Hopp til innhold

Hanef frå Syria: – Alt me ber om er tryggleik

I dag var det markering i Stavanger for å vise at flyktningane er velkomne. Fleire av dei som no bur på akuttmottaket på Hotel Alstor, deltok. Blant dei var Hanef Rasho og Mohammed Noor frå Syria.

Markering for flyktningar

Hanef Rasho og Mohammed Noor har begge flykta frå krigen i Syria. No bur dei på akuttmottaket på Hotel Alstor i Stavanger.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Då eg kom til Norge kjende eg meg trygg, seier Hanef Rasho.

Han har flykta frå krigen i Syria. Reisa gjekk først til Moskva, så til Murmansk, vidare til Kirkenes, før han til slutt enda opp på akuttmottaket på Hotel Alstor i Stavanger.

– Eg takkar Norge for at dei tek vare på meg. Eg har fått klede, og folk her har behandla meg og min familie veldig godt. Og det er eg veldig takksam for, seier Hanef Rasho.

I dag var han ein av om lag 150 menneske som deltok på ei markering, der målet var å visa at flyktningane som har kome til byen er velkomne.

– Eg synst det er veldig bra, seier Rasho om markeringa.

Har vist det beste og det verste

Fakkeltoget i dag gjekk frå Hotell Alstor til Stavanger Kunstmuseum, der var det fleire appellar. Ein av dei som heldt appell i dag var SVs Eirik Faret Sakariassen, som sjølv meiner det er viktig med ei slik markering no.

Eirik Faret Sakariassen held appell

Eirik Faret Sakariassen var blant dei som heldt appell i dag.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– I denne situasjonen har me sett både det beste og det verste i det norske folk. Me har sett dei som opnar hjarto sine, men me har og sett dei som spreiar hat, framandfrykt og som skapar utryggleik.

– Då er det viktig å visa at me er mange som meiner at dette kjem til å gå heilt fint, og at me har eit moralsk ansvar for å hjelpa folk som er på flukt, seier Sakariassen.

Artikkelen held fram under videoen

I Stavanger var det i dag fakkeltog for å ønske flyktningene velkommen.

SJÅ VIDEO: Om lag 150 menneske deltok i markeringa i Stavanger i dag, som hadde som mål å visa flyktningane at dei er velkomne.

Vil endra negative haldningar

Negative haldningar til asylsøkarane som kjem, var bakgrunnen for at Nye SOS Rasisme tok initiativet til markeringa i dag.

– Me vil visa flyktningane at me er glade for at dei er her, og me vil at dei skal veta at me ser på dei som likeverdige menneske, og at me ynskjer at dei skal bli inkludert i vårt samfunn, seier leiar i Nye SOS Rasisme i Stavanger, Nina Narvestad.

Hanef Rasho har også fått med seg at nokre er skeptiske, men sjølv meiner han at folk ikkje har grunn til å uroa seg.

– Me er gode menneske, me har ikkje gjort nokon noko vondt. Alt me ber om er at me skal få vera i tryggleik, seier Rasho.

Markeringen var et samarbeid mellom Nye SOS Rasisme Stavanger, Motmakt Stavanger, KIA, Muslimsk fellesråd Rogaland, Stavanger røde kors, Refugees welcome to Rogaland, Rogaland SU, Stavanger SV, Stavanger KRF, Sandnes Høyre, Sandnes KRF, Stavanger Venstre og Rogaland Arbeiderparti.