Åpnet splitter ny bru mot Russland

Ei ny bru mellom Norge og Russland vart i formiddag opna av samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen saman med sin russiske kollega Maksim Sokolov. Brua over Bøkfjorden i Sør-Varanger vart i tillegg velsigna av biskopen i den russisk-ortodokse kyrkja i Murmansk. Brua og eit nytt strekke av europaveg 105 har til saman kosta 830 millionar kroner. Sjølve brua er bygd i Tyskland og vart frakta på båt til Finnmark.