Slåsting på låve på Hundvåg
Foto: Mathias Oppedal / NRK

Ein brutal draum

Medan klassekameratane hans har førebilete som sparkar fotball, driv heltane til 13 år gamle Patrick Antonio Vidrequin med «Crucifix», «Guillotine Choke» og «Double Leg Takedown».

– Eg trur folk likar å sjå på folk som dengar laus på kvarandre.

Dette er 13 år gamle Patrick Antonio Vidrequin sitt korte og enkle svar på kvifor han trur Mixed Martial Arts (MMA) har blitt så populært som det har.

Han sit med laptopen i fanget sitt i stova i huset, der han bur saman med brørne og mora, heilt ytst på øya Hundvåg i Stavanger. På laptopen har han oppe ein Youtube-video der to svære menn er i brutal kamp mot kvarandre inne i eit åttekanta bur.

Patrick Antonio Vidrequin

SIKTAR MOT UFC: Patrick trenar hardt for å ein dag nå målet sitt om å bli ein UFC-fighter.

Blodig alvor

– Nå skal dei berre slå og sparka kvarandre. Kanskje prøva på ein rask knockout.

Patrick forklarar kva som skjer mellom dei to mennene på PC-skjermen, som berre har på seg svarte shortsar og tynne boksehanskar.

Dei fleste av klassekameratane hans liker best fotball. Sjølv sver han til Ultimate Fighting Championship (UFC) si MMA-turnering, med feite TV-produksjonar, kontroversielle karakterar og tempramentfulle pressekonferansar.

MMA er ein sport som dei siste åra har blitt omfamna av publikum over heile verda. Også i Norge.

Patrick Antonio Vidrequin ser på MMA

NETT-TV: Kvar dag ser Patrick Antonio Vidrequin på opptak av UFC sine MMA-kampar på nett. Når det går kampar på TV ser han dei saman med mora.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Kampsportgreina miksar element frå fleire andre kampsportar, til dømes bryting, kickboksing og jiu-jitsu. Men sporten er langt meir brutal enn enkeltgreinene den består av. Ein tillèt slag i hovudet på folk som allereie ligg nede, det er heilt greitt med kveling, og slåsthanskane er så tynne at det ofte blir blodig.

Patrick er dagleg inne på nettet og ser på kampane. Og ifølgje MTG, som har rettane til å visa UFC på Viaplay og Viasat Sport i Norge, er han ikkje åleine.

– Av alle sportsrettane me har så er UFC ein av dei mest populære og mest sette, seier Stian Kleppo, sportssjef i MTG Norge. Av andre sportsrettar han har kan ein nemna Champions League, La Liga, Serie A, boksing og Formel 1.

Blodig alvor
Foto: Mark J. Rebilas / Reuters

Draumen om å ein gong bli med

På PC-skjermen blir den eine mannen i ringen brutalt lagt ned i bakken. Ein kan sjå at det glimtar til i augo til den stillferdige guten som ser på. Eit lite smil. Han spolar tilbake for å sjå den såkalla “takedown”-en ein gong til.

– Han fekk ein høgre hook og falt i bakken. Han er knocka ut.

Men sjølv om mannen ligg forsvarslaus på bakken, held motstandaren fram med å sparka.

– Det er fordi at kampen ikkje er avslutta før dommaren stoppar det. Nå stoppar han ser du, og dei er framleis gode venar.

Mannen som ligg nede stablar seg på føtene og gir mannen han nett slåst med ein bamseklem.

For mora, som også er heime, er det heilt greitt at han ser på.

– Me ser ofte på fightar saman, seier Sandra Vidrequin.

– Synst du ikkje det kan bli litt brutalt for ein 13-åring?

– Nei, utøvarane har alltid moglegheita til å «tappa» ut, svarar ho raskt og smiler.

Det vil seie å avbryta kampen ved å slå lett eit par gonger i golvet eller i motstandaren. Ein kamp blir også avbroten dersom nokon blir kvelt til dei blir medvitslause.

Nå skal det nemnast at mor til Patrick ikkje er ei heilt vanleg mor. Ho har svart belte i karate, og faren hennar var proffboksar i Frankrike. Ho har med andre ord levd med kampsport frå barndommen av. Derfor er det kanskje ikkje så rart at familien Vidrequin har ei anna tilnærming til MMA enn ein gjennomsnittsfamilie.

Det er kanskje også forklaringa på at Patrick si begeistring for MMA ikkje stoppar ved TV-skjermen. Han har større ambisjonar. Den store draumen er at han ein dag er ei av slåstkjempene inne i buret.

Og han har folk rundt seg som meiner at dette ikkje treng å vera ein usannsynleg draum.

