Hopp til innhold

Skandaleplattforma svaia så heftig at tunge skap flytta på seg

Sist gong olja skulle hentast ut frå Yme-feltet enda det med evakuering, skroting av ein heilt ny plattform og ein historisk milliardsmell. Nå er snart eit nytt forsøk i gang.

Ein gong svaia plattforma så mykje at eg blei bekymra.

Året var 2012 og arbeidarane ute på den splitter nye plattforma på Yme-feltet i Nordsjøen byrja å forstå at dette prosjektet umogleg kunne enda godt.

Ein av arbeidarane, som ikkje vil stå fram med namn på grunn av arbeidsgjevaren sin, fortel at han aldri har opplevd noko liknande.

På den mest dramatiske dagen gjekk det heftig føre seg. Han fekk inntrykk av at fleire andre arbeidarar også var urolege.

– Eg tenkte at det ikkje kunne stemma at plattforma skulle røra så mykje på seg. Svære lagringsskap med reservedelar, som kan vera fleire tonn tunge, hoppa ut av låsane sine.

Etter dette gjekk det ikkje lang tid før alle 140 arbeidarane blei evakuerte, for aldri å koma tilbake.

Den Abu Dhabi-produserte plattforma produserte aldri ein drope olje. Prislappen på det mislukka prosjektet var 12,6 milliardar kroner.

Yme-plattformen

Yme-plattforma stod lenge ubemanna ute i Nordsjøen.

Foto: Talisman

70 prosent norsk

Sju år seinare, i 2019, er det full aktivitet på verftet til Aker Solutions på Eigerøy i Eigersund kommune. Her er arbeidarane i full gang med det som skal bli neste forsøk på å få opp Yme-olja. Denne gongen med ei ny oppskrift.

– Me har lært av det som skjedde sist gong, seier Vidar Nedrebø, administrerande direktør i oljeselskapet Repsol Norge, som arva Yme-prosjektet då dei kjøpte opp oljeselskapet Talisman i 2015.

At arbeidet skjer nettopp her i Eigersund er ein viktig del av den nye planen deira.

– Det me har lært er å velja dei rette leverandørane og at me planlegg skikkeleg, seier Nedrebø.

Vidar Nedrebø

Administrerande direktør i oljeselskapet Repsol Norge på Aker Solutions sitt verft i Eigersund. Dei største kontraktane i det nye prosjektet er det Maersk Drilling sin organisasjon i Noreg, Kværner, Subsea 7 og Aker Solutions som har fått.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Derfor blir 70 prosent av prosjektet denne gong levert av norske leverandørar. Tar ein med norske avdelingar hos utanlandske leverandørar kjem ein på over 90 prosent. Det har ikkje vore aktuelt å sjå på verft utanfor Noreg, ifølgje selskapet.

– Me vil bruka trygge og gode leverandørar, som me har erfaring med. Dette for å sikra at me leverer den kvalitet som er forventa for ei utbygging på norsk kontinentalsokkel.

Slik var det ikkje sist gong.

Då var det i ørkenlandskapet i Abu Dhabi det meste av arbeidet gjekk føre seg. Det som skjedde etterpå kan samanfattast som ein gigantisk og langdryg skandale. Ein av dei største i norsk industrihistorie.

Yme i Abu Dhabi

Dette bilde er frå då Yme-plattforma blei bygd i Abu Dhabi. Då Repsol valde å satsa på Yme-feltet igjen, var det uaktuelt å gå til verft i utlandet.

Foto: Privat

– Plattforma laga ein intens hylelyd

For tolv år sidan presenterte oljeselskapet Talisman ein plan om å gjenopna Yme-feltet, som Statoil hadde stengt ned i 2001 etter seks års drift. Dei stengde ned på grunn av låge oljeprisar og produksjonsproblem.

Talisman tok imot heider, ære og ein pris frå Oljedirektoratet for at dei ville satsa på eit marginalt og modent felt, som andre ikkje såg verdien i.

Dei bestilte plattform frå selskapet SBM Offshore, som sette i gang bygginga i Abu Dhabi. I byggeperioden byrja problema. Det blei avdekt fleire feil og plattforma blei forseinka.

