NRK Rogaland
Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Dette er NRK Rogaland

Kvar dag jobbar eit knippe menneske inne i dette steinbygget i Stavanger for å servera nyheiter og gode historiar til heile Rogaland. Her kan du lesa litt meir om kven vi er og korleis vi jobbar.

Redaksjonell rekneskap for NRK Rogaland 2015:

  1. NRK Rogaland i 2015
  2. Kven er vi?
  3. Etikk – dei vanskelege vala
  4. Kva gjorde vi i 2015? (radio | TV | nett | sosiale medier)
  5. Valet
  6. Kva ønsker vi å vere?
Lise Andreassen Hagir i studio

RADIO: Lise Andreassen Hagir under ei av NRK Rogaland sine morgonsendingar på radio. Både morgonsendingane og ettermiddagsendingane er ein del av kjerneverksemda til NRK Rogaland.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

NRK Rogaland i 2015

Raud løpar Prix Radio

PÅ RAUD LØPAR: NRK Rogaland sine morgonsendingar med Bjørn Olav Skjæveland og Per Øystein Kvindesland var nominert til beste morgonflate i Prix Radio 2015 i hard konkurranse med P4, Radio Norge, NRJ og P3morgen.

2015 var året då oljenedturen trefte Rogaland for fullt. Gjennom ei rekke artiklar, reportasjar og innslag har NRK Rogaland søkt å dokumentere konsekvensane av fallet i oljeprisen og den etterfølgande omstillinga i bransjen og i arbeidslivet. Dette har sett krav til vårt arbeid med den grundige og fordjupande journalistikken.

På den andre sida har vi kontinuerlege krav til oss om hurtigheit i nyheitsformidlinga. NRK Rogaland har, som dei andre distriktskontora, jobba målretta med kompetanse og arbeidsflyt for å kunne vere til stades direkte når store ting skjer. Slik som under ekstremvêret «Synne» i byrjinga av desember.

Då ekstremvêret Synne råka Rogaland på ein sundag i desember måtte journalistane i NRK Rogaland snu seg rundt raskt. Øystein Ellingsen og Mari Friestad "tok lufta" i sju timar.

SJU TIMAR EKSTRASENDING: Då ekstremvêret Synne råka Rogaland på ein sundag i desember måtte journalistane i NRK Rogaland snu seg rundt raskt. Øystein Ellingsen og Mari Friestad "tok lufta" i sju timar. Her blir dei intervjua av distriktsredaktør Ragnar Christensen.

I tillegg til å levere rapportar til NRK sine nasjonale nyheitssendingar gjennom heile helga, følgde vi utviklinga i ei sju timar lang direktesending på radio.

Gjennom hausten var journalistikken i NRK Rogaland elles prega av flyktningkrisa og av at fire menn vart arresterte og sikta for drapet på Tina Jørgensen. I årskavalkaden vår kan du få gjensyn både med desse, og mange andre små og store historier frå 2015.

Den lange årskvalkaden

2015: Slik blei NRK Rogaland sitt TV-år summert opp i årskavalkaden for 2015.

Erik Waage

TV: Erik Waage gjer seg klar for fotooppdrag nede i kjellaren på NRK-huset.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Kven er vi?

NRK Rogaland sitt hovudkontor ligg på Ullandhaug i Stavanger. Universitetet i Stavanger, Oljedirektoratet, Ipark og Måltidets hus er våre nærmaste naboar. Vi er det einaste fylkesdekkande mediehuset i Rogaland, og vi har ein ambisjon om å levere innhald som er interessant både for eit lokalt og eit nasjonalt publikum.

Vi er 50 tilsette, fire av dei arbeider på lokalkontoret vårt i Haugesund. Dei har hovudansvaret for dekninga av Haugalandet. I 2015 hadde NRK Rogaland eit budsjett på 38,5 millionar kroner. Om lag 90 prosent av dette er lønskostnader.

