Skattejakt i Egersund
Foto: Mathias Oppedal / NRK

Jakta på barndomsskatten

For 50 år sidan blei det gøymt ein skatt under eit gamalt slakteri. Nå må den finnast før bygget blir jamna med jorda.

– Etter det eg hugsar, så skal den ligga der inne ein plass. Eg var sjølv med på å legga den der.

Gymlærar Ivar Urdal har tatt på seg arbeidshjelmen og er klar for å gå inn i det massive oransje betongbygget som ligg like ved togstasjonen i Egersund.

Under bygget er det eit virvar av gangar, spindelvev, bomberom og krypkjellarar med jordbotn.

Ein plass i denne labyrinten skal det ligga ein liten boks av metall. Kva den inneheld, er det ingen som heilt veit. Eller ... rettare sagt ... det er det ingen som heilt hugsar.

For boksen har vore gløymt i fleire tiår.

Vage minne

Det var i fjor haust at Urdal blei kalla inn til eit infomøte om at betongbygget i nabolaget hans skulle rivast.

På møtet kom det opp ein diskusjon der det kom fram at ingen var heilt sikre på om bygget stod på pålar, eller om det var plassert rett på grunnen.

– Det var då det slo meg. Eg visste jo faktisk at bygget stod på pålar. For eg var under der då eg var unge. Eg har jo gøymt ein skatt der, fortel Urdal.

Sjølv om minnet blei meir og meir tydeleg, så var det om lag femti år gamalt. Urdal var slettes ikkje sikker på om han kunne stola på sin eigen hukommelse.

– Eg hadde gløymt det heilt, men då Ivar ringde meg var det som om eg kunne hugsa at det var ein skatt, og at me gøymde den under bygget, som då var slakteri, seier Per Jørgen Overskeid.

Også han er nå på plass på parkeringsplassen. Her er også Bjørn Vigrestad, som var med på å gøyma skatten.

Ingen av dei hugsar kva skatten er, men dei synst også å minnast at det ikkje var alt i kista dei hadde skaffa seg på lovleg vis.

Ivar Urdal, Jørgen Overskeid og Bjørn Vigrestad

Ivar Urdal (f.v.), Per Jørgen Overskeid og Bjørn Vigrestad er klare for skattejakt.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Det var strengt forbode

Då Urdal i haust hadde fått stadfestingane han trong, tok han kontakt med eigaren av bygget med følgjande beskjed:

Bygget står på pålar, og det ligg truleg ein femti år gamal skatt ein plass under der.

– Eigarane blei gira! Dei sa me kunne gå inn og leita etter skatten før dei reiv bygget, fortel Urdal.

Med seg på laget kunne dei få vaktmeister Kåre Gravdal frå Dalane Energi. Dei slo til. Eit eventyr dei ikkje kunne seia nei til.

Så nå står dei her.

– Sidan bygget skal rivast, så me kan gå hardt til verks. Om me må slå ned nokre veggar, så gjer me det, seier Gravdal, medan han testar lommelykta si.

Det gneistrar i augo til dei tre mennene i 60-åra, som for femti år sidan var unggutar fulle av fantasi og røvarhistorier.

Det var strengt forbode det dei gjorde, då dei sneik seg inn i slakterikjellaren og gøymde skatten.

Nå er dei ute på ny tokt. Dei skal henta skatten heim att.

... viss den ennå ligg der.

Skattejakta

Då dei var her inne sist var dei tiåringar, som måtte snika seg inn for å ikkje bli oppdaga.

Skatten gøymde dei i ein trong krypkjellar.

Ein eller annan plass i denne labyrinten av gangar og krypkjellarar.

Men det er ikkje enkelt å vita kva for ein.

For dei lagde aldri skattekart. Dei må gå etter femti år gamle motstridande minne.

Etter mykje diskusjon blir alle til slutt samde om at det truleg var gjennom denne luka dei tok seg inn som barn.

Og vidare inn gjennom dette holet, som nå er tetta.

Vaktmeisteren kan ein annan veg inn til krypkjellaren holet leiar til.

Dei går inn.

Men å finna skatten i denne svære krypkjellaren blir ikkje lett.

Etter kvart som dei prøver å hugse ruta som dei mest truleg gjekk for femti år sidan, dukkar det stadig opp nye minner frå barndommen. Som små drypp frå ei svunnen tid.

