I 26 år har det stått i lova at det skal skiltast på samisk der samisk er i bruk – og likevel finst det berre eit einaste lulesamisk stadnamnskilt i Noreg. Tida er overmoden for at Kulturdepartementet får slutt på ansvarspulveriseringa, og får skilta på plass.
NRK Sápmi har den siste tida synt oss kor vanskeleg det er og kor lang tid det tek å få til lulesamiske skilt i kommunar der dette burde vere sjølvsagt.
Sjølv om staten har registrert 57 lulesamiske namn der det finst norske skilt, og 25 av desse er godkjende for bruk, har det berre kome opp eit einaste stadnamnskilt.
- Les meir: Nyheiter om samiske skilt
Slik er det for alle dei samiske språka: Ting tek uhorveleg lang tid.
Og kvifor det? Jo, fordi prosessen med å få opp fleirspråklege skilt er planlaus, involverer enormt mange aktørar – og fordi ingen har eit hovudansvar for at skilta kjem opp innan rimeleg tid. Dette er kroneksempelet på ansvarspulverisering.
Dagens regjering snakkar mykje om effektivisering og samhandling i offentleg sektor. Gjeld ikkje denne handlekrafta for språka våre?
Løysinga
Norsk Målungdom meiner at løysinga på problemet er:
- Ein femårsplan for fleirspråkleg skilting med klåre mål
- Betre samarbeid mellom dei ulike statsetatar og kommunar
- At Kulturdepartementet tek hovudansvar for at stadnamnlova vert fylgt og skilta kjem opp
Kulturdepartementet har ansvar for stadnamnlova, og må her syne handlekraft.
Fleirspråkleg skilting er sjølvsagt alle stader der det finst både norske, samiske og kvenske namn. Det viktigaste argumentet for dette er ikkje at det står i stadnamnlova, men fordi det kan styrkje posisjonen til dei mindre brukte språka og gje språkbrukarane større språkleg sjølvkjensle.
Samisk og kvensk har vore nytta minst like lenge som norsk i desse områda, og det er rett og rimeleg at deira stadnamn er synlege.
– Er vilje
I sakene som har vore i NRK Sápmi den siste tida, er det eit positivt trekk: Alle aktørane er positive til å ha fleire samiske skilt. Dette syner at det er ein vilje til å få opp fleire samiske skilt, om Vegvesenet, Kartverket og kommunane får klåre signal om at dette må prioriterast.
Kvifor tek det då so lang tid?
Å rette opp i dette er ikkje gjort på ein dag. Men med samarbeid, klår ansvarsfordeling og ein god plan kan me kome i mål dei komande åra.