Klikk for å sjå bilete av oss som jobbar her

Tilsette i NRK Rogaland 2017
Foto: NRK

Etikk – dei vanskelege vala

NRK Rogaland ønskjer å halde ein høg etisk standard i det redaksjonelle arbeidet. Publikum skal vite at NRK jobbar i tråd med pressa sine etiske reglar, og intervjuobjekt

Per Arne Kalbakk

ETIKKREDAKTØR: Per Arne Kalbakk er tilsett som ny etikkredaktør i NRK.

Foto: Anne Liv Ekroll / NRK

og andre kjelder skal føle seg trygge på at dei blir behandla skikkeleg i sakene vi lagar. Difor er det også eit årleg mål for NRK at vi ikkje skal bli felt i Pressens Faglege Utval (PFU) for dårleg faktasjekking, manglande eller mangelfull imøtegåing av påstandar som blir framsett eller uklare premiss for medverking i sakene.

NRK Rogaland vart ikkje klaga inn til Pressens Faglege Utval i 2015.

I 2016 vil NRK intensivere arbeidet med redaksjonell etikk. Det er nyleg oppretta ei stilling som etikkredaktør, og i løpet av første halvår startar vi eit nytt program for opplæring i redaksjonell etikk. Alle redaksjonelle medarbeidarar i NRK skal gjennomgå kurset med tilhøyrande oppfølging.

Det aller viktigaste bidraget til høg presseetisk standard er høgt medvit om presseetikk i det daglege arbeidet.

Gjennom året har NRKs redaksjonar kontakt med hundrevis av intervjuobjekt og enno fleire lisensbetalarar som har synspunkt på journalistikken vår, enten gjennom NRK Publikumsservice eller direkte til dei ulike redaksjonane.

Morgonmøte hos NRK Rogaland

MORGONMØTE: Kvar morgon er det morgonmøte hos NRK Rogaland leia av nyheitssjef Lars Navestad. Her blir etiske problemstillingar løfta fram når vi diskuterer sakene som har vore og når vi legg planar for nye saker.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Distriktsprogramrådet

NRK Rogaland har eit distriktsprogramråd som er valde for fire år om gongen. Leif Erik Egaas (H) leiar rådet. Dei andre medlemmene er Eirik Faret Sakariassen (SV), Hanne Marte Vatnaland (Sp), Gro Skartveit (V) og Einar Endresen (Frp).

Distriktsprogramråda sitt mandat står i Kringkastingslova:

«Distriktsprogramrådene skal uttale seg om hovedlinjene i programvirksomheten ved distriktskontorene og i de programsaker som kringkastingssjefen eller lederen for distrikts­kontoret forelegger eller som rådet finner grunn til å ta opp. Kringkastingssjefen og lederen for distrikts­kontoret kan innhente rådets uttalelse i admi­nistrative og økonomiske saker. Det skal være et distriktsprogramråd for hvert distriktskontor. Distriktsprogramrådet skal ha fem medlem­mer med personlige varamedlemmer opp­nevnt av fylkestinget for fire år. Et medlem kan berre gjenoppnevnes for éin periode. Kongen gir regler om oppnevnelse og sammenset­ning av distriktsprogramråd der et distrikts­kontor dekker fleire fylke. Kongen kan gi nærmare regler om distrikts­programrådenes oppgåver og arbeidsmåte.»

Det betyr at rådet skal uttale seg om programverksemda – altså det distriktskontoret publiserer i radio, fjernsyn, på nett og mobil, i tillegg til administrative og økonomiske spørsmål dersom distriktsredaktør eller kringkastingssjef ønsker det.

Klassequiz hos NRK Rogaland

KLASSEQUIZ: Einar Espeland intervjuar elevar frå Orstad som er med på Klassequizen. Dette er ei tevling som skjer på alle distriktskontora. Til slutt er det ein TV-sendt nasjonal finale i Oslo.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Kva gjorde vi i 2015?

Radio

På kvardagane sender vi seks timar radio på P1. Morgonsendinga vår startar klokka 6.03 og varar til klokka 9.00. Om ettermiddagen sender vi frå klokka 14.03 til 17.00. Vi har også nyheitssendingar i etterkant av dagsnytt klokka 10, 11, 12 og 13.