– Her er luka me sneik oss inn i. Det må vel vera den? Me visste at dei av og til gløymde å låsa. Det var berre å venta på det rette tidspunktet før me slo til.

Ivar Urdal ser det tydeleg for seg.

– Det var spanande å ha funne ein hemmeleg plass me kunne gå inn. Det var jo ikkje lovleg, legg Bjørn Vigrestad til og gliser.

Røvarhistoriene

Dette var i tida då dei var små.

Då dei gjorde som så mange andre barn. Samla på ting...

Hadde hemmelegheiter...

Leika cowboy og indianar...

...og levde seg inn i ei fantasiverd, som dei sjølve hadde skapt.

Men alt var ikkje bare fantasi.

For eigentleg startar historia om denne skatten for meir enn hundre år sidan. Berre nokre steinkast frå slakteriet. I ei steinrøys med utsikt over Egersund.

Ei sann historie, forsikrar dei som har greie på det.

– Her har dei vore alle saman, alle dei fire store.

Lokalhistorikar Alf Chr. Oddane snakkar ikkje om dei fire store forfattarane, men om dei fire store norske kjeltringane. Gjest Bårdsen, Jacob Tengsareid, Ole Høyland og Elias Tønnesen.

Steinrøysa han har tatt oss med til var nemleg ein godt kjend skjulestad for kriminelle på 17- og 1800-talet.

Dei nærmaste naboane til steinrøysa var ikkje tystarar, og det var god utsikt. Dei kunne sjå når lensmannen kom og få eit godt forsprang. Steinrøysa var også god til å gøyma tjuvegods i.

– Mykje av tjuvegodset blei gøymt mellom steinane eller grave ned her. Dei tidlegaste tjuvane stal mykje sølvtøy, medan det seinare blei vanlegare å gjera innbrot i butikkar. Då fekk dei ofte med seg pengar, fortel Oddane.

Lokalhistorikar Alf Chr. Oddane

Lokalhistorikar Alf Chr. Oddane (t.h.) meiner framleis at det finst skattar etter kjeltringar som har gøymt tjuvegods i denne steinrøysa i Egersund.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Ein av dei siste som skal ha budd i steinrøysa over lengre tid, var Elias Tønnesen frå Flekkefjord.

Kjeltringen som var kjend for å gå i dress og røyka sigar.

Kameratgjengen med skatten blei oppfostra på desse historiane. Frå eldre brør og frå foreldre fekk dei høyra om dei farlege kjeltringane som hadde gøymt unna både gullpengar, sølvpengar og det som var endå meir verdt.

Derfor tok dei ofte føtene fatt og reiste ut til steinrøysa. På jakt etter gamle skattar.

– Me var ofte ute på kveldstid med lommelykt og kikka i nesten alle holene me kunne få hovudet inn i. Det var skummelt med tanke på at det hadde budd røvarar her, så me blei redde nokon og kvar, fortel Bjørn Vigrestad.

I tillegg til å leita etter skattar frå røvarane, så lagde dei sin eigen skatt med ting dei fekk tak i. Denne hadde dei i ei av holene i røysa. Ein plass med liten opning, slik at eldre ungar ikkje klarte å koma seg inn til skatten deira. Elias-skatten kalde dei han.

– Det var noko me lagde til sjølve og fantaserte over. Det var veldig spanande, fortel Ivar Urdal.

Men då dei vaks seg større, blei det vanskelegare å koma seg inn i hola. Det var klart at dei måtte finna ein ny gøymeplass for skatten.

Valet fall på slaktehuset. Ein dag då dei hadde gløymt å låsa av ei av kjellarlukene. Dei ville sikra skatten for all framtid.

På sporet

I dag håper dei at dei skal få svar på kva det var dei gøymde vekk. Kva det var dei samla på, som hadde så høg verdi for dei då dei var små? Kan det faktisk vera at det er noko frå dei gamle kjeltringane i steinrøysa i skatten?

Inne i den mørke kjellaren, som berre er sytti centimeter høg på det lågaste, held skattejakta fram.

Vigrestad og vaktmeister Gravdal er i front.

Dei ålar seg på golvet. Meter for meter legg dei bak seg. Gravdal får auge på ei rotte.

– Den er inntørka og daud. Har sikkert ligge her i fleire år, seier han, og kravlar vidare.

