Brit Iris Bøe

Brit Iris Bøe blei i fjor noregsmeister i klassen «Modifisert 600». I år vil ho bli europameister.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Hekta på hestekrefter

– Det finst dei som har sagt til meg at dette ikkje er noko for ei dame, fortel Brit Iris Bøe (26). Ho er regjerande noregsmeister i verdas kraftigaste motorsport.

Det er laurdag og meir enn 3000 publikumarar har funne vegen til eit jorde på Jæren. Det luktar bensin, diesel, metanol og eksos. Bak rattet på ein liten hissig traktor sit Brit Iris Bøe (26). Ho har alle augo på seg. Den siste halvtimen har ho vore heilt for seg sjølv. Fokusert. Snart gir ho full gass.

Blomejente

Går ein nokre dagar tilbake i tid står Brit Iris bak disken på ei blomeforretning på Jæren. Ho lagar bukettar og oppsatsar. Ei heilt vanleg kvinne i ein heilt vanleg jobb. Men når det blir kveld, og barna er lagde, finn ho vegen ut i garasjen heime på Nærbø. Her dyrkar ho den store lidenskapen. Dei grøne fingrane blir oljete og tilgrisa.

I garasjen står nemleg fire traktorar, som ho og mannen skrur på. Målet med skruinga er å tyna ut flest mogleg hestekrefter av motorane. Traktorane skal ikkje brukast til å pløya, horva eller hausta. Dei skal brukast til traktorpulling.

– Dei fleste synst det er veldig spesielt, og kollegaene mine på blomebutikken visste ikkje ein gong kva traktorpulling var då eg fortalde at eg dreiv med det. Det same gjeld nok for mange andre også, fortel dama som har vald ein av motorsportane i verda med flest hestekrefter involvert.

30 år med traktorpulling

I år er det 30 år sidan traktorpullinga kom til Noreg i organiserte former, men lenge før dette har bønder krangla om, og hatt tevlingar, for å avgjera kven som har den sterkaste hesten eller traktoren.

For det er det det handlar om. Den sterkaste traktoren skal bli kåra, ved å slepa ei svært tung vogn på ein grusbane på 100 meter. Klassane er mange, og traktorane har utvikla seg til å bli reine «pullerar», som ein ikkje kan bruka til vanleg jordbruksarbeid.

Brit Iris Bøe

LITEN OG HISSIG: Ikkje la deg lure av storleiken. For sjølv om Brit Iris Bøe og mannen sine traktorar er små, sparkar dei godt frå seg.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Det krev både tid og pengar å vera på topp, og sjølv om tevlinga kan vera over på 20 sekund, er det likevel verdt det, meiner Brit Iris.

– Når du får det grøne flagget gir du berre gass og køyrer, det er som om alt anna rundt deg forsvinn, fortel Bøe, om ekstasen som trekk ho til sporten.

Sjølv om ho ikkje tevlar i klassane med flest hestekrefter, seier ho at det gir ei heilt spesiell kjensle å sitja bak motoren på ein kraftig traktor.

Blei med frå ho var lita

Heilt frå ho var ei lita jente på Brusand har ho interessert seg for kraftige motorar.

Stor interesse for traktorpulling

TRAKTORLAND: På Brusand er det eit godt miljø for traktorpulling. Brit Iris er oppvaksen i nabohuset til pulling-veteranane Odd Terje Friestad og Berit Johanne Auestad. Her delar dei tips og gamle historier.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Far min hadde ein mekanisk verkstad der me fekk lov til å køyra truck og lastebil frå me var heilt små. Eg ville heller gjera dette enn å leika med dokker, slik søstera mi gjorde, fortel ho.

Etter kvart introduserte faren henne for traktorpulling-stemne på Bryne. Banen her er den einaste i landet som held internasjonal standard. Derfor kjem også dei heftigaste traktorane i sporten, med meir enn 10.000 hestekrefter, på vitjing her.

– Eg blei veldig fasinert av traktorane, og likte det eg såg. Lyden var også heftig, og etter det eg hugsar så hadde eg ikkje høyrslevern, seier ho og ler.

Då Brit Iris var elleve år døydde faren av kreft. Dermed gjekk også interessa for traktorpulling ned. Lite tyda på at ho skulle bli ei av dei beste.

