Hopp til innhold

Folkemusikk frå Oppland.

Oppland er eit delt fylke når det gjeld folkemusikk. I Valdres spelar dei hardingfele, medan resten av fylket brukar vanlege feler. Langleikspel står og sterkt i fylket.

Folkemusikk fra Valdres

Folkemusikk fra Valdres

Foto: -ukjent fotograf- / NRK

Beskriv det du meiner er sentrale musikalske verkemiddel og stiltrekk i eksempla under:

Valdres

Ola Bøe (1910-1986) frå Vestre Slidre spelar hardingfele. Han vart rekna som ein framifrå dansespelemann.

Ola Bøe (1910-1986) frå Vestre Slidre i Valdres spelar hardingfele.
Rekna som ein umåteleg god dansespelemann.

Magni Karlberg og Olav Øraker dansar valdresspringar og Ola Bøe spelar hardingfele.

Magni Karlberg og Olav Øraker dansar valdresspringar og Ola Bø spelar hardingfele.

Olav Snortheim spelar langleik.

Jan Beitohaugen Granli spelar springaren Inderlen.

Ragnhild Hemsing spelar:

Torleiv Bolstad spelar:

Langleikmøte på Gjøvik , som er eit senter for bygging og spel på langleik i fylket.

Moguten, springar etter Andris Dahle. Anders Erik Røine spelar munnharpe.

Moguten, springar etter Andris Dahle. Anders Erik Røine spelar munnharpe.

Gudbrandsdalen.

Felespelaren Hans W. Brimi (1917-98) frå Vårdalen i Lom. Kjend for sitt vare og lyriske spel. Han spelte slåttar i lokal tradisjon og komponerte sjølv mange slåttar.

Felespelar Hans W. Brimi (1917-98) frå Vårdalen i Lom.
Spelemann kjent for sitt vare og lyriske spel. Han spelte slåttar i lokal tradsjon og komponerte sjølv ei meng slåttar.

Her møter vi 100 år gamle Gjendine Slålien som var ei av kjeldene til Edvard Grieg. Gjendines båndlåtskreiv Grieg ned på notar etter henne.

Her møter vi 100 år gamle Gjendine Slålien som var ein av kildene til Edvard Grieg. ''Gjendines bådnlåt'' skreiv Grieg ned på notar etter henne.

Pål Skogum (1921-1990) frå Lalm i Vågå spelar fele. Han var den eldste av sju brør som alle spelte fele. Han hadde eit stort slåtterepertoar.

Pål Skogum (1921-1990) frå Lalm i Vågå spelar fele
Eldste av sju felespelande brødre som alle spelte fele. Sat inne med eit stort slåtterepertoar.

Vågå Spelemannslag vart starta i 1952. Her spelar dei opp til springleik ute på vollen.

Vågå Spelmannslag vart starta i 1952. Er også i dag eit aktivt lag og har fleire plateutgjevingar bak seg, blant anna i samarbeid med Ytre Suløens jazzensemble.

Ola Opheim (1920-2003) frå Vågå spelar vanleg fele. Han var med på ei lang rekke plateinnspelingar og var og medlem i Oddvar Nygaards kvartett som vann Spellemannprisen første gong den vart utdelt i klassa Folkemusikk/Gammaldans i 1973.

Ola Opheim (1920-2003) frå Vågå spelar vanleg fele. Han var med på ei lang rekke plateinnspelingar. Han var medlem i Oddvar Nygaards kvartett som vann Spellemannprisen første gong den var utdelt i klassa Folkemusikk/Gammaldans i 1973.

Oddvar Nygaards kvartett. Opptak frå Øygardseter på Høvringen.

Selstreffen 1993. Tom Berg spelar Sjådalskarein av Oddvar Nygaard.