Johan Sund Eliassen og Eos - tunga ute

BUR OG JOBBAR I LAG: Eos og Johan er i lag heile døgnet. Og kunne ikkje tenkt seg å ha det annleis.

Foto: Marthe Synnøve Johannessen / NRK

Dei siste 460 dagane

I åtte år har dei to jobba saman for å fange tjuvar og redde liv. Men for den eine går tida mot slutten fortare enn for den andre.

– Kom Eos! Skal du ha mat? Ein liten aperitiff?

Eos bjeffar samtykkande. Han hoppar rundt beina til Johan då han set fram den store blanke skåla.

– Far skal opp og ha frukosten sin han også, seier Johan til Eos.

Eos gir Johan eit raskt blikk, som om at han signaliserer at han kjem etter. «Må berre ete denne fantastiske frukosten først. Berre gå du.»

Det er ein heilt vanleg onsdag morgon i einebustaden aust i Haugesund.

Johan Sund Eliassen og Eos står opp før sola. Dei gjer seg klare til å gå på jobben saman, slik dei har gjort dei siste åtte åra.

Det er så tidleg på morgonen at det ennå er mørkt, og dagen står ubrukt.

I bakgrunnen summar siste nytt frå den lokale radiostasjonen. Det er berre dei to som er vakne i huset. Lyset på kjøkkenet er ikkje for påtrengande for ein grytidleg morgon.

Johan blar raskt gjennom avisa medan han drikk morgonkaffien.

Labbane til Eos trør sakte i trinna på veg opp til kjøkkenet. Mett og god sleikar han seg om munnen og legg seg strategisk på kjøkengolvet ved sida av beina til Johan.

– Du blir aldri for gammal for å få kos du Eos, seier Johan.

Han klør vennen sin på magen. Eos ser opp på Johan, som smiler tilbake. Dei nyt augeblinken. Stressar ikkje.

I eit år er det 230 arbeidsdagar. Dei gler seg over denne og alle kvardagane.

For på eit offisielt papir står det at Eos må vere heime når Johan går på jobben om to år.

Hunden med dei lange beina

Eos var knapt tre månader gamal den sommardagen han kom til Johan.

10. juli 2009 køyrer Johan til ein oppdrettar på Bjoa i Vindafjord, for å sjå på ein hund.

Han legg raskt merke til ein kvelp som er litt større enn dei andre.

Ein belgisk Malinois med ekstra lange bein. Litt rakare i ryggen.

Noko for seg sjølv, tenker Johan.

– Den hunden er ikkje til sals, seier hundeoppdrettaren.

Ho skal ha han sjølv. Men ho har to andre som Johan gjerne kan få.

Den rakrygga hunden med dei lange beina går bort til Johan. Han vil helse på.

– Den treng du ikkje kikke på, seier oppdrettaren.

– Men den vil eg ha, seier Johan.

– Nei, den skal eg ha sjølv, seier kvinna på nytt.

– Då må eg tenkje på det, seier Johan.

Han treng ikkje leite vidare. Gjer seg klar til å gå.

Det er då ei tispe plutseleg gjer noko uvanleg. Noko ho aldri har gjort før. Ho bit hunden med dei lange beina, i hovudet.

Oppdrettaren støkk. Så blir ho tankefull. Tispa kan bite igjen dersom kvelpen blir.

Samtidig er Johan på veg ut døra.

– Ok, du kan få kjøpe han likevel, seier ho.

Frå den dagen har det vore dei to. Eos og Johan.

Politihunden Eos i buret

PÅ VEG TIL EIN NY HEIM: 10. juli 2009 tar Johan med seg Eos frå Bjoa. Han legg den nye hunden sin i buret ved sida av politihunden Bruno.

Foto: PRIVAT

Noko stort

Eos må trenast opp. Likevel føler ikkje Johan at det er så mykje arbeid. Hunden veit kva han skal gjere. Kva jobben krev.

– Det er vel eigentleg han som har lært meg mest, seier Johan.

I ein av testane i godkjenninga som politihund kjem ein mann skrikande mot Eos med ein stokk i handa.

Eos studerer mannen frå avstand.

– Ta han! seier Johan.

Eos spring.

Mange hundar ville bremsa litt opp undervegs. Men Eos akselererer inn mot mannen og legg han i bakken.

Johan kjenner seg så stolt.

Så kjem overdommaren bort og tek han i handa.

