Aleksander og Cecilie i god form
Foto: Tom Edvindsen / NRK

På gyngande grunn

Dei har stålkontroll i bratte heng og på ski over svære brear. Men då Cecile Skog (42) og Aleksander Gamme (40) skulle prøva seg som småbarnsforeldre på båt, blei ting brått veldig mykje vanskelegare.

Februar 2016: – Eg må ned å leggja meg i lugaren, seier Cecilie Skog og forsvinn ned ei luke i den 45 fot store seglbåten Fryd.

Dei har kryssa Gibraltarstredet og er på veg ut i Atlanterhavet. Ein kraftig brottsjø slenger båten frå side til side. Utanom Cecilie er det kjærasten Aleksander Gamme og dottera deira Vilja som er om bord. Dei har også med seg den gode hjelparen Petter Garshol og NRK-fotograf Tom Edvindsen, som filmar det heile.

Cecilie Skog og Aleksander Gamme er begge kjent for sine ekstreme og eventyrlige liv - med turer til jordens poler og verdens høyeste fjelltopper. Nå skal de gjennom to store forandringer i livet. Cecilie og Aleksander skal bli sjøfarere og småbarnsforeldre.

FAMILIEFRYD: FamilieFryd er tittelen på dokumentarserien om Cecilie Skog og Aleksander Gamme som har premiere laurdag 12. november på NRK1. Her kan du sjå teaseren for programmet.

Cecilie har lagt seg i senga i lugaren saman med Vilja og prøver å vera ei sterk mor. Medan kvalmen er til å ta og kjenna på, les ho med roleg stemme frå ei barnebok i håp om at Vilja ikkje skal registrera dramatikken i situasjonen. Det er ikkje berre sjøsjuke ho slit med, ho har nett blitt gravid, og opplever sterke bølgjer av svangerskapskvalme.

Oppe på dekk sveivar den komande tobarnsfaren Aleksander febrilsk i vinsjen, men seglet blir berre ståande og blafra.

– Me held ein fart på sju knop, taua har kilt seg og me har ein genoa som ... voooaaaa, Aleksander kjem ikkje lenger i setninga før han held på å gå over ende, og må fokusera på seglasen.

Den høge lyden frå bølgjene som slår, kombinert med gynginga og dei høge smella frå seglet, sørgjer for ei særs dårleg stemning om bord.

– Det utrulege er at me har vald dette sjølv, seier Cecilie. For det er draumen hennar dei prøver å leva ut. Draumen om å segla. Å kjenna seg fri. Ein draum som blei til for mange år sidan. Då ho var ein heilt annan stad i livet.

Kveldsstemning på Fryd

GYLNE AUGEBLIKK: Sjølv om livet som småbarnsforeldre i båt kan vera hardt, så har det også sine lyse sider. Som her utanfor den spanske øya Cabrera.

Båten

Cecilie Skog sit på Hellestøstranda på Jæren og ser utover havet. Det var her ho ofte kom etter at ho hadde mista mannen sin Rolf Bae i ei klatreulukke på fjellet K2 i 2008.

– Plutseleg klarte eg nesten ikkje å koma meg opp om morgonane lenger. Det var då eg fann denne staden å reisa ut til. Her ute fann eg ein god ro, fortel Cecilie medan ho ser utover horisonten.

Ho var enke etter berre femten månader ekteskap, men valde å sjå framover.

– Då eg var saman med Rolf var det så lite som var umogleg. Nå sat eg her og såg utover havet og lurte på kva eg skulle driva på med. Så kom ideen om å segla.

Ein ny draum hadde blitt til i kjølvatnet av den tragiske ulukka, og kort tid etter hadde Cecilie engasjert eit verft i Frankrike med å laga ein 45 fots seglbåt i aluminium som ho kunne kryssa verdshav med.

– Eg var på veg ein stad. Eg skulle bygga ein båt, og båten skulle heita Fryd, fortel ho.

Mannen

Samstundes skjedde det også andre store ting i livet til Cecilie.

Vinteren 2012 skulle ho ha ein avskjedsfrukost med sin gode venn og kollega, Aleksander Gamme, som skulle reisa nokre månader til Antarktis. Dei to laga TV-programmet «Drømmeturen» saman, og var svært nære. Cecilie grudde seg til han skulle reisa.

Aleksander fortel om eit dristig val han tok under frukosten.

