Hopp til innhold

Den organiserte folkemusikkrørsla

1900-talet har vorte kalla organisasjonane sitt hundreår. Så også for folkemusikken. Landslaget for Spelemenn vart stifta i 1923. Då var det alt gått over 40 år sidan dei fyrste organiserte konkurransane, eller kappleikane, i utøving av folkemusikk hadde teke til.

Folkemusikk

Landslaget for Spelemenn Kappleik 1923.

Foto: -ukjent fotograf- / NRK

Hallingluren og dei fyrste leikane

Opptakten til det ein kan kalla ideelt friviljug arbeid for dei eldste musikk- og danseformene finn ein alt i 1870-åra. «Hallingluren» var namnet på eit lag som vart skipa i Hallingdal rundt 1875. Føremålet med dette laget var å arbeida for å halde oppe spelet på langeleik, lur og bukkehorn. Det var desse instrumenta som var mest «truga» på denne tida. Det var «Hallingluren» som arrangerte den fyrste kappleiken ein kjenner til, i 1881. Ein konkurranse i spel på det vi i dag kallar «eldre folkemusikkinstrument».

«Hallingluren» var forresten ikkje åleine om arrangementet. Solid støtte hadde dei frå Den Norske Turistforening, som engasjerte seg i liknande arrangement både i Hallingdal og Valdres i åra framover.

Den fyrste kappleiken i felespel vart halden i Bø i Telemark sju år seinare, i 1888. Etter kvart vart kappleikane meir og meir vanlege. Likeeins vart det skipa lag og organisasjonar som arbeidde for å fremja folkemusikken.

Sentralt her står den frilynde ungdomsrørsla, Noregs Ungdomslag. Det eldste spelemannslaget i landet er Laget for Folkemusikk (Lff) i Oslo. Det vart skipa i 1903.

Den fyrste offisielle Landskappleiken vart halden i 1923 i samband med at Landslaget for Spelemenn vart grunnlagt. Dette skjedde i Bergen. Sidan den gong har kappleikane i spel og dans alltid stått i fremste rekke i folkemusikkrørsla, både lokalt og sentralt.

Landskappleiken er den årlege hovudmønstringa i spel og dans og samlar tusenvis av utøvarar og publikum frå heile landet.

Landsfestivalen i Gammaldansmusikk er den andre store mønstringa. Her er det runddansmusikken, spelemannslag og gammaldansgrupper som spelar hovudrolla.
Begge dei to arrangementa er ambulerande, med ny arrangør og arrangørstad kvart år.

Landslaget for Spelemenn (LfS) har organisert lag og enkeltpersonar over heile landet som er aktivt engasjert i arbeidet med folkemusikken. Føremålet er å arbeide for å halde levande tradisjonane i spel, song og bygdedans, og arbeidsområdet er fyrst og fremst dei eldste musikk- og danseformene som det er tradisjon for i kvart distrikt.

Dei aller fleste spelemannslag, spel- og dansarlag og folkemusikklag i landet er medlemmer i organisasjonen.

Intern strid og FolkOrg

Midt på 1980-talet kom kravet frå store delar av vanleg feleområdet om at LfS skulle utvide arbeidsområdet sitt til også å inkludere runddansen, eller gammaldansmusikken. Dette førte til hard, intern strid i organisasjonen. Etter årsmøtet i 1986, då LfS vedtok å arrangere ein årleg Landsfestival i gammaldansmusikk, sprakk organisasjonen.

Utbrytarane tok namnet Norsk Folkemusikk- og Danselag (NFD). Trass i at dette aldri vart noko stort lag, organiserte dei svært mange av dei beste utøvarane, og var effektive og dyktige i politisk arbeid. Etter kvart som dei gamle stridstema bleikna og nye folk kom inn i styre og stell arbeidde LfS og NFD i praksis svært effektivt i lag.

I 2009, 23 år etter brotet, vart dei to organisasjonane samla att. På årsmøtet i 2010 fekk dei det samlande namnet Folkemusikk- og folkedansorganisasjonen i Norge, forkorta til FolkOrg.

FolkOrg er også utgivar av bladet Folkemusikk, inntil 2009 kjent som Spelemannsbladet, som snart er inne i sin 70. årgang. Bladet Folkemusikk er landets største fagtidsskrift for folkemusikk og -dans. Bladet er eigd av Folkemusikk- og folkedansorganisasjonen i Norge, men er frittståande. Bladet kjem ut med fem nummer i året, og har fast tilsett redaktør.

FolkOrg administrerer også andre aktivitetar. I tråd med profesjonaliseringa av folkemusikken har det vokse fram nye tiltak som markerer folkemusikken og dansen på nye måtar.

Bjørn Kåre Odde og Sivert Holmen Introfolkvinnere 2015

Bjørn Kåre Odde og Sivert Holmen Introfolkvinnere 2015 på Folkelarm på Riksscenen i Oslo

Foto: Leiv Solberg

Folkelarm er eit bransjetreff med mål om å marknadsføre folkemusikkartistar for den norske og internasjonale folke- og verdsmusikkbransjen. Folkelarm vart arrangert for første gong i Oslo i 2005, og har seinare blitt arrangert årleg. Arrangementet er eigd og administrert av Folkemusikk- og folkedansorganisasjonen.

Folkelarm er også arena for dei årlege Folkelarmprisane, mellom anna kåringa av Årets Folkemusikkartist.

Norsk folkemusikkformidling (NFF) vart etablert som eiga verksemd under NFD i 1992. NFF har som mål å:

  • gjere folkemusikk- og dans i Norge kjend og etterspurd nasjonalt og internasjonalt,
  • drive vidareformidling av utøvarar på bakgrunn av etterspurnad, særleg med utgangspunkt i utøvarkatalog og nettsider
  • arbeide for eksport av folkemusikk- og dans
  • satse på utvikling av utøvarar innan folkemusikk- og dans gjennom å tilby desse bransjekunnskap og rådgjeving
  • samarbeide med sentrale aktørar nasjonalt og internasjonalt, samt arbeide for å styrkje og vedlikehalde nettverket av relevante kontaktar
  • samarbeide med andre institusjonar om å styrkje formidlinga av folkemusikk og folkedans

INTRO-folk – årets unge folkemusikarar er eit lanseringsprogram for unge, lovande folkemusikarar, der det overordna målet er å styrkje norsk og samisk folkemusikk. INTRO-folk kårar ”Årets unge folkemusikarar” i løpet av sommaren.
Med INTRO-folk vil ein skape ein arena der utvalde unge folkemusikarar får utvikle seg som kunstnarar og får røynsle i formidling av folkemusikk på eit høgt nivå. Gjennom semifinalar, finale og lansering på førande festivalar kan eit breitt publikum verte betre kjende med dei som musikkutøvarar.

Riksscene for nasjonal og internasjonal folkemusikk, joik og folkedans (Riksscenen) er ein ny nasjonal møteplass for folkemusikk i alle fasettar. Riksscenen held til i eit tilpassa nybygg i gamle Schous bryggeri nederst på Grünerløkka i Oslo, og er ein del av Schous kulturbryggeri. Offisiell opning var i september 2010.

Riksscenen er ei stifting etablert i 2007 av dei fire nasjonale utøvarorganisasjonane Juoigiid Searvi, Landslaget for Spelemenn, Norsk Folkemusikk- og Danselag, Noregs Ungdomslag og Samspill International Music Network.