Meir enn 3000 personar samla seg på Bryne siste helga i mai for å sjå på traktorpulling. Ein motorsport som i år er 30 år.

Sjå video frå årets første traktorpulling-stemne på Håland på Bryne. (Foto: Kees Fjellvang/NRK)

Kvinner og traktor

Traktorpulling er langt større på kontinentet, og i USA, enn det er i Noreg. I utlandet er det folk som lev av sporten, men for nordmenn er det framleis eit tapsprosjekt. Likevel blir det rekruttert fleire og fleire og mange er kvinner. I traktorpulling konkurrerer menn og kvinner på lik linje mot kvarandre, og det er ikkje sjeldan at kvinnene gjer det bra.

Ei av dei første som tevla i Noreg var naboen til Brit Iris på Brusand. Berit «Bitten» Johanne Auestad (47) heiter ho og både ho og puller-sambuaren Odd Terje Friestad (59) har vore til stor inspirasjon for Brit Iris.

Ho vitjar dei på garden på Brusand for å snakka om traktorpulling og for å få gode tips før sesongstarten på Bryne.

Bitten synst det er tøft at Brit Iris har satsa.

– Det er sprekt at ho er med, og det er spesielt kjekt når kvinner satsar innan sporten. Det står ingen stad at kvinner skal vera dårlegare enn menn på å køyra traktor, seier ho.

Brit Iris smiler, og er samd. Ho høyrer gjerne på når dei fortel om korleis det var før i tida.

– Eg har alltid vore ei gutejente, og køyrde allereie i byrjinga av 90-talet. Eg køyrde forbi fleire menn som blei sure. Det har vist seg gong på gong at kvinnene kan vinna, seier ho.

Fram til ho fekk barn var ho ei aktiv puller-kvinne. Nå som barna er vaksne har ho og Odd Terje teke opp att interessa for fullt. I fjor kjøpte dei Valtra-traktoren «Tyra», som har meir enn 2000 hestekrefter, og som har blitt europameister i klassen «Pro stock» tre gonger med den finske kvinna Johanna Herlevi bak rattet.

Odd Terje Friestad og Berit Auestad

NABOAR TIL INSPIRASJON: På nabogarden der Brit Iris vaks opp bur puller-paret Odd Terje Friestad (59) og Berit «Bitten» Johanne Auestad (47). Dei har på sine eldre dager teke opp att traktorinteressa for fullt.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Odd Terje Friestad

KVINNETARKTOR MED KRAFTIG FLAMME: Traktoren «Tyra» heitte tidlegare «Doris». Kvinnetraktoren har blitt europameister med finske Johanna Herlevi bak rattet tre gonger.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Sende ut spionar før tevling

Kva pengar dei har lagt i det vil dei ikkje sei noko meir om enn at traktoren kosta ein stad mellom ein halv og ein million.

– Nokon har bubil, andre har hytte. Me har ein dum traktor me bruker pengar på, seier Odd Terje og ler.

Dei to hugsar godt korleis det var i starten på Jæren.

– Det var alltid konkurranse om kven som hadde den sterkaste traktoren, og det var veldig viktig. Derfor kom det folk på garden her for å spionera før tevling. Dei ville sjå om me hadde gjort endringar på traktormotoren før tevling. Prestisjen i å vinna var ekstrem, fortel Odd Terje.

Med den nye traktoren har dei nå kome seg ut i Europa, og reiser på kryss og tvers til konkurransar i Italia, Nederland, Frankrike, Tyskland, Sverige og Danmark. Dei har vunne fleire av konkurransane. Førebels er det Friestad som køyrer, men Bitten satsar på å gjera comeback som deltakar i konkurranse om ikkje alt for lenge.

– Du må vera om lag 14 år i hovudet for å lika traktorpulling. Heime hos oss er det berre kjøkkenmaskinen som ikkje er trimma, alle andre motorar må me justera litt på. Endåtil kantklipparen, seier Bitten og ler.

– Kroppen er gamal, men i hovudet er eg framleis ung, skyt Odd Terje inn.

– Det er imponerande at dei er så dedikerte, slår Brit Iris fast.