I kamp med treningskammerat John Bernhard Lunde

EIGEN TRENINGSLÅVE: Her på denne låven på Hundvåg trenar Patrick saman med John Bernhard Lunde (21) og Karl Erik Brekke (17) (i bakgrunnen).

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Stortalent i kampsport

– Han kan bli best i verda ein dag, seier brasilianske Gilberto Ferraz. Han er Patrick sin trenar på MMA-senteret i Stavanger. Det er like før treninga startar inne i dei lyse lokala som har raude og blå gummimatter frå vegg til vegg.

Han snakkar om Patrick sitt store talent i brasiliansk jiu-jitsu.

13-åringen er nemleg europameister i sin klasse i kampsporten og snart skal han delta i VM i Abu Dhabi. Dessutan er judo-ferdigheitene hans så bra at Wang toppidrett i Stavanger har innleia eit samarbeid med han.

– Han er eit stort talent som er hundre prosent dedikert, derfor kan han nå langt, seier judotrenaren hans på Wang toppidrett, Neil Eckersley, som har ein OL-bronse frå Los Angeles 1984 på merittlista.

At Patrick siktar mot UFC meiner han er uproblematisk.

– Me vel ikkje heltane våre her i livet. Me må stilla oss bak og hjelpa Patrick til å bli så god som mogleg, seier han.

På MMA-senteret i byen er Patrick ein av få som har klart å ordna seg sponsorar, og han blir sett på som eitt av dei store talenta.

– Eg er tredje generasjons fighter, så kanskje det ligg litt i blodet, seier Patrick og smilar.

Både jiu-jitsu og judo er stovereine kampsportgreiner å driva med i Norge. For Patrick er dei nødvendige steg på vegen mot den langt meir kontroversielle MMA-sporten.

Å arrangera MMA-kampar på same vis som UFC er forbode i Norge, og mange har sterke meiningar om etikken og moralen i den store pengemaskinen som UFC har blitt.

Så kva tenker ei mor om at sonen har ambisjonar om å ta del i UFC-sirkuset?

– Det blir uansett ikkje aktuelt før han blir 18 år, på grunn av reglane. Men eg er ikkje den som stiller seg i vegen for draumane til sonen min, sjølv om det ville vore tøft å sett på, seier Sandra Vidrequin.

Også jiu-jitsu-trenaren meiner at det er Patrick sjølv som må ta den avgjersla når han blir eldre. Å bli best mogleg i jiu-jitsu og judo vil uansett vera nødvendig om han skal bli ei UFC-stjerne, då teknikkar frå desse to greinene er ein stor del av MMA.

Og akkurat nå er det brasiliansk jiu-jitsu som gjeld for Patrick.

Han er i full gang med førebuingane til den neste store milepålen i karrieren. VM i Abu Dhabi.

– Vinn eg der, vil det vera det aller største eg nokon gong har oppnådd, seier han drøymande.

Brasiliansk jiu jitsu

POPULÆRT: Det er både gutar og jenter som trenar brasiliansk jiu-jitsu på MMA-senteret i Stavanger.

Meir om MMA

Unge sjåarar

6. mars i år blei den hittil største UFC-kampen arrangert i Grand Garden Arena i Las Vegas. Det var duka for både tittelkamp for kvinnene, der Miesha Tate vann over Holly Holm ved å kvela henne medvitslaus, i tillegg til storkamp mellom publikumsfavoritten Conor McGregor og Patrick sin favoritt Nate Diaz. I den siste kampen gjekk Diaz av med sigeren.

– Du veit du har gjort noko stort når folk som har sett alt og opplevd alt, kjem til meg etter kampen og seier 'Wow! Kva var det som nett skjedde!', sa presidenten i UFC, Dana White, til sin eigen nett-TV-kanal UFC etter kampen.

Og han har grunn til å vera nøgd.

Ifølgje MTG har UFC-kampane vanlegvis millionar av TV-sjåarar over heile verda, dette trass i at enkelte events berre er tilgjengelege som Pay Per View (PPV). Det gjer at Forbes Magazine har vurdert organisasjonen til ein verdi på over 20 milliardar kroner.

TV2 Sumo, som fram til i årsskiftet viste UFC, har meldt at det er mange unge som ser på sporten i Norge.

– Interessa har vore overraskande stor, spesielt når det kjem til unge sjåarar, sa sportsredaktør i TV2 til BT etter ein storkamp i desember i fjor.

Ein som har problem med den enorme populariteten UFC opplever, er president i Norges Idrettforbund (NIF), Tom Tvedt.

Tom Tvedt

IDRETTSPRESIDENT: Tom Tvedt er idrettspresident i Norges Idrettforbund. Han er ein av dei som ikkje ser UFC på TV.

Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

– Spekulativt, trist og valdsfremmande

– Eg har berre sett UFC på nett eit par gonger, og det ser meir ut som vald enn idrett. Eg blir uvel av å sjå på, seier Tom Tvedt til NRK.

Likevel forstår han godt at folk likar det.

– Det er ingenting nytt med det. Folk i det gamle Roma var også for brød og sirkus. Eg opplever likevel at utviklinga er spekulativ, trist og valdsfremmande.

– Kva tenker du om at 13-åringar ser på?

– Det er lett å forstå at heltestatus, stor eksponering og velbygde kroppar kan appellera til unge gutar og jenter. At vaksne skulle tenke det same er verre, seier han.

I Norge er det er ikkje lov å konkurrera i MMA slik som dei gjer i UFC på grunn av knockout-lova. Det blir likevel arrangert MMA-kampar i Norge, som er tilpassa norsk regelverk med hjelmar og utan knockout.

Norske MMA-klubbar er i stor vekst, og berre i 2016 har Det norske MMA-forbundet fått inn åtte nye klubbar på medlemslista si. Samla er dei nå godt over 6000 medlemmar.

Sjølv ønsker dei seg inn i varmen hos NIF.

  • Les og:

– I sommar har me truleg klar ein søknad til Norges idrettsforbund. Me ønsker å jobba innanfor NIF sitt rammeverk og på den måten nyta same respekt som andre kampsport-idrettar i Norge, seier kommunikasjonsansvarleg Thomas Rye Eriksen i Det norske MMA-forbundet.

Så kva tenker Tom Tvedt om dette? Han teiknar eit klart skilje mellom amerikanske UFC, og MMA-en som mange trenar rundt om i norske byar og bygder.

– Ein kan sikkert driva MMA med ei heilt anna styring enn det UFC har, men det som blir vist på TV er urovekkjande, seier han.

– Så kva tenker du om at dei i år vil søkja medlemskap i NIF?

– Det må dei gjerne gjera. Først og fremst må me sikra at dei er ein frivillig og medlemsbasert organisasjon. Så må dei oppfylle dei formelle krava om utbreiing og talet på utøvarar. Men dei må også levera idrett i tråd med NIF sine reglar om barneidrett, antidoping, kampfiksing og tryggleik, seier Tvedt.

Dersom Det norske MMA-forbundet blir tekne opp vil den neste kampen deira bli å jobba for at det blir lovleg å konkurrera på norsk grunn med «knockout».

– Det er neste steg, men det ligg nok langt framme endå. Me vil ikkje at det skal gå på kostnad av helse og tryggleik, seier Rye Eriksen.

Full konsentrasjon

KONSENTRERT: Konsentrasjon er ein viktig del av alle typar kampsport. Her under oppvarminga før dagens treningsøkt på låven like ved huset til Patrick.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Bryr seg ikkje

Patrick har fått selskap av to kameratar heime på Hundvåg. Dei går over vegen til ein gamal låve. Her har naboen laga til eit eige treningsrom, og her får gutane trena så mykje dei vil. For Patrick betyr det nesten kvar dag.

– Du må trena mykje om du skal bli god. Svært mykje handlar om teknikkar. Det er mange teknikkar å hugsa, og dersom du meistrar dei godt betyr styrke mindre.

Han veit godt at det er mange sterke meiningar om UFC, men det bryr han seg ikkje om. Her er han saman med likesinna.

– Det som er mest fasinerande med MMA, er at det kan snu når som helst. I fotball er kampen køyrd dersom det eine laget leiar 2–0 etter 80 minutt, men her kan heile kampbiletet snu i siste sekund, seier 17 år gamle Karl Erik Brekke, som trenar saman med Patrick på låven.

For desse ungdommane er MMA-kampane like viktige som skøyteløpa var for nostalgikarane som ofte snakkar om samling rundt radioapparatet og notering av rundetider.

– UFC skil seg veldig ut frå alt anna, det er framtida, seier 21 år gamle John Bernhard Lunde før dei på ny går i kamp.

Ein og ein, medan den tredje ser på.

Dei kastar kvarandre hardt ned i gummimatta og kveler kvarandre med føtene, men dei blir aldri sinte, dei er nærmast lydlause når dei slåst. Så «tappar» dei forsiktig i bakken når dei vil gi seg, nikkar sindig til kvarandre og startar på ny.

Sandra Vidrequin

MOR ER MED: Mor til Patrick, Sandra Vidrequin, tek bilete av sonen medan han kjempar mot treningskameraten Karl Erik Brekke.

Foto: Mathias Oppedal / NRK