Programleiarane våre er Lise Andreassen Hagir, Morten Nesvik, Øystein Ellingsen og Per Øystein Kvindesland.

Som den einaste distriktssendinga var NRK Rogaland ved programleiarane Per Øystein Kvindesland og Bjørn Olav Skjæveland nominert til den gjeve radioprisen – Prix Radio – for årets morgonflate.

Johan Mihle Laugaland

GOD STEMNING: Sjølv om du står fast i kø i Haraldsgata eller på Forus så skapar Johan Mihle Laugaland og Øystein Ellingsen god stemning om ettermiddagen.

Foto: Kees Fjellvang / NRK

Oppslutninga for P1 var i 2015 noko lågare enn tidlegare år. Nokre lyttarar har flytta til digitalkanalen NRK P1+, andre gjekk til kommersielle konkurrentar. Både vi og andre distriktskontor har opplevd ei slik utvikling, og utover i 2016 tek vi grep på fleire område for å bli enno meir relevante – spesielt for aldersgruppa 40–54 år.

TV

NRK Rogaland har to faste nyheitssendingar på NRK1 på kvardagar. Hovudsendinga vår er klokka 18.45. Vi har også ei kortare nyheitssending klokka 20.55.

I tillegg til å gje eit bilete av dagens viktigaste nyheiter, har vi som mål å lage gode reportasjar som set dagsorden lokalt, og som også kan brukast i NRK sine nasjonale nyheitssendingar.

Anders Fehn

TEKNIKK: Anders Fehn har stålkontroll bak spakane i kontrollrommet til TV-studio.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Vi inviterer gjester til studio, og vi har som mål å gå direkte frå hendingar ute. Vi har utstyr som set oss i stand til å sende direkte frå dei fleste stader i Rogaland.

Også vi merkar endringa i publikum sine medievanar. Færre set seg ned for å sjå nyheitssendingar til eit fast tidspunkt, men let seg oppdatere på anna vis. Vi har difor sett ein gradvis nedgang i oppslutning dei siste åra. Vi har også ei utfordring med å rekruttere unge sjåarar.

Ingvill Bjorland

I SMINKA: Ingvill Bjorland gjer seg klar for TV-sending. Ho er både programleiar for TV-sendingar og radiosendingar.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Dagleg oppslutnad i % radio og TV 2014/2015

Radio 2014

Radio 2015

TV 2014

TV 2015

Gjennomsnitt totalt daglig dekning % hverdager

33

28.9

23.8

22

NRK Østfold

25.4

23.7

23.4

21.3

NRK Østlandssendingen

24.3

21.7

18.4

16.3

NRK Hedmark og Oppland

37.9

32.9

27

24.2

NRK Østafjells

31

27.9

19.3

18.3

NRK Sørlandet

34.4

30

25.6

24.5

NRK Rogaland

31.5

28.3

20.7

18.8

NRK Hordaland

36.8

31.6

24.3

23.7

NRK Sogn og Fjordane

55

48

32.1

32.8

NRK Møre og Romsdal

40.7

33.4

30.5

28

NRK Trøndelag

39.3

32.6

27.8

25.6

NRK Nordland

39.6

36.8

33.2

32.7

NRK Troms

43.3

38.8

37.4

31.2

NRK Finnmark

41.2

36.6

34.5

31.5

Ekspander/minimer faktaboks
Ingvill Bjorland i TV-studio

NYTT DEKOR: NRK Rogaland fekk nytt dekor i TV-studioet i 2015. Slik ser det ut, og slik blei resultatet av sminkejobben til Ingvill Bjorland.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Nett og mobil

Gjennom dei siste åra har vi styrka satsinga på nett og mobil ved å flytte ressursar frå vår tradisjonelle radio- og TV-produksjon. Målet er å gje publikummet vårt eit betre oppdateringstilbod gjennom dagen. Vi har jobba aktivt med kompetanseheving, og vi har også utvida opningstidene våre på nett. Vi er bemanna frå klokka 05 til 22.30 på kvardagar, og frå 07 til 21.30 i helga.

