Er du ein USA-ekspert?

Kor godt kjenner du USA og den amerikanske presidentordninga?

3. november er siste dag amerikanarane kan røyste i deira 59. presidentval. Svara på dei 10 spørsmåla under er ikkje avhengig av valresultatet, så prøv deg alt no.

Programleiarane Rima Iraki og Ingvild Bryn i valstudioet i NRK, der dei snakkar om det amerikanske presidentvalet 2020
Foto: NRK

  • Kva er namnet på den første presidenten i USA?
  • I kva by ligg Det kvite hus?
  • Har USA hatt ein kvinneleg president?
  • Kva heiter visepresidentkandidaten til Joe Biden?
  • Kor mange statar er det i USA?
  • Kva er den mest folkerike staten i USA?
  • Dersom Joe Biden vinn valet, når overtek han som president?
  • Kor mange år kan ein amerikansk president generelt sitje ved makta?
  • Kva heiter presidenten som fekk Nobels fredspris i 2009?
  • Kor gammal må ein vere for å kunne bli president i USA

Desse, og fleire spørsmål, får du svara på i valsendinga 4. november. Då vert det Val Spesial retta mot ungdom, på NRK1 kl. 10:30-11:00.

Dagen etter valget i USA oppsummerer Ingvild Bryn og Rima Iraki valget. Fra kl 10:30-11:00 er sendingen spesialtilpasset elever i ungdomsskole og VGS.

Dagen etter valget i USA oppsummerer Ingvild Bryn og Rima Iraki valget. Fra kl 10:30-11:00 er sendingen spesialtilpasset elever i ungdomsskole og VGS.

NRK Skole

Eit vell av godt stoff om det amerikanske presidentvalet 2020 finn du på NRK Skole

Alt om presidentvalget i USA