Eldar Sætre på fjellet

Dalsnuten i Sandnes er ikkje heilt som Sunnmørsalpane.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

Ein enkel sunnmøring på toppen av oljemakta

Han har fått jobben med å bera Norges største selskap gjennom nedgangstider.

– Det er så flatt. Som sunnmøring var det min første refleksjon. Du verda, skal eg bu og jobbe her, eg såg jo ikkje fjell.

Nei, det er ikkje akkurat Sunnmørsalpane. Men han har funne toppar her også. Frå Dalsnuten i Sandnes kan Eldar Sætre sjå ned på hjarta av olje-Norge.
Der han er øvste leiar i Norges største selskap, Statoil.

Og han trivst på toppen.

– Dette har med menneske å gjere, samspelet mellom dei og det å definere mål og retning. Det trivst eg med, seier han.

Men det var slett ikkje leiar han tenkte å bli då han gjekk inn gjennom døra til Statoil for første gong for 36 år sidan. Då var det utsiktene til å få bruka kunnskapane sine frå Handelshøgskulen på noko heilt nytt, som trakk

– Dette var i ei tid då vi ennå ikkje produserte eit einaste fat med olje. Alt låg framfor oss, og vi skjønte at vi kanskje kunne vere med på noko nytt og spanande.

Eldar Sætre 3

– Husk, eg er ein beskjeden mann. Eg har aldri streba etter nokon posisjon.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

Skjult leiar i magen

Men eit eller anna må det ha vore i han alt den gongen, for leiaroppgåvene kom ganske raskt, og sidan har han gått gradene heilt til toppen.

– Så etter kvart har leiarskap blitt der eg ser at eg kan bidra mest. Og den kjensla av at du faktisk kan få til noko og gjera endringar er tilfredsstillande. Eg har sett mykje av kor mykje godt leiarskap betyr i høve til dårleg leiarskap, og difor er eg oppteken av at eg skal spele ut alt eg har lært i mitt leiarskap.

Likevel hadde han ikkje sett føre seg å klatra heilt til topp på leiarstigen.

– Då eg fekk den rolla, var det