Likevel, i 2012 nådde plattforma Nordsjøen, og ho blei bemanna.

Arbeidarane om bord reagerte mellom anna på at plattforma svaia veldig mykje.

Dette er eitt av fleire opptak gjort av arbeidarar på Yme i 2012.

– Det var eit design som viste seg å ikkje vera godt nok. Det oppstod svingingar i plattforma og sprekkdanningar i fundamentet, seier Øyvind Midttun, kommunikasjonsrådgjevar i Petroleumstilsynet.

– Plattforma laga også ein intens hylelyd som følgje av svaiinga, fortel arbeidaren som NRK har snakka med.

Likevel var det berre den eine gongen, då skapa flytta på seg, at han var bekymra.

Evakuering

Så måtte altså alle personane om bord evakuerast.

– Me fekk beskjed om at ingen kunne garantera for levetida til plattforma, og at me derfor måtte av, seier arbeidaren.

Han fortel at han ikkje opplevde sjølve evakueringa som dramatisk.

Plattformen som blei skrota

Bilde tatt av Yme i 2012, ikkje lenge før evakueringa.

Foto: Privat

Ifølgje Vidar Nedrebø, som har jobba i Talisman, er det rett at evakueringa skjedde på grunn av tryggleiksspørsmål, som ikkje var avklart av plattformeigaren SBM Offshore.

– Eg trur personleg at hovudproblemet oppstod ved ferdigstillinga og sjølve installasjonen av plattforma. At dette slo feil førte til ei viss uvisse med tanke på strukturelle utfordringar, seier Nedrebø.

Etter evakueringa blei den nye plattforma ståande ubemanna, som eit spøkelseshus, ute i Nordsjøen i fleire år.

I 2016 blei han frakta til Lutelandet i Sogn og Fjordane der han blei skrota. Skrotinga kosta 2,43 milliardar kroner, og er i hovudsak finansiert av norske skattebetalarar.

I etterkant av skandalen har det vore uvisse rundt kven som skal betala kva, men nå i år tok Repsol og medeigarane imot den siste pengeoverføringa, som også blir sett på som eit endeleg punktum i saka.

Yme på veg på land

Her enda plattforma sine dagar. på Lutelandet i Sogn og Fjordane. Yme-prosjektet hadde ein prislapp på 12,6 milliardar kroner. Dagens eigarar av Yme-feltet har fått attende meir enn fem milliardar kroner i skattbar inntekt etter oppgjer med SBM og forsikringsselskapa deira.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

Ny produksjon om eitt år

Nå skal det brukast nye 8,2 nye milliardar kroner for å få opp olja som ligg under havbotnen på Yme-feltet. Repsol meiner det er mange gode grunnar for å ikkje gi opp feltet.

Hovudgrunnen er om lag 65 millionar fat olje.

– Med dagens oljeprisar vil både dei som nå sit på rettane til feltet og den norske stat tena veldig godt på Yme, sjølv om ein tar den feilslåtte Yme-utbygginga med i reknestykket, forsikrar Nedrebø.

Han vil gjera skandalehistoria om til suksess. Det som må til er at oljeprisen ikkje går under 40 dollar fatet, og at bygging og installering går etter planen.

For at dette skal skje, lener dei seg altså på norske leverandørar.

Maersk Inspirer hos Aker Solutions

Dei tre føtene til Maersk Inspirer, som blir gjort klar for Yme-feltet, er godt synlege frå store delar av Eigersund.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Arbeidsplassar sikra fram til neste sommar

Tilbake på Aker Solutions sitt verft.

Her ruver tre svære føter høgt opp i himmelen, som eit symbol på betre tider i Eigersund. Det er føtene til riggen Maersk Inspirer, som blir tilpassa dei nye oppgåvene sine ute på Yme-feltet.

For arbeidarane og byen kom denne jobben på eit svært gunstig tidspunkt, då stemninga ikkje var spesielt god i kommunen på grunn av høg arbeidsløyse.