Vi arbeider kontinuerleg med å utvikle nye og publikumsvenlege format, og har mellom anna laga fleire nettdokumentarar som har vore mykje lest.

Nett-tal for NRK Rogaland

Tall pr. dag

2014

2015

Endring%

Unike brukerer PC

25320

24506

-3

Unike brukerer mobil

12842

16857

31

Sidevisninger

57671

62205

8

Mobilandel sidevisninger

30

38

27

Antall saker på NRK.no

2,4

2,1

-14

Sosiale medier – #NRKRogaland

I dagens mediekvardag er sosiale medium avgjerande for å nå ut med innhaldet vi lagar. Derfor prioriterer vi å bruke desse plattformene på best mogleg vis. Facebook er størst, med 2,6 millionar nordmenn innom kvar dag, og derfor den vi bruker mest tid på i det daglege nyhendearbeidet.

Då 2015 vart historie hadde vi 22.600 følgjarar på Facebook, men nådde gjennomsnittleg fire gonger fleire enn dette dagleg. Innhaldet vårt vart spreidd fordi dei som fekk sjå det likte det, kommenterte på det og delte det vidare. Samleomgrepet på dette er engasjement, og vi fekk totalt 352.000 reaksjonar på innhaldet vårt på Facebook i 2015.

Eirin Larsen

Eirin Larsen er ansvarleg for Facebook, Twitter og Instagram hos NRK Rogaland.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Det som engasjerte aller mest på Facebook i 2015 var videoane vi delte då Bjørnar Ege Serigstad varsla at «kåna måtte molke fordi – Æg ska på pøb!». Dei to versjonane, med norske og engelsk tekst, vart sett nesten to millionar gonger.

Bryne-supportaren sin beskjed til kona var klar etter laget hans berga plassen i førstedivisjon på sundag; «Æg ska på pub». Me har snakka med Bjørn Serigstad Ege om korleis kvelden arta seg.

VIRALT: Klippet med Bryne-supporter Bjørn Serigstad Ege blir sett og delt av mange på sosiale medium.

Virale videoar er stas, men det er ikkje det vi jobbar mest for i NRK Rogaland. Det er viktig for oss å bruke dei sosiale media til å gjere journalistikken vår tilgjengeleg for fleire, nå nye lyttarar/lesarar og sjåarar. Vi vil møte dei der dei er, men også leie dei inn til våre eigne plattformer.

Twitter og Instagram inngår også i det daglege SoMe-arbeidet. Den førstnemnde plattforma er viktig for å følgje med på kva som skjer i samfunnet; alt frå politimeldingar til debatt. Instagram er ei fabelaktig kjelde til kontakt med folket i Rogaland. I snitt blir 50 bilete merka med #nrkrogaland på Instagram kvar dag, og vi får sjå kva som røyrer seg og kor snøen fell.

Vi har også brukt dei sosiale media til å komme nærare på publikum. Vi fekk inn fleire hundre bidrag då vi bad publikum bli med på å lage filmen «Når Rogaland vaknar» og "Når Rogaland frys". Vi inviterte også publikum med inn bak kulissane då vi sende direkte frå bak kamera på 18.45-sendinga.

Riksproduksjon

NRK Mat – Det er NRK Rogaland som driv NRK si matsatsing NRK Mat. Vi har samla fleire tusen oppskrifter, og oppdaterer dagleg med nye oppskrifter henta frå dei mange matprogramma som går på NRK1. I 2015 hadde vi over 13 millionar sidevisingar på våre ulike oppskrifter.

Utakt – Eit underhaldningsprogram som vi produserer for NRK P1 og som blir sendt direkte måndagskveldar mellom 22 og 24. I tillegg produserer vi på etterspørsel sendingar for høgtidsdagar som f.eks. jul og påske. Programleiarar er Per Øystein Kvindesland og Bjørn Olav Skjæveland, begge kjende programleiarar frå morgonsendinga til NRK Rogaland.

Utakt

UTAKT: Radarparet Bjørn Olav Skjæveland (t.v.) og Per Øystein Kvindesland står bak riksprogrammet Utakt i P1.

