Kjære lærar!
I år arrangerer NRK Super vennskapskampanjen BlimE for 10. gong. Vi er så glade for engasjementet BlimE-dansen skapar rundt i landet, og vi vil prøve å gå endå djupare ned i materien.
Mange barn opplev at kvardagen på skolen ikkje er så lett. Det sårar når dei ikkje har nokon å leike med, eller når medelevar slenger stygge kommentarar etter dei utan at dei vaksne oppdagar det. Forsking syner at om ein involverer elevane aktivt i arbeidet mot mobbing, blir det lettare for dei å oppdage urett i sin eigen kvardag. Og dei blir tryggare på kva dei skal gjere når dei eller nokon dei kjenner opplever det.
Difor har NRK Super, i samarbeid med Redd Barna, jobba fram eit skoleopplegg som du som lærar kan bruke for å få endå meir ut av BlimE-bodskapen. Gjennom samtale vil elevane lettare reflektere over eigne og andre sine haldningar, språkbruk og handlingar, og bli betre på å ta ansvar for at dei sjølve og klassekameratane deira har det bra.
Vi trur og håpar dette vil vera ein ypperleg mogelegheit til å snakke med barna om samspel og trivsel på skulen.
Til sist vil vi seie takk for at du valde å bli lærar. For at du tar barn på alvor og gir dei verktøy for å meistre både fag og liv.
I år er BlimE-dagen fredag 6. september. Skuleopplegget passar perfekt den veka!
Her finn du opplegget:
Beste helsing,
NRK Super