– Me hadde permitteringar og gjorde tilbodsjobbar på grunn av oljekrisa, fortel prosjektleiar i Aker Solutions Tore Melhus, som er godt nøgd med at Repsol har valt å satsa norsk.

Nå skal det utførast i overkant av 500 årsverk i dette prosjektet, og fleire kontraktar har kome etter.

– Me har nå 25 prosjekt gåande, noko som betyr 1600 mann innanfor portane, 500 av desse er eigne tilsette. Brakke-campen er full, derfor har me fått på plass eit flytande hotell med 400 sengeplassar, seier Melhus nøgd.

Tore Melhus

Tore Melhus er prosjektleiar i Aker Solutions. Han fortel at det betyr mykje for heile regionen at dei har sikra seg fleire oppdrag den siste tida.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Dei er sikra god aktivitet heilt fram til neste sommar.

Leiar av leverandørselskapet IKM, Ståle Kyllingstad, har lenge vore ein markant talsperson for næringa, og ein pådrivar for at oljeselskap skal velja norske leverandørar. Han er svært glad for det han nå ser.

– Det er gledeleg at industrien vår viser seg å vera så konkurransedyktig. Det er viktig at me er bevisste på at dette kjem som følgje av kutt me har gjort, og at me held fram på nåverande kostnadsnivå slik at me også er konkurransedyktige framover, seier han.

Også firmaet hans har inngått eit samarbeid med Repsol om Yme-prosjektet.

Jobbing på Aker Solutions

Her er arbeidarar på Aker Solutions i Eigersund kommune i full gang med ein ny modul som skal plasserast på brønnhovudet ute på Yme-feltet.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Bruker restar frå skandaleprosjektet

Både riggen og ein ny modul til brønnhovudet, som blir laga i Eigersund, skal koplast på det som er att frå skandaleprosjektet ute på Yme-feltet.

Vidar Nedrebø forsikrar om at det er trygt å bruka desse installasjonane, som for det meste er under vatn.

– Sjølv om den førre plattforma ikkje verka, så er både brønnar og installasjonar på havbotn av tolig bra kvalitet. Me har brukt mykje tid og energi på å inspisere og verifisera at det er sikkert, seier Nedrebø.

Yme New Development

Slik skal Yme-feltet sjå ut når produksjonen startar. Den raude støttekonstruksjonen er ei ny forsterking på røyrslissa eller caissonen som står att frå skandaleprosjektet.

Enn så lenge har ikkje Petroleumstilsynet heller hatt noko å peika på i den samanheng.

– Etter vår vurdering er planane robuste, men dette er noko me fører tilsyn med gjennom ulike aktivitetar og innanfor ulike fagområde, seier Øyvind Midttun i Petroleumstilsynet.

Repsol sparer store pengesummar på å ta i bruk det som står att frå skandaleprosjektet.

– Me hadde to val då me tok over. Enten å bygga ut, eller å fjerne alle installasjonar ute på feltet. Hadde me valt det siste ville infrastruktur og brønnar til ein verdi av om lag fem milliardar kroner gå tapt for alltid, samstundes som utvinnbare reservar på 65 millionar fat olje hadde blitt etterlatne, slår Nedrebø fast.

Han står ute i godvêret mellom arbeidarar som går målretta til og frå arbeidsoppgåver. Han konstaterer at det denne gongen ser ut som om det meste går som planlagt.

Ved utgangen av mars 2019 er prosjektet 65 prosent fullført.

– Me skal installera ein del havbotnutstyr i løpet av sommaren, ein brønnhovudmodul i haust, før riggen etter planen kjem til feltet mot slutten av året. Andre kvartal 2020 satsar me på å vera i gang med produksjon. Men det står framleis mykje att, og me har ingen grunn til å slappa av ennå, seier Nedrebø.

Dermed ligg Yme framleis an til å bli det første oljefeltet på norsk sokkel som blir opna igjen, etter å ha blitt stengt.

Og arbeidaren, som blei evakuert, håper at det skal skje.

– Det er veldig bra og fornuftig at dei satsar vidare på dette prosjektet. Det er rett haldning å ikkje gje opp, seier han.