Rolv Christian Topdahl
Foto: Thomas Ystrøm / NRK

NRK Rogaland i 2017

Dramatikken under stortingsvalet var godt stoff. Det same kan seiast om årets største agurk, Trollpikken. Men 2017 var også året då FM vart sløkt. Reaksjonane var mange. NRK Rogaland markerte det med å sende radio 24 timar i strekk.

12. september 2017. Valgthrilleren nærmar seg slutten. I over eit døgn har Øystein Langholm Hansen (Ap) og Aleksander Stokkebø (H) kjempa om det siste stortingsmandatet frå Rogaland. Langholm Hansen trakk det lengste strået. Med nokre få stemmer vart det fast plass på Løvebakken for fagforeiningsleiaren frå Stavanger.

Øystein Hansen og Aleksander Stokkebø

Svært få stemmer skilde Øystein Langholm Hansen (Ap) og Aleksander Stokkebø (H) når det galdt å kapra den siste stortingsplassen for Rogaland. Langholm Hansen trakk til slutt det lengste strået, medan Stokkebø blei første vara for Høgre.

Foto: ANDERS MINGE MARIE VON KROGH/STAVANGER AFTENBLAD

Stortingsvalet er og blir ei viktig satsing for NRK Rogaland. Gjennom ei grundig dekning før, under og etter prøver vi å gje publikummet vårt eit godt grunnlag for å halde seg opplyste om og i demokratiet vårt.

NRK sine overordna mål er å styrke og utvikle demokratiet, og å samle og engasjere alle som bur i Norge. Dette er noko vi strekker oss mot å gjere i arbeidet vårt. Først og fremst gjennom val av saker og satsingar.

Direkte frå Rogaland

2017 var året då vi såg dei første teikna på at oljenedturen var i ferd med å snu. Oljeøkonomien er noko som påverkar mange av dei som bur i fylket vårt, og det er difor viktig for oss å dokumentere konsekvensane.

Dette har vi gjort gjennom møter med gründerar og industriarbeidarar, arbeidsledige og huskjøparar, studentar og ekspertar. Endringane på sørvestlandet kjem ofte tidlegare enn andre stader i landet, og vi har difor kjent på ansvaret med å formidle desse historiene til eit nasjonalt publikum.

5000 sauer skal hentes ned fra heiene.

I 2017 blei sauesankinga i Sirdal ein del av direktesatsinga til NRK Rogaland. Der hadde vi også ute vår eigen dronefotograf Arild Eskeland.

I NRK Rogaland forsøker vi å sjå etter nye moglegheiter til å nå ut med innhaldet vårt. I januar i fjor innførte vi såkalla direkteteam frå morgon til kveld.

Først og fremst har publikum merka dette ved at vi nesten dagleg har hatt direkteinnslag i TV-sendingane våre på kveldstid. Men i tillegg er lista vår lav for å sende direkte på nett eller TV gjennom dagen.

Mellom anna sende vi frå gjenreisinga av Trollpikken, sauesanking i Sirdal, Solamøtet, filminnspeling på Preikestolen, cupkampar i fotball, folkemøte, pressekonferansar, Modskonserten på Viking stadion, landbruksdebatt og sendingar i samband med stortingsvalet. Vi laga også ei fellessending om Vestlandet saman med dei andre distriktskontora.

Direkte frå Trollpikken

6. juli 2017 var ein av fleire dagar NRK rapporterte direkte frå Trollpikken i sommar.

Pris for beste lokale sendeflate

Vi har dyktige programleiarar i NRK Rogaland. Beviset på dette er at Øystein Ellingsen og Johan Mihle Laugaland vart tildelt den høgthengande radioprisen, Prix radio, for årets beste lokale sendeflate. Radiomiljøet vårt har også utmerka seg ved å stå i bresjen for fleire store satsingar gjennom fjoråret.

Øystein Ellingsen og Johan Mihle Laugaland vant prisen for beste lokale sendeflate.

Her får Johan Mihle Laugaland og Øystein Ellingsen vita at dei har vunne Radio Prix sin pris for beste lokale sendeflate.

I februar fylte vi Stavanger konserthus med publikum og artistar som hylla dei gylne musikkåra 1984 og 1985. I april inviterte vi heile fylket til dugnad under slagordet «Hele Rogaland rydder», og i juni markerte vi overgangen til DAB gjennom ei 24-timar lang maratonsending.

Ryddedugnaden samlet inn enorme mengder med søppel som var kastet i naturen.

Folk over heile fylket blei med då NRK Rogaland oppmoda til storstilt ryddeaksjon.

Sjølv om vi når mange gjennom våre sendingar på radio og TV, har vi også utfordringar. Vi slit med å nå fram til eit yngre publikum.

På radio og TV har vi forholdsvis høg snittalder blant våre lyttarar og sjåarar. Det skal mykje til å endre dette biletet. Medievanane er i kraftig endring, og vi jobbar difor aktivt med å snu deler av vår produksjon frå radio og TV til nett.

