Lokalpolitikar snudde om bompengar
KrF-politikar Gerd Målfrid Aarrestad Vassbø stod i eit vanskeleg dilemma då ho følte ho hadde heile skjebnen til den nye europavegen i sine hender.
– Eg føler eg ikkje har føresetnader for å skjøna fullt ut ein del ting omkring ein så stor stamveg, seier kommunestyrepolitikar i Bjerkreim, Gerd Målfrid Aarrestad Vassbø (KrF).
I rogalandskommunen har diskusjonen om ny E39 til Sørlandet gått føre seg i mange tiår. Vegen er utsett for ulukker, og spesielt vinterstid får store køyretøy trøbbel fleire plassar i Bjerkreim.
Dei blir ståande fast på glatta eller i snøvêret. Det kan fort gi kaos og lange køar.
– Det har skjedd mange ulukker på denne strekninga. Det er ingen grei veg med tanke på den store trafikken, meiner Aarrestad Vassbø.
Blei provosert
Nå skal Nye Veier laga ny firefelts E39 mellom Ålgård i Rogaland og Lyngdal i Vest-Agder.
Med fartsgrense på 110 km/t skal reisetida kuttast med 40 minutt.
Det statlege vegselskapet ser føre seg 11 års byggetid, men den første delstrekninga kan opna i 2025.
Om lag ein tredjedel av prosjektet til 36 milliardar kroner skal finansierast med bompengar.
Totalt blir det sju bompasseringar på strekninga, slik planane er lagt fram for kommunane.
Bompengeutgiftene for ein tur frå Lyngdal til Ålgård blir med Nye Veier sitt forslag 276 kroner for privatbilistar. Bombrikke gir 20 prosent rabatt.
Aarrestad Vassbø er lokalpolitikaren som først sa nei til bompengefinansiering av vegen då saka var oppe i formannskapet i vår. Ho blei provosert av prosessen.
– Eg synst det var urimeleg at me som kommunepolitikarar skulle vera med å bestemma bompengesatsar me veit er upopulære uansett. Og det for ein veg staten har ansvaret for, seier KrF-politikaren.
Traseen for vegen var heller ikkje vald.
Den erfarne lokalpolitikaren følte også dei nærmast fekk eit ferdig gjennomarbeida forslag dei «måtte» seia ja til om det skulle bli ny E39. Då blei det vanskeleg å gi tommel opp for prosjektet.
Gerd Målfrid Aarrestad Vassbø (KrF) ved den svært trafikkerte E39 i Vikeså i Bjerkreim. Ho meiner vegen ikkje er bra nok i forhold til trafikkmengda.
Foto: Magnus Stokka / NRKSnudde heilt
Aarrestad Vassbø kunne fort blitt politikaren som vippa avstemminga til eit bompenge-nei i kommunestyret. Men ho gjorde heilomvending – og sa ja til bompengar.
– Eg torde rett og slett ikkje vera den som framover måtte leva med at eg hadde stoppa eit så stort prosjekt. Eg kjende på at eg rett og slett ikkje har politisk sterk nok rygg til å bera på det ansvaret.
Ho innrømmer at dette skapte blanda reaksjonar blant bygdefolket.
– Nokon syns det eg gjorde var kjedeleg, andre syns det var gledeleg.
Det er liten tvil om at nye E39 mellom Ålgård og Lyngdal er eit kjempestort prosjekt som grip inn i mange kommunar.
– Dette handlar om mykje meir enn Bjerkreim og eg er ein lokalpolitikar. Eg kjende på at eg ikkje visste om eg hadde føresetnader til å vurdera dette så sterkt at eg kunne seia nei til vegen.
Eg torde rett og slett ikkje vera den som framover måtte leva med at eg hadde stoppa eit så stort prosjekt.
Trass heilomvendinga til KrF-politikaren, det blei likevel overraskande nei til bompengar i kommunestyret i Bjerkreim.
Gruppeleiar for Ap, Karl Gjedrem, var blant dei som vende tommelen ned.
Han frykta kommunen ville bli mindre attraktiv for tilflyttarar med kostbare pendlarutgifter til dei mange arbeidsplassane på Forus, om lag 4,5 mil nord for sentrum i Bjerkreim.
Nå vurderer utbyggar Nye Veier å bygga den nye europavegen utanom kommunen, ifølge Stavanger Aftenblad.
Dei bad nemleg om tilslutnad i alle kommunane langs vegen for å gå vidare med planane. Det fekk dei altså ikkje.
– Bompengesaka gir action i politikken
Statsvitar ved Universitetet i Stavanger, Svein Tuastad, meiner det er bra at også lokalpolitikarar har makt i store saker.
Statsvitar ved Universitetet i Stavanger, Svein Tuastad, trur fleire engasjerer seg i årets valkamp med saker som bompengar høgt på agendaen.
Foto: Mathias Oppedal / NRK– Dette viser kor viktig lokalpolitikken er. Det er dei som må ta den vanskeleg avveginga mellom ei litt auka økonomisk belastning på den eine sida og fordelane med ein ny veg på den andre.
I Rogaland starta bompengeopprøret i fjor sommar med kraftige protestar og aksjonar i Stavanger og Sandnes.
Dagen før bomringen på Nord-Jæren opna for snart eitt år sidan, blei fleire av dei 38 nye bomstasjonane i Stavanger og Sandnes utsette for hærverk.
Førebuingar til demonstrasjonen på Bybrua i Stavanger i august 2018. Leif Arne Moi Nilsen (Frp) er i gang med å festa banner på ein lift.
Foto: Carina Johansen / NTB ScanpixPå ei avisforside i Stavanger Aftenblad i august i fjor stod det at «bompengesjef Trond Juvik i Ferde skal krevje inn cirka 1 milliard kroner ekstra frå bilistane neste år».
Det gjorde at han blei drapstruga og måtte melda forholdet til politiet.
Engasjementet flytta seg sørover i Rogaland.
I mai skifta Klepp kommune meining og sette foten ned for eit nytt bompengeprosjekt på Jæren.
I kommunestyremøtet fortalde Klepp-ordførar Ane Mari Braut Nese (H) om hærverk, vald og hets som ho og familien har blitt utsette for.
– I løpet av dei siste månadane har det med bompengar berre blitt ei øm tå som ikkje må rørast meir. Eg tenker det er «no go», me går ikkje der igjen, har ordføraren uttalt til NRK.
ARKIV: Ein gråtkvalt Klepp-ordførar tok eit kraftig oppgjer med bom-aksjonistane på kommunestyremøtet i Klepp 27. mai 2019.
Trass i at begeret kan flyta over for enkelte, trur statsvitar Tuastad fleire engasjerer seg i årets valkamp med saker som bompengar høgt på agendaen.
Det har også vist igjen på oppslutnaden til partiet Folkeaksjonen nei til mer bompenger (FNB).
I Stavanger er partiet nå ein maktfaktor som fort kan avgjera om blå eller raud side vinn valet. Det kan bety at Høgre mistar ordførarkjedet i oljebyen for første gong på 24 år.
– Folk vil vera med i politikken når det er debatt, temperatur og nesten for mykje av det gode. Bompengesaka er med å få litt action i lokaldemokratiet, meiner statsvitar Tuastad.
Og fredag kom eit viktig framskritt for bompengemotstandarane. Då blei nemleg politikarane lokalt einige om å fjerna rushtidsavgifta på Nord-Jæren.