– Eg reiste meg opp og kyssa henne midt på truten. Det var ei barriere å bryta, og eg visste ikkje om eg skulle få ein øyrefik, eller kva som ville skje. Ho blei heilt stum, så eg nytta høvet til å gå, seier han.

Attende sat Cecilie med mange tankar i hovudet.

– Eg tenkte på det kysset heile dagen, og eg kom fram til at eg gjerne ville ha fleire slike kyss, fortel Cecilie.

Ho sende ein tekstmelding til Aleksander og gjorde dette klart, men det blei ikkje fleire kyss det året. Aleksander hadde lagt ut på poltur.

– Eg låg ofte ute i soveposen og tenkte på om det berre var ein flørt eller om det kunne bli noko meir. Eg var veldig spent på å møte henne att, fortel han.

Det skjedde på valentinsdagen 2013, og det gjekk det ikkje lang tid før kyss nummer to, tre og fire også kom.

– Me hadde vore vennar lenge, men plutseleg såg me på kvarandre med heilt nye auge. Mange gonger lurte eg på kva i alle dagar me heldt på med. Det er skummelt også, og du kjenner på kva du risikerer, fortel Aleksander.

Derfor gøymde dei seg vekk når dei skulle klina under innspelinga av den neste episoden av «Drømmeturen».

– Eg hugsar at det blei mykje nussing då me reiste til Pasvik for å gjera opptak. Me gøymde oss bak ei furu, som om me var tenåringar, fortel Cecilie og ler.

Etter kvart blei dei kjærastar, og Cecilie inviterte Aleksander med til båten Fryd, som låg klar i Sardinia i Italia.

Cecilie Skog og Aleksander Gammer ser på bortklipte scener fra da de var programledere på "Drømmeturen" og akkurat har blitt kjærester. I Pasvikdalen gjemte de seg bak ei furu for å kline.

FORELSKA UNDER TV-INNSPELINGA: Her ser Cecilie og Aleksander tilbake på råstoff frå serien «Drømmetur».

Graviditeten

Det var klart at Aleksander skulle få ta del i Cecilie sin segldraum, og dei gjorde ein avtale med NRK om at det skulle lagast dokumentarserie om reisa deira. VJ Tom Edvindsen skulle følgja dei to tett gjennom planlegginga og gjennomføringa av seglturen over Atlanterhavet.

Det var likevel ikkje gjort mange opptak før det blei klart at dette ville bli ei annleis reise. Det kom til å bli noko meir enn historia om fjellklatrarane og polfararane som skulle ut på nytt farvatn og slåst mot bølgjene. Cecilie var gravid.

– Eg kjende meg annleis, så eg tok ein graviditetstest. Den var kjempepositiv! Men den kunne jo vera feil, så eg kjøpte to til som eg tissa på. Eg var kjempeglad.

Dette var sjølvsagt ei stor nyheit å få for eit aktivt par som Cecilie og Aleksander.

I tillegg til den planlagde seglturen var det fleire andre ting i kalenderen til Cecilie, som ikkje er heilt vanleg for ei kvinne som ventar barn. Det første ho skulle gjera var å reisa på ein ekspedisjon til Grønland i samanheng med TV-serien «Tjukken og Lillemor» saman med komikar Truls Svendsen på TV2.

– Det først eg tenkte var: 'Herregud det er fantastisk! Tenk at eg kan bli gravid!' Så var det litt sjokk. Eg skulle jo til Grønland om berre fem dagar.

Aleksander hugsar det framleis godt.

– Du sa at du ikkje ville reise, du ville heller berre vera heime og tissa på pinnar, seier han.

Men grønlandsturen blei gjennomført, og har i ettertid blitt eit kjært minne for Cecilie, likevel var det vanskeleg å tenka på så mykje anna enn graviditeten.

– Eg følte meg ekstremt isolert med mine eigne tankar. På verdas mest isolerte plass. Det var ingen moglegheiter for flukt, og eg fekk dårleg samvit for pulken eg drog på. Det einaste som var viktig var å ta vare på livet i magen, fortel ho.

Trass den store omveltinga i livet deira, og at det nå freista meir med sofa og pizza enn å jaga nye opplevingar, valde dei å framleis ha NRK med seg. Seglturen skulle gjennomførast meir etappevis, og barnet skulle få vera med på reisa.