Vi veit ikkje så mykje om kva aldersgrupper vi når på nettet, men vi veit litt om engasjementet i sosiale medium, då først og fremst via kven som bruker oss på Facebook.

Otto Voldsund på morgonmøte

Kven er det som engasjerer seg i NRK Rogaland sine saker på sosiale medium. Det er noko av det redaksjonssjef Otto Voldsund prøver å ha kontroll på.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Kven er vi?

NRK Rogaland sitt hovudkontor ligg på Ullandhaug i Stavanger. Universitetet i Stavanger, Oljedirektoratet, Petroleumstilsynet, Ipark og Måltidets hus er våre nærmaste naboar.

NRK Rogaland

NRK Rogaland held til i det gamle steinbygget på Ullandhaug.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Til våren startar også bygginga av det nye universitetssjukehuset i Stavanger like ved. Vi er det einaste fylkesdekkande mediehuset i Rogaland, og vi har ein ambisjon om å levere innhald som er interessant både for eit lokalt og eit nasjonalt publikum.

Vi er i dag 47 fast tilsette, tre av dei arbeider på lokalkontoret vårt i Haugesund. Dei har hovudansvaret for dekninga av Haugalandet. I 2017 hadde NRK Rogaland eit budsjett på 34 millionar kroner. Om lag 90 prosent av dette er lønskostnader.

Tilsette i NRK Rogaland 2017
Foto: NRK

Radio

Digitaliseringa av radioen tok mykje av merksemda vår i 2017. 21. juni vart FM-nettet sløkt i vår region. Det markerte vi med ei 24-timar lang radiosending frå studioet på Ullandhaug.

Programleiarparet Øystein Ellingsen og Johan Mihle Laugaland heldt det gåande frå klokka 12 til 12 neste dag. Svært mange gjestar var på lufta, og det historiske døgnet vart markert ved at FM-nettet vart sløkt på direkten.

NRK-duoen markerte overgangen til DAB i 24 timer

Kva har dette fått å seie for oppslutninga vår? Digitaliseringa av radioen har gjeve publikum eit langt større radiotilbod enn tidlegare. Mange kanalar er no tilgjengelege, og fleire har funne seg sine nye favorittstasjonar. Vi veit også at det er ein del som enno ikkje har gått til innkjøp av DAB-radio heime eller i bilen. Vi er likevel nøgde med oppslutninga vår, og reknar med at vi gradvis vil kunne vinne tilbake noko av det tapte.

TV

Oppslutnaden om nyheitssendingar på TV har gått ned dei siste åra. Først og fremst er det publikummet under 50 år som gradvis har fått nye TV-vanar. Dei strøymer meir og meir innhald, og konkurransen om sjåarane er hard.

NRK Rogaland TV-sending

Arild Eskeland ved spakane til det nye redaksjonsnære TV-studioet til NRK Rogaland. Programleiar er Ingvill Bjorland.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

Distriktssendingane på TV hadde i 2017 berre 15 prosent sjåarar under 50 år. Vi har gjennom det siste året difor flytta noko av ressursbruken vår frå TV til nett og mobil som eit grep for å nå dei yngre nyheitsbrukarane med innhald på plattformer vi veit dei føretrekker å bruke.

I 2017 vart det bestemt at vi frå årsskiftet av skulle ha eit nytt sendemønster på TV med sendingar klokka 18.55, 20.55 og ei ny sending før Kveldsnytt. Publikumsreaksjonane mot endringane var sterke, og i slutten av januar vedtok NRK-leiinga å tilby ei lengre sending før Dagsrevyen. Den startar no klokka 18.50.

Nett og mobil

Dei viktige historiene. Historiene som set spor. Dei er godt eigna til å fortelje på nett og mobil. I løpet av dei siste åra har NRK Rogaland flytta meir og meir av vår produksjon mot desse plattformene.

Årsaka er at dei fleste nordmenn oppgjev internett og mobil som deira viktigaste kjelde for nyheiter. Eit eksempel på grundig, digital journalistikk er forteljinga om Mona, jenta som tapte barndommen.

Men i tillegg til sakene som gjev innsikt, legg vi mykje arbeid ned i å gje publikummet vårt ei oppdatering av det som skjer i regionen vår. Difor har vi reporterar og fotografar på vakt og ute på vegen store delar av døgnet. I 2017 laga dei mellom anna mange rapportar om alt regnet som skapte trøbbel, blant anna i Sokndal. For å vere i stand til å gi rask oversikt, og gode bilete til aktuelle saker, har vi utdanna vår eigen dronepilot.