Familiefryd – Vi er også i gang med å produsere ein underhaldningsdokumentar i fire delar der vi gjennom to år følgjer eventyrarane Cecilie Skog og Alexander Gamme i det livet deira blir forandra frå vener, til kjærastar, via graviditet og fødsel og no som foreldre. Planlagt publisering av serien er mot slutten av 2016.

Familiefryd

I Familiefryd følgjer Tom Edvindsen frå NRK Rogaland Cecilie Skog og Alexander Gammei det livet deira blir forandra frå vener, til kjærastar, via graviditet og fødsel og no som foreldre.

Foto: Tom Edvindsen / NRK

Norge Rundt, Glimt av Norge og Lørdagsrevyen

Med sine 25 innslag til Norge Rundt i 2015 var NRK Rogaland den klart største leverandøren av distriktskontora. Her er eitt av høgdepunkta frå Norge Rundt i 2015:

Håkon ble båret til Preikestolen av kameratene

NORGE RUNDT: Denne saka blei laga av tidlegare programleiar i Norge Rundt, Lise Andreassen Hagir, og Thomas Ystrøm.

I tillegg leverer vi dokumentarar til Glimt av Norge og reportasjar til Lørdagsrevyen. Her kan du sjå Glimt av Norge-dokumentaren som blei laga om Gamlingen.

Samarbeid med andre

NRK Rogaland skal vere eit ope mediehus og vi søker å samarbeide med andre mediehus og aktørar til det beste for journalistikken og ordskiftet.

I 2015 hadde vi eit utstrekt samarbeid med andre mediehus i samband med valet. Vi samarbeidde med Dalane Tidende om debatt i Egersund, med Jærbladet om debatt på Klepp, med Haugesunds Avis om debatt i Haugesund og med Rogalands Avis og Vågen vidaregåande skole om debatt i Sandnes. På sjølve valkvelden hadde vi samsending med Stavanger Aftenblad.

Vi samarbeider i tillegg med Universitetet i Stavanger om praksis for studentar, og vi har gjennomført kurs for lokalavisene i Rogaland på område der vi har spisskompetanse.

Sentrumspartiene i fylket vurderer samarbeid uten Høyre.

UTDRAG FRÅ VALSENDINGA: NRK Rogaland sende saman med Stavanger Aftenblad ei lang valvake-sending.

Valet

Den største enkeltsatsinga til NRK Rogaland i 2015 var dekninga av kommune- og fylkestingsvalet. I tillegg til fortløpande nyheitsdekning i radio, tv, nett og mobil, deltok vi i fleire fellessatsingar som NRK hadde under valet.

Valomat

Ei av desse satsingane var NRK sin valomat. Valomaten vart til etter ein stor intern dugnad og innsats frå politisk redaksjon og på NRK sine distriktskontor over heile landet. Nærare 800.000 søkte hjelp i valomaten for å få vite meir om kven dei burde stemme på.

«Valstafetten»

Nyvinninga «Valstafetten» vart også ein stor dugnad der alle distriktskontor, og fleire andre avdelingar i NRK, deltok. Heile det store NRK-apparatet frå landsende til landsende vart utnytta i det 24-timar direktesende debattprogrammet.

Turné landet rundt

På TV og nett blei det valturné i fylka frå sør til nord, med engasjerande direktesendingar fulle av temperatur. Sjåarar og lesarar vart kjende med nye stemmer som fekk bryne seg på etablerte profilar i politikken. Rogaland var første fylke ut, med kommunesamanslåingsdebatt i Stavanger konserthus.

Samarbeid med mediehus

NRK tok i fjor initiativ til eit heilt nytt og omfattande samarbeid med konkurrentane. Meir enn 120 lokale debattar, skulearrangement, og folkemøte blei arrangert landet rundt i samarbeid med andre mediebedrifter. Både Amedia, Schibsted, Polaris og ei rekke uavhengige lokalaviser har vore involverte i samarbeidet.

