Hopp til innhold

Brukarrettleiing 2019

Sett av tid til BlimE-opplegget måndag-torsdag i veke 36.
Vi foreslår å starte dagen med opplegget, eller gjere det rett etter storefri.

Opplegget
Det er fire program for 1.- 4.trinn og fire for 5.- 7.trinn.
Kvart program inneheld eit videoklipp frå NRK Super og ein powerpoint.
Powerpoint med spørsmål finst på bokmål, nynorsk og samisk.

Skap gode samtaler
Start med å vise dagens film som ligg øvst i nettsaken. Deretter går de gjennom spørsmåla i powerpointen. La elevane reflektere i fellesskap. Rettlei dei med oppfølgingsspørsmål om samtala stoppar opp. Kva for tankar sit dei med? Kva meiner dei om innhaldet i filmen?

Legg til rette for at elevane får sagt det dei meiner på den måten som høver for dei. Om nokre av svara virkar egoistiske eller kyniske, spør meir. Kanskje de beveger dykk inn i noko ekte som må tas på alvor i og kan jobbast med utover BlimE-veka.

Lukke til!

----------------------------------------------------------------------------------------

1. – 4. trinn

MÅNDAG - «Å BLI VENER»
Måndag 1.- 4.trinn
Denne har også «Rollespelversjon» nedst i powerpointen.
Varigheit 15-30 minutt.

TYSDAG - «Å SEIE FRÅ»

Tysdag 1.- 4.trinn

ONSDAG - «DÅRLEG GJORT»

Onsdag 1.- 4.trinn
Denne har også «Rollespelversjon» nedst i powerpointen.
Varigheit 15-30 minutt.

TORSDAG - «Å FØLE SEG UTANFOR»

Torsdag 1.- 4.trinn
Denne har også «Rollespelversjon» nedst i powerpointen.
Varigheit 15-30 minutt.

----------------------------------------------------------------------------------------

5. - 7. trinn

MÅNDAG - «Å INKLUDERE»

Måndag 5.- 7.trinn

TYSDAG - «BAKSNAKKING»

Tysdag 5.- 7.trinn

ONSDAG - «Å SEIE FRÅ»

Onsdag 5.- 7.trinn

TORSDAG - «INNHALDET I SONGTEKSTA»

Torsdag 5.- 7.trinn

FREDAG - ALLE DANSAR BLIME-DANS
Fredag 1.- 7.trinn