Jente ved Årstadøyna

Lisa Bu (17) trudde vatnet på det djupaste var 130 cm då ho kryssa over til Årstadøyna. Om lag 50 hus var isolert.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

NRK Rogaland vart klaga inn til Pressens faglege utval etter ein nettartikkel vi publiserte i juli 2017. Den handla om ein professor ved Universitetet i Stavanger som hadde sendt meldingar med seksuelt innhald til fleire unge kvinner. Klagar meinte vi ikkje burde ha identifisert professoren. NRK Rogaland vart frikjent, og du kan lese samandraget til PFU her.

Sosiale medium

I 2017 held vi fram satsinga vår på å nå ut med stoffet vårt via sosiale medium. Etter å ha analysert målgrupper og oppdraget vårt, har Facebook blitt den viktigaste plattforma vi brukar. Om lag 38 000 følger oss via Facebook, og vi når ut til om lag 100 000 kvar veke.

I sosiale medium skal NRK Rogaland vere den du kan stole på, men som har glimt i auga. Gjennom satsinga skapar vi kontakt med dei som elles ikkje ville ha hatt eit forhold til oss, og styrkar bandet til dei som allereie brukar oss.

Terskelen for å ta kontakt med oss har blitt lågare, og vi prioriterer dialogen med publikum høgt. Men sosiale medium har også vorte ein viktig arena for å samle inn informasjon til bruk i det journalistiske arbeidet. Difor kjem dette til å verte ei minst like viktig satsing som tidlegare, sjølv om inngangen til 2018 viser teikn til at det kan kome til å bli vanskelegare å nå ut.

Riksproduksjon

Det er NRK Rogaland som gjev det norske radiopublikummet ein dagleg dose av «Utakt». Radioparet Per Øystein Kvindesland og Bjørn Olav Skjæveland går i studio på Ullandhaug måndag til torsdag klokka 11. I tillegg leverer dei ei «best of-sending» kvar laurdag. Alt på NRK P1. Dei leverer også innhald til NRK P1 si Facebook-side.

Gammel mat

Bjørn Olav Skjæveland smaker gamal mat i radioprogrammet Utakt som blir sendt direkte frå eit studio på Ullandhaug måndag til torsdag klokka 11. I bakgrunnen står medprogramleiar Per Øystein Kvindesland og gjestekokk Hans Dahl Ørstavik.

Foto: Erik Waage / NRK

NRK Rogaland har også ansvaret for NRK Mat, som er NRK si oppskriftsteneste på nett. NRK Mat hadde sitt beste år nokon gong i 2017, og mange set pris på gode oppskrifter og fine bilete. NRK si framside, nrk.no, har dagleg oppslag med oppskriftene frå NRK Mat. Vi har også fylt på samlinga av videoar med korte, enkle videoar som steg-for-steg fortel korleis du lagar ein enkel rett.

2017 har vore eit år med intenst arbeid for å få klar to dokumentariske TV-seriar. Begge skal publiserast våren 2018. Serien i tre delar om den ukjende sabotasjeaksjonen «Operasjon muskedunder» har blitt laga på rekordtid. Opptak frå september og publisering eit halvt år seinare er svært raskt i denne samanhengen. Serien viser ein historie som aldri tidlegare har blitt bretta ut, og det er gjort eit omfattande arbeid for å finne ut kva som skjedde.

Også serien om Den gløymde polarhelten, Carsten Borchgrevink, skal publiserast våren 2018, og har blitt jobba mykje med i 2017. Serien gir eit unikt innblikk i den første ekspedisjonen som overvintra i Antarktis, før førre hundreårsskifte.

Tom Edvindsen

NRK Rogaland sin fotograf Tom Edvindsen under opptak på Antarktis.

Foto: NRK

Våre ambisjonar i 2018

I 2018 har vi eit ønskje og eit mål om å levere enno meir grundig og fordjupande journalistikk frå Rogaland til eit nasjonalt publikum. Eit eksempel på ei slik satsing er «Hva skjedde eigentleg mellom pappa og Victoria?». Reportasjen har hatt 412.000 sidevisingar (pr. februar 2018) og ei snittlesetid på tolv minutt og 30 sekund. Dette fortel oss at våre lesarar er opptekne av god og grundig journalistikk, og det er noko som inspirerer oss.

Vi skal i året som kjem bruke meir tid på den gravande journalistikken, og vi ønskjer å lage reportasjar og artiklar frå den vestlandske kvardagen som når flest mogleg i landet vårt.

Du kjem også til å sjå fleire saker frå Rogaland i Dagsrevyen i 2018 enn du kanskje har vore vand med. Vi har ein eigen reporter som er tilknytt Dagsrevy-redaksjonen. Målet er også her å løfte saker som har utgangspunkt i Rogaland til eit nasjonalt publikum.

Gjennom å lage gode radiosendingar håpar vi at vi klarar å stabilisere lyttaroppslutnaden vår. I løpet av året reknar vi med at dei fleste vil ha skaffa seg DAB-radio i både heim og bil, og at dei igjen vil finne fram til favorittkanalen sin NRK P1.