– Denne hunden skal du ikkje bruke i utrengsmål. Denne skal du spare til noko stort.

Det er oktober 2011 då Eos blir godkjend patruljehund, og dei to blir kollegaer. Eos er to og eit halvt år gammal.

Sidan då har dei to vore saman alle timane i døgnet.

Ikkje berre eit husdyr

– Eg trur du knyter ein mykje sterkare relasjon då enn om du berre har eit vanleg husdyr, sjølv om det òg er veldig godt og nært, seier Johan, medan han ryddar frukosttallerkenen og kaffikoppen inn i oppvaskmaskinen.

Eos løftar hovudet og ser på kollegaen sin. Han bidreg sjeldan til rydding. Berre om noko fell ned på golvet.

Utanom den gongen han stal dei nybakte bollane. Det var neppe rydding, men det blei reint bord.

Bolletyven Eos

PÅ FERSK GJERNING: Det var tydlege spor på åstaden som peika mot at Eos var bolletjuven.

Foto: Privat

– Vi får vel komme oss på jobben Eos. Kom, skal vi ta på deg uniforma?

Eos spring ned trappa. Johan kjem like etter.

Eos stiller seg stolt opp med rak rygg då Johan finn fram det svarte halsbandet som det står «POLITI» på. Eos sit rett framfor Johan. Like rak i rygg og nakke som ein eldre herremann i det Kongen festar fortjenstmedaljen på jakkeslaget.

Johan kneppar igjen dei øvste knappane på den svarte uniforma si.

Så må Eos ein siste tur på do, før han tar plass i stålburet bak i bilen.

– Kom Eos! Inn i bilen med deg no.

Så snart Johan har klikka på plass beltet sitt, sjekkar han i spegelen at alt står bra til med kollegaen baki.

Så ryggar han ut frå innkøyrselen og køyrer ned til Haugesund politistasjon.

Dei lange minuttane når eit barn er sakna

Dei verste oppdraga er når eit barn er involvert, synest Johan. Eos har vore politihund i litt under to år då det kjem telefon frå ei fortvila mor til operasjonssentralen.

Dottera på åtte år er sakna.

Politiet rykker ut. Johan og Eos blir tilkalla. Denne gongen blir det leiteaksjon i byen. Å søke i by er vanskelegare for ein hund enn i terrenget.

Minuttane går. Ekstra lange minuttar for fortvilte foreldre.

Dei søker i området i nærleiken av bustaden til jenta. Eit gamalt sjøhus som ser ut som det skal ramle ned er stengt av med eit anleggsgjerde.

Eos vil inn der.

Johan løftar gjerdet til sida – Eos spring inn. Han rundar hjørnet og begynner å bjeffe. Med lågare stemme denne gongen.

Der inne sit jenta.

Snart kan mor halde dottera si i armane igjen, mindre enn ein time etter at ho ringde politiet.

Eos elskar å finne folk fordi han er så sosial, forklarar Johan. Då jobbar han ikkje berre for hundeføraren sin, men for seg sjølv.

Glad i matte

I dag skal han trene på å finne folk. Den beksvarte morgonen begynner å bli mørkeblå då Johan og Eos svingar inn på Haugesund politistasjon.

Johan Sund Eliassen og Eos i politistasjongarasjen

LEIKEN: Eos elskar å leike med ballen. I garasjen på Haugesund politistasjon er det god plass til å kaste ball.

Foto: Marthe Synnøve Johannessen / NRK

Her skal dei byte bil og hente ein kollega før dei drar ut på dagens hundetrening.

Eos vil leike med ballen som er festa i enden av eit tau, og ber fint alle politibetjentane han ser om ikkje dei kan vere med.

Så viser han stolt fram at han kan rekne.

Minneboka på mobilen

Det kjem ei tid i eit liv, eller i ein viktig livsfase, då minna blir viktigare. Fysiske minner i form av bilete, gamle avisoppslag, eller artiklar i magasinet Politiforum.

Noko å halde fast ved når ein begynner å kjenne på seg at det ein er midt oppi no, ikkje vil vare evig.

Noko som gir litt av den same kjensla som den gongen ein opplevde det på ekte, og hadde så mykje meir i vente.

På mobiltelefonen til Johan er det hundrevis av bilete av Eos. Frå turar, leiteaksjonar, meisterskap.