Kan skatten ligga her ein plass mellom spindelvev og daude rotter?

Gravdal har levd seg inn i historia til dei tre mennene og er svært oppsett på å finna skatten.

På sporet

Gjengen på slaktehuset kryp lengre og lengre inn i kjellaren.

Vaktmeister Kåre Gravdal har aldri vore så langt inne i kjellaren, og var ikkje klar over at denne delen av bygget stod på pålar.

Det snik seg likevel fram ei kjensle av at dei ikkje vil finna skatten.

Kvar plass der Bjørn Vigrestad kjenner seg att, blir det leita grundig. Men det er ingen skatt å finna. Kan nokon som har vore inne i nyare tid ha tatt den med seg?

– Ingen skal i alle fall seia at me ikkje har prøvd, seier Per Jørgen Overskeid.

Men så: – Her trur eg pigade eg har funne noko!

Under nokre steinar inne ved veggen ligg eit skrin.

– Det er den! Ivar Urdal er sikker.

Stemninga tar seg opp fleire hakk. Den tjukke støvete lufta blir full av forventing.

Det er ingen tvil...

...dette er skatten som har vore gløymt i snart femti år.

– Dette er heilt uverkeleg! Fantastisk!

Ivar Urdal vil nesten ikkje tru det.

Sjølv om boksen er dekt i eit tjukt lag med skit, så kan han skimta fargane gjennom. Det er ingen tvil om at dette er skatten. Dei hugsar det nå.

– Oioioi, det var akkurat sånn, ja.

– 50 år gamle minne i ein boks, seier Overskeid.

Vigrestad får ikkje sagt stort. Han gliser og ler. Han hadde nettopp gitt opp, men nå er skatten her.

Dei tar boksen med seg ut i bomberommet. Dei vil ha godt lys når dei går gjennom den.

Skatten

Det er nesten som om dei ikkje vil tru det. Men dei fann skatten.

Den blir lagt ut på eit lite bord. Klar for gjennomgang.

Dette er truleg bunadshemper, som gutane har teke frå syskrinet til ei av mødrene.

Ein fallekniv, som ingen heilt dreg kjensel på.

Det er aller mest nøklar i skrinet, men også ein god del sølvfarga godsvognforseglingar og sprengtråd.

Ingen veit heilt kva denne boksen kan ha romma. Tyggetobakk er eit av forslaga som kjem opp.

Ein rull med kvitteringar frå 1958. Gjengen meiner at kvitteringane må ha blitt kasta då dei var forelda, og at gutane så har funne den i ein eller annan konteinar.

Ei bok for dei som samla på bilskiltnummer, denne er heilt ubrukt.

«Gilde» står det på klistremerka. Desse innrømmer gjengen at dei stal frå slakteriet. Dei håper at saka er forelda.

Eit lodd frå Redningsselskapet.

På loddet kunne du vinna ein heilt ny Peugeot 404 med TV til ein verdi av 28 600 kroner. Eller ei seksti kvadratmeter stor møblert feriehytte.

Før dei seier seg ferdige nede i kjellaren til det gamle slakteriet tar dei ein siste runde med bilder, der dei stolt viser fram skatten.

Nå kan dei bare riva bygget.

– Me hadde det utruleg kjekt på den tida, det hadde me altså, seier Overskeid og drøymer seg tilbake. Som om minna skatten har vekt i han er meir verdt enn sjølve skatten.

Og slik er det nok for dei alle.

– Eg håper at barn i dag også får oppleva gleda av å vera ute og leika i naturen og bruka fantasien sin, slik me fekk gjera, seier gymlærar Urdal.

Vigrestad legg til at det er bra for ungar å vera ute på litt fantestrekar av og til, slik som dei sjølve var.

Og sjølv om skatten bare var gamle kvitteringar og godsvogn-forseglingar, utan noko verdi, så kan ein ikkje setja prislapp på dei gode minna, eventyret og brorskapet som skatten skapte for femti år sidan, og som den nå har skapt igjen.

Per Jørgen Overskeid og Ivar Urdal tar skatten ut av bygget

Per Jørgen Overskeid og Ivar Urdal tar skatten ut av bygget. Håpet er at når eit nytt bygg står klart, så vil skatten få plass i eit glassmonter. Ei slags oppfordring til folk om å vera opne for eventyr. Nye og gamle.

Foto: Mathias Oppedal / NRK