NRK Meny
Normal

Festivalar - kappleikar og stemne

Det er kappleikane, stemnene og festivalane som i fyrste rekkje er møteplassane for alle som høyrer til folkemusikkmiljøet i våre dagar.

Søndre Trondhjems Spellmannslag

Søndre Trondhjems Spellmannslag

Foto: Søndre Trondhjems Spellmannslag / Wikimedia Commons

Desse «samlingane» har på mange måtar overteke den rolla som marknadene hadde i gamal tid.

Tevlingar eller konkurransar i dans og spel har det vore til alle tider. Men som tidlegare nemnt vaks dei organiserte kappleikane fram for 100 års tid sidan.

Ein kappleik er rett og slett ei tevling i spel, song og dans. Konkurransane er inndelt i ei rekkje forskjellige klassar, etter alder, ferdigheiter og aktivitet. Prestasjonane på scena blir avvikla framfor eit dommarpanel, som ut frå retningsliner miljøet sjølve er vorte samde om, arbeider seg fram til resultatliste i dei enkelte klassane.

Landskappleiken er sjølve hovudmønstringa til FolkOrg. Den vert arrangert kvar sommar, og det er FolkOrg i samarbeid med eit lokallag som arrangerer.

Landskappleiken har utvikla seg til ei kjempemønstring. No er det vanleg at 1500 utøvarar stiller opp og konkurrerer i dei ulike klassane, og det samla publikumstalet ligg på ca. 12000 – 15000.

I tillegg har Landsfestivalen i Gammaldansmusikk vore arrangert årleg sidan 1986. Deltakarar her er spelemannslag, gamaldansgrupper og solistar på durspel.

Kvart år vert det arrangert ei mengd kappleikar over heile landet. I sommarhalvåret er det så mange stemne at du truleg kan reise frå kappleik til kappleik, utan å ha ei einaste helg fri frå midten av mai til slutten av september.

I tillegg har dei store folkemusikkfestivalane mykje å seia for både publikum og utøvarar. Den eldste av desse er Den norske folkemusikkveka, som har vore arrangert i Ål i Hallingdal kvart år sidan 1975.

Frå og med 1990 har vi også fått to internasjonale folkemusikkfestivalar.
Den mest kjende er Førdefestivalen i Førde i Sogn og Fjordane, og Telemarksfestivalen i Bø i Telemark.

Alle desse tre arrangementa får økonomisk tilskot frå stat, fylke og kommunar. Førdefestivalen har i tillegg status som knutepunktfestival.