Hopp til innhold

Bombeliknande gjenstand var lysgranat

Ein bustad på Sviland i Sandnes blei evakuert, etter at guten i huset fann noko som såg ut som ein granat på ei fylling i nærleiken. No viser det seg at gjenstanden var ufarleg.

Granat

Denne gjenstanden viste seg å vera ein lysgranat, og dermed heilt ufarleg.

Foto: Ronny Hjertås

Natt til langfredag vart politiet varsla om at det låg ein bombeliknande gjenstand på ein eigedom på Sviland.

Det viste seg at guten i huset hadde funne gjenstanden på ei søppelfylling i nærleiken, og teke den med seg heim att og plassert den i hagen.

Det var tanta som varsla politiet.

Evakuerte bebuarane

Politiet reiste ut til staden, og vurderte det slik at det såg ut som ein granat. Dei valde då å evakuere bebuarane i huset som låg like ved.

– Huset som ligg nærmast granaten har me evakuert, fordi me ikkje er sikre på om dette er ein øvingsgranat eller ein skarp granat. Men me tar høgde for at granaten er skarp, og tar avgjerslane med tanke på tryggleik utifrå det, sa innsatsleiaren på staden, Sigmund Østrått, fredag morgon.

Politi på Sviland

Politiet hadde ein patrulje på staden som holdt vakt.

Foto: Ronny Hjertås

Ein oppbrukt lysgranat

Politiet i Rogaland var i kontakt med både bombegruppa i Oslo og Forsvaret, og ein representant frå Forsvaret si bombegruppe kom til staden litt før klokka ti fredag morgon.

– Han konstaterte at det var ein oppbrukt lysgranat, og dermed heilt ufarleg. Han tok med seg gjenstanden frå staden, seier operasjonsleiar i Rogaland politidistrikt, Tor Helge Stavik.

Dei evakuerte har no fått lov til å reise heim att.

Laster Twitter-innhold
Sviland