Mann, hus, barn og traktor

Då faren til Brit Iris døydde i 1998 var det slutt på traktorpullinga, men då ho blei atten trefte ho mannen i sitt liv. Han hadde ei stor interesse for motorsport og saman byrja dei å gå på traktorpulling-stemne igjen.

Her er ein TV-reportasje frå NM i traktorpulling i 1998.

ARKIV: Her er eit innslag frå Noreg Rundt om traktorpullingmiljøet på Bryne i 1998. Sidan den gong har motorane blitt sterkare og tryggleiken strengare.

Etter kvart fekk dei hus og barn på Nærbø, og i 2010 fekk dei seg sin første traktor.

– Eg blei litt sjokka då han plutseleg hadde kjøpt ein traktor. Men eg blei glad og eg ville sjølvsagt vera med på å skru. Etter ei stund kjøpte han nok ein traktor, så byrja eg å trygla og be om å få køyra den andre. Og i fjor byrja eg å tevla, fortel ho.

Og det blei ein suksess. Med den 600 kilo tunge traktoren «Another one» utkonkurrerte ho motstandarane sine, som alle var menn, og blei Norges beste. I år siktar ho endå høgare.

– Håpet er å gjera det godt i dei tre tevlingane som skal vera på Bryne i sommar. Då kan eg kvalifisera meg til EM i Danmark i haust.

– Ikkje noko for ei kvinne

Annonse Lanbruksveka

30 år gamal avisannonse frå Stavanger Aftenblad. Landbruksmessa på Skedsmo skal arrangera traktorpulling. «For første gang i Noreg» skriv dei.

Sjølv om det er fleire kvinner i sporten, er det utan tvil ein maskulin sport. Det ser ein både på publikum og på deltakarlistene. Brit Iris har ikkje berre fått positive tilbakemeldingar på at ho driv med traktorpulling.

– Det finst dei som har sagt at dette ikkje er noko for ei kvinne, og at eg burde ha gjort andre ting. Heldigvis synst dei fleste at det er kult at eg held på. Veninnene mine kjem og ser på, og innanfor traktorpullingmiljøet synst dei aller fleste at det er kjempebra når jenter med, seier ho.

Jente eller ikkje jente, når det er konkurranse legg ho alt vekk. Då er ho åleine i hovudet sitt.

– Det er både skummelt og gøy. Eg har mykje nervar, spesielt like før eg skal på. Då held eg meg for meg sjølv.

– Tenker du på far din?

– Eg har han i bakhovudet. At eg skulle byrja med traktorpulling hadde han nok aldri trudd, men eg er sikker på at han hadde vore der for meg nå, og eg håper han hadde vore stolt av meg.

Odd Terje og Bitten er i alle fall imponerte over nabojenta.

– Ho er skikkeleg tøff og dyktig. Når folk treff ho i traktorpulling-samanheng er det nok dei færraste som vil tru at ho jobbar på blomebutikk, seier Odd Terje.

Finale

Tilbake til Bryne sundag 31. mai. Brit Iris har kome seg til finalen etter ein såkalla «Full pull» i første omgang. Sola skin, og Brit Iris står klar på startstreken.

Kjettingen strammar seg, røyken stig til vêrs og traktoren kavar seg av garde. Støyen overdøyver alt anna.

Men noko er feil med bremsene, som blir brukt til å styra traktoren med. Dei heng seg opp og Brit Iris mister kontroll over traktoren.

– Først kasta den seg til eine sida, så til andre. For å ikkje køyra ut av banen, og bli diska, måtte eg berre sleppa gassen, fortel Brit Iris etterpå.

Der stoppa traktoren på 30-meter-merket. Ho nådde ikkje heilt opp i dag, men tar det med godt humør.

– Bremsene skal vera fiksa til neste gong, og eg kan framleis kvalifisera meg til EM. Men då må eg vinna dei to neste løpa, seier ho. Dermed blir det fleire timar i garasjen saman med mannen, for å finna ut korleis dei kan betra traktoren.

For «Tyra» gjekk det betre. Bitten og Odd Terje stakk av med ein førsteplass og ein andreplass. Om tre veker er dei på plass i Nederland for å konkurrera i den europeiske ligaen igjen.

BILETE: Traktorliv på Brusand