Cecilie Skog og Aleksander Gamme skal legge seilbåten Fryd til kai uten hjelp for første gang. Den italienske marina betjenten blir mer og mer irritert når ingenting går slik det skal.

MYKJE KRØLL: Her hadde Cecilie og Aleksander trøbbel med å leggja til i ei hamn i Italia.

Havet

Tilbake i lugaren på veg ut i det svære Atlanterhavet.

Aleksander går ned for å sjekka korleis det går med dei to jentene sine. Cecilie er svært dårleg og må ha ein pose til å spy i. Han vil ta med seg Vilja for å avlaste henne, men ho vil ikkje at den vesle dottera deira skal vera på dekk når sjøen er så uroleg. Dermed må Aleksander på ny gå frå dei to jentene sine der nede.

Draumen om havet og båten, planen om å kryssa verdshav, alt dette viser seg å bli langt meir utfordrande enn dei hadde tenkt seg.

November 2016: – Beina blei heilt slått vekk under meg. Eg låg rett ut og kunne i grunnen ikkje ta vare på meg sjølv ein gong, fortel Cecilie og ser tilbake på seglturen frå huset deira i Oslo.

Minner frå seglbåten

Cecilie Skog på båten Fryd
Foto: Boka "Et friluftsliv" av Cecilie Skog

Dokumentaren

I nesten to år har NRK vore med på Cecilie og Aleksander si reise på land og i vatn. Resultatet har blitt ein dokumentarserie der ein kjem svært tett innpå liva til familien som stadig veks seg større. Me er med heilt inn på sjukehuset under fødselen, og me er på båten i både med- og motvind.

Som om omveltingane i livet deira ikkje var krevjande nok i seg sjølv, hadde dei i tillegg alltid ei kameralinse på seg.

– Det er ikkje noko særleg når du skal koma med ein kommentar til fotografen mellom kvar gong du spyr. Heldigvis kjenner me fotografen Tom Edvindsen godt, og har jobba med han fleire gonger før. Hadde det vore nokon andre er nok faren stor for at me hadde sparka han av båten fleire gonger, seier Cecilie.

Dokumentarserien har premiere på NRK1 laurdag 12. november, og det er med blanda kjensler at Cecilie og Aleksander set seg ned for å sjå på.

– At dette blir laurdagsunderhaldning på NRK er jo i grunn surrealistisk. Det blir kleint, så eg trur folk bør halda putene klare. Men det er jo trass alt berre TV, seier Aleksander.

Sjølv om dei to er vande med å vera på skjermen har Cecilie aldri før vore så forventningsfull som ho er før dette programmet.

– Me har vore ganske avkledde i tidlegare program også, for når ein er kald og redd kjem det sanne kjensler fram, men dette er kjensler eg er vand med. Det som gjer meg meir spent enn nokon gong er at dette er så nært, og at kjenslene som her kjem fram er noko me ikkje har erfaring med, og derfor ikkje kunne føresjå.

Aleksander har ein eigen plan for korleis han skal takla premierenervane.

– Eg stikk på kompistur til Sri Lanka rett etter det første program er sendt, det seier vel sitt.

Gode val

Sjølv om dei ikkje nådde alle måla dei sette seg når det kjem til seglturen, så handlar meistring om mykje meir, ifølgje Cecilie

– For meg er ikkje suksess det same som å stå på ein fjelltopp. Først må du ut å prøva. Noko som i seg sjølv gir ei kjensle av meistring. Deretter handlar det mest om små situasjonar som ein fiksar på vegen, og som gir ei enorm glede over å leva. Det handlar også om å revurdera situasjonar og gjera gode val undervegs, seier ho.

Aleksander samanfattar utfordringane dei hadde slik.

– Hovudutfordringa for oss var nok at det blei mykje styr med å reisa fram og tilbake til ein båt i Middelhavet som kravde både stell og vedlikehald, og det blei i overkant lite meistring og opplevingar om bord i båten. Det var definitivt gylne augeblikk, mange. Men å vere langturseglar er ein livsstil, og det fungerer ikkje å setja av ei veke eller to i ny og ne for å segla på dei sju hav. Men slik blei det nå ein gong på grunn av familieauken som skjedde på vegen. Då var me ikkje klar for å kasta loss og gi slepp på alt heime i Noreg, seier han.