I Rogaland arrangerte vi fire valdebattar. Desse var i samarbeid med Haugesunds Avis, Jærbladet, Dalane Tidende og Rogalands Avis. NRK Rogaland la også til rette for at lokalavisene i fylket kunne bruke valomaten på sine sider. Sju aviser takka ja til dette tilbodet.

Valnatta

For første gong samarbeidde vi med ein konkurrent om sendinga på sjølve valkvelden. Saman med Stavanger Aftenblad hadde vi sending på TV, nett og mobil med felles programleiarar og reporterar ute.

Øystein Ellingsen, Ingvald Nordmark, Cecilie Berntsen Jåsund og Tom Hetland

VAL-SENDING: Øystein Ellingsen (f.v), Ingvald Nordmark, Cecilie Berntsen Jåsund og Tom Hetland var fire av 30 medarbeidarar som var med på å gi folk frå Rogaland tidenes valsatsning frå NRK Rogaland og Aftenbladet.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Lokalt og ungt

Dette var dei to føringane for NRK sitt innhald før valet i haust. Nærleik i den redaksjonelle satsinga løfta det lokale perspektivet inn i dei nasjonale sakene, og for å nå dei unge vart innhaldet tilpassa denne viktige målgruppa.

NRK nådde definitivt de unge, og oppslutninga viser ei markant auke. #nrkvalg vart den mest brukte emneknaggen i valkampen, og marknadsandelane i den unge målgruppa auka med 50 prosent når det gjaldt TV-sjåing.

Ungt, nært og lokalt var hovudpunkta for valdekninga 2015. Vi skulle både samle landet og ta de lokale sakene og lokaldemokratiet på alvor.

Valkampen blei definert til dei fire siste vekene før valet. I denne perioden handla det meste seg om val, men planlegginga starta allereie før sommaren. Arbeidet med valomaten starta allereie i april.

I år delte vi valomaten med lokalavisene som embedda den på sine sider. Resultatet vart at svært mange brukte den.

Rune Gundersen

Rune Gundersen er vaktmeisteren, han sørgjer for at det alltid ser godt ut på NRK si tomt på Ullandhaug.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Kva ønsker vi å vere?

NRK Rogaland skal dekke og publisere viktige nyheitssaker til eit regionalt publikum. Vi skal også dekke og løfte viktige lokale og regionale saker til eit nasjonalt publikum gjennom leveransar til NRK sitt riksdekkande nyheitstilbod. I ei tid der ein deadline er erstatta av kontinuerleg publisering, handlar det om å vere i stand til å gje lesarane, lyttarane og sjåarane nyheitene der dei er når det skjer.

Gjennom morgon- og ettermiddagssendingar i NRK P1, nyheitsendingar på NRK1, regionalt innhald på nett og mobil, og publisering og oppfølging i sosiale medium gjev NRK Rogaland publikum i fylket eit distinkt og annleis innhaldstilbod enn det våre kommersielle konkurrentar gir. Vi skal strekke oss mot å samle fylket. Der våre konkurrentar dekker nyheitssaker ut frå eit lokalt perspektiv, skal vi leite etter saker og vinklingar som har eit regionalt perspektiv.

Innhald frå NRK Rogaland skal kjenneteiknast av eit godt språk. Språket, både normert og dialekt, skal vere forståeleg, korrekt og konsekvent. Dette er nødvendig av omsyn til truverdet vårt og for å gjennomføre samfunnsoppdraget vårt som formidlar av norsk språk. Vi skal også bidra til at NRK når kravet om 25 % nynorsk.

Hurtigare publisering og djupare journalistisk graving stiller også krav til vårt presseetiske medvit. Vi skal ha høg fokus på etikk og ein nullvisjon når det gjeld å bli felt i Pressens Faglege Utval.

Å styrke arbeidet med utvikling og nyskaping er ein nøkkel ikkje berre for å sikre nye riksproduksjonar, men også for å sikre suksess innan nyheits- og regionoppdraget til NRK Rogaland. Vi har eit mål om at det skal vere høgt under taket for å prøve og feile.

Lise Andreassen Hagir

Lise Andreassen Hagir under morgonsendinga.

Foto: Mathias Oppedal / NRK