem i Vågå

Peder Knudsens barndomshjem i Vågå

Foto: Rolf Myklebust / NRK

Det var ikkje meir enn 25 år sidan 1814, då vi slapp laus frå 400 års union med Danmark. Den unge nasjonen var på jakt etter sin eigen identitet, sine eigne røter, og dei fyrste tiåra var sterkt prega av nasjonale straumdrag, med rot i den politiske frigjeringa.

Men rundt 1840 grodde det fram ei sterk romantisk åndsretning, i hovudsak inspirert av tysk romantikk. Dette skapte den perioden som seinare har fått namnet nasjonalromantikken, og som markerer sjølve gjennombrotet for ein sjølvstendig norsk kultur.

Den vesle norske kultureliten og den offentlege interessa vende seg mot alt som vart rekna som særleg norsk. Det gamle vokale tonestoffet og dei gamle feleslåttane vart ein slik «nasjonal skatt» som kunne dyrkast på og reknast som vårt eige.

LM Lindeman

LM Lindeman

Foto: Johannes Petter Lindegaard / Wikimedia Commons

Innsamlarar som L.M. Lindeman og andre samla inn og redda mykje verdfullt materiale for ettertida. Men den nye interessa for folkemusikken hadde og negative sider. Den førte med seg ei sterk romantisering av det gamle bondesamfunnet og bondekulturen.

Innsamlarane kom som regel frå dei øvre sosiale lag i byane, og deira haldningar til det «folkelege» hadde eit preg av avstandsbeundring. Dei interesserte seg mest for dei eldste musikalske formene og for visse bygdelag. Dei såg på folkemusikken ut frå sine eigne normer, med kunstmusikalske auge.

Trass i ei stor og ekte interesse for folkemusikken vart han aldri heilt akseptert før han kom inn i kunstmusikalske former.

Når det er sagt, skal ein ikkje gløyma at dei viktigaste kulturarbeidarane i den nasjonalromantiske perioden, diktarane, målarane og komponistane, gav avgjerande bidrag til den veksande nasjonale sjølvkjensla.

Arbeidet deira resulterte også i at folkemusikkutøvarane fekk ei grunnleggjande og ny forståing av si eiga rolle; som forvaltarar av ein nasjonal arv av stor betydning.

Folkemusikken har likevel levd sitt eige liv, på eigne vilkår heile tida, og faktisk meir eller mindre upåverka av musikksynet hjå den kulturelle eliten i landet. Folkemusikken har fyrst og fremst vore bruksmusikk, og dei som har hatt bruk for den, har alltids funne måtar å gjere dette på ut frå det som er praktisk mogeleg å få til.

Interesse for folkemusikken

Sidan tidleg på 1970-talet har folkemusikken og dansen levd på ei medgangsbylgje av positiv interesse som saknar sidestykke. Det er fleire årsaker til dette.

Gunnar Stubseid (Fanitullen, 1993) peikar på den anti-industrielle motkulturen i 1970-åra, som hadde sitt internasjonale utspring i studentopprøret i Paris i 1968. Dette studentopprøret representerte ein av dei mest omfattande kulturelle motreaksjonane på masse-kultursamfunnet i etterkrigstida, og fann si ytringsform i dei fleste land i den vestlege verda.

I Norge kom opprøret tydeleg til syne i samband med EF-kampen og folkerøystinga i 1972. Den folkelege kulturen kom i høgsetet hjå store ungdomsgrupper.

«Folkemusikk, folkedans, bunader og alt som høyrde til det ekte norske vart dyrka av grupper som i utgangspunktet hadde liten kontakt med Bygde-Noreg. Vi fekk store grupper av urban ungdom som reiste på kappleikar og stemner, gjekk på spel- og dansekurs, oppsøkte gamle spelemenn for å lære slåttar, og dei fann gjerne fram til tradisjonsområde som ikkje hadde så høg status tidlegare. Dette førte med seg ei stor tilstrøyming til kappleikar og stemner, ei utvikling som ein i 1950- og 1960-åra berre kunne drøyme om», skriv Stubseid.

Ein «folkeleg vind» bles over heile den vestlege verda. Ungdomsidol som f.eks. Bob Dylan flørta med folkelege musikktradisjonar, og i Norge vart svensk og irsk/britisk arrangert folkemusikk svært populær. Denne utviklinga berre akselererte utover på 1980-talet.

I dag er kunnskapen om, og respekten for folkemusikken større enn nokon gong før. Samstundes har dette ført til ei ny og sterk fokusering på lokalkulturen og dei lokale særdrag i musikken. Samarbeid mellom folkemusikkutøvarar og musikarar frå andre stilretningar har også auka respekten og interessa blant folk flest.

I dag opplever vi at verdskjende artistar kjem til Norge for å spela inn plate saman med norske tradisjonsspelemenn. Og tenk berre på samarbeidet mellom Jan Garbarek og Agnes Buen Garnås, Kirsten Bråten Berg og Arild Andersen, Hallvard Bjørgum, Jonas Fjeld og Eric Anderson, Bukkene Bruse, Sissel Kyrkjebø og Annbjørg Lien, for å nemne nokre.