Etter kvart som Eos blir eldre, har han prøvd å lure seg oftare og oftare oppi den mjuke varme senga. Der det eigentleg er forbode å gå.

Det er fanga på bildebrikka, og gjer at Johan smiler når han ser på det.

Og at stemma brest litt når han snakkar om det.

– Det er ikkje lov å ligge i senga, presiserer Johan før han lukkar Eos-mappa i bildeappen på telefonen sin.

Johan fyller bilen med utstyr.

Dei køyrer til eit skogsområde i utkanten av Haugesund. Her skal dei trene på søk. Hundeførar Elisabeth Eidsvik gøymer seg ute av syne.

Eos får eit langt tau festa i halsbandet. Han treng rom for å jobbe, samtidig som Johan held godt tak i enden av tauet.

Eos spring gjennom lyng, over steinknausar. Målbevisst. Konsentrert. På jobb.

Han er raskt på plass bak steinen der Elisabeth sit, og bjeffar høgt for å varsle føraren sin.

I dag er det berre trening. Neste gong kan det vere på ekte.

Ranarane i steinura

Det er juni 2013 då stasjonssjefen ringer til Johan. Dei treng politihund.

Lervik Ur i Haugesund har blitt rana. Tre ranarar er på rømmen. Enorme verdiar er stolne frå den eksklusive klokkebutikken.

Politiet jaktar, og media følgjer dei tett i jakta på nye opplysningar. Johan kjenner på presset. Nå må Eos og Johan levere.

Flukta går austover, der vegen blir smalare og smalare. I Sauda køyrer ranarane ut av vegen i ein krapp sving. Spora ligg strødd. Serverte på eit sølvfat.

ran

UTRYKKING: Her stansa politijakta etter klokkeranarane.

Foto: Tor Andreas Michalsen

Ei finlandshette, svenske myntar, brilleetui. Kart over Noreg og ein hanske med blod på.

Yes! Tenker Johan. Vi har spor.

Eos drar godt. Det er vanskeleg å halde følge. Opp ein bakke og over ein haug. På nedsida av ei elv. Så kjem dei til ei steinur, og inni der, to menn med armane høgt til vers.

Den tredje kan svømme og har komme seg unna. Men også for han skal livet i fridom snart ta slutt. I Sauda sentrum blir han overmanna av lensmannen. Han ser raskt at denne mannen ikkje høyrer til i lokalmiljøet.

Johan vil gjerne få fram at dette er eit resultat av godt politiarbeid. Ikkje ein hund aleine, men eit samla politi som har jobba godt i lag.

Eos og Johan Sund Eliassen i Sauda

NØGDE: Johan Sund Eliassen og politihunden Eos har grunn til å vere nøgde når dei akkurat har fanga klokketjuvar.

Foto: Privat

Men Eos har også fanga tjuvar heilt sjølv. På museet i Haugesund i desember 2017.

Eit augevitne slår nummeret til Haugesund politistasjon. Han har akkurat sett eit innbrot på Karmsund folkemuseum, midt i byen.

Det er tidleg laurdagskveld. Johan og Eos er på jobb i lag med politikollega Hermann Emil Eileraas.

Det er ganske utruleg at nokon skal finne på å gjere innbrot på denne tida, tenker Johan.

Dei parkerer utanfor museet og møter ein mann og ei dame. Det er dei som har ringt politiet. Dei har stått og sett på at ein mann knuste ei rute og kraup inn i kjellaren på muséet.

Han er der inne ennå.

Johan tar fram batongen og reinskar vindaugskarmen for glasbetar før han kryp inn etter innbrotstjuven i lag med politikollega Eileraas og Eos.

Eos spring til trappa. På toppen kjem dei til ein gang. Romma på kvar side er fulle av museumsgjenstandar. Gamle ting frå regionen i gamle dagar. Bevis på at byen er bygd på «sildabein». Men Eos slepp å gå gjennom heile samlinga for å finne tjuven.

Han har ferten av noko som ikkje skal vere der, og byrjar raskt å bjeffe på ei rosemåla kiste.

Herman kjem bort og opnar lokket. Oppi der finn han tjuven, og inspirasjon til si første barnebok, «Politihunden Peter og Museumstjuven», som han skriv i lag med kollega Sveinung Andersen.

Eos blir ein helt på muséet, og i ein barnebokserie.

Eos må redde sitt eige liv

Eos er lavinegodkjent.

Det betyr at han ikkje berre kan finne folk i rosemåla kister, men også dei som er nedgravne i snø.

Eos på Svalbard

PÅ SVALBARD: Eos er godkjent som lavinehund og har vore stasjonert på Svalbard fleire gonger.

Foto: Privat

– Det er kanskje den viktigaste jobben til ein hundeførar i politiet. Å finne folk og redde dei, seier Johan.

Men Eos er heldig som har overlevd sjølv også.

Helsejournalen hans inneheld namn på fleire alvorlege sjukdomar. Tarmslyng. Kreft. To magedreiingar.

I august 2014 var det nære på.

Eos og Johan har vore med i Noregsmeisterskapet for patruljehundar i Telemark, og akkurat kome heim. Det er tid for mat. Johan fyller godt på med fór. Eos sluker det i seg, og hoppar glad rundt.

Det er ikkje bra for magen.

Etter kvart merkar Johan at Eos ikkje er seg sjølv. Han verkar uvel. Så begynner det å skumme i munnvikar og ut av nasen.

Magen veks og liknar etter kvart ei tønne. Han pustar tyngre og hyppigare.

Hunden er i ferd med å gå inn i sjokk, tenker han.

Det er seint fredag kveld og vanskeleg å få tak i veterinær. Johan har slått alle tenkelege nummer, når han til slutt lukkast.

Han bærer Eos inn i bilen, og køyrer litt over ei mil, til dyrlegen i Tysvær. Får han ikkje hjelp vil Eos døy. Det kan ikkje skje.

Dei to skal ha så mange dagar i lag ennå.

Då dei kjem fram, set dyrlegen ein kanylespiss inn i magesekken på hunden og tappar luft ut. Veterinæren syr fast magesekken til Eos. Då skal det ikkje vere mogleg å få magedreiing på nytt.

To år seinare skjer det igjen.

Eos på gulvet hos dyrlegen

NÆRE PÅ: Eos får magedreiing for andre gong, og må raskt til dyrlege for å redde livet.

Foto: Privat

Denne gongen er Johan rolegare. Han veit kva som skjer. Kvitt skum i munnvikane. Tung pust. Det må vere magedreiing, sjølv om dyrlegen har sagt at han ikkje kan få det ein gong til.

Den same diagnosen blir stilt på nytt. Eos får raskt behandling og kan reise heim.

Med livet i behald.

Johan har aldri merka på hunden sin at han har vore gjennom alle desse sjukdomane. Det er mest som han kan overleve alt.

Unntatt tida. Og den går raskare for ein hund.

Snart 80 år gammal

Treninga er over for i dag. Dei to kollegaene set seg ned i lyngen. Johan synest det er vanskeleg å beskrive kor mykje Eos betyr for han.

Politihunden Eos - portrett

SENIOR: Eos er ti og eit halvt år gamal. Rekna om i menneskeår, er han nesten 80.

Foto: Marthe Synnøve Johannessen / NRK

– Han er ein kollega som alltid er blid og glad kvar morgon. Han er der alltid. Om han må ligge i bilen medan eg gjer andre ting, så er han like glad. Og han stiller alltid opp for meg.

Eos ser på Johan. Legg seg ennå tettare inntil.

– Merkar du at eg seier fine ting om deg no? smiler Johan, og rufsar den aller beste kollegaen og vennen han kunne hatt, i pelsen.

Johan Sund Eliassen og Eos (10,5) - tunga ute

ETTER TRENING: Dagens hundetrening er overstått. Då vankar det litt kos.

Foto: Marthe Synnøve Johannessen / NRK

Eos er ti og eit halvt år gammal. I hundeår nærmar han seg 80.

På eit offisielt papir står det at Eos er godkjent som politihund i to år til.

Når Johan går til jobben om to år, må Eos bli igjen heime.

Det vil Johan helst ikkje prate om.

– Det trur eg blir for sterkt.

Johan vil heller tenke på at han skal nyte dei siste arbeidsdagane i lag med Eos.

460 gonger til skal han ta på seg politi-halsbandet på morgonen.

460 gonger til skal Johan spørje om dei to skal gå på jobben no. 460 gonger skal Johan kikke i spegelen i bilen og sjekke at Eos har det bra. Så skal dei køyre ned til politistasjonen før dei andre i huset har vakna.

I dag er den første av dei 460 dagane.