I enkelte elver er det snakk om ei tidobling av pukkellaks siden rekordåret 2019. Det bekrefter fiskeforvalter hos Statsforvalteren i Troms og Finnmark. I Munkelva i Sør-Varanger har man sålangt registrert 12000 pukkellaks i år, mot rundt 300 i 2019.
Fem personar vart tekne på fersk gjerning i å ha køyrd ulovleg på snøskuter i eit villreinområde på Vikafjellet. Det melder Statens naturoppsyn, SNO, som natt til torsdag var ute på kontroll. Dei fem blir politimelde, skriv SNO i ei pressemelding. Så langt i vinter har SNO politimeld 87 personar for ulovleg køyring, dermed bikkar talet no 92 politimeldingar.
– Ulovleg snøskuterkøyring i villreinområde er svært uheldig på denne tida av året, seier Ole Morten Sand, seksjonsleiar i Statens naturoppsyn (SNO). Han viser til at det er rett før villreinkalvinga, og dermed ekstra alvorleg med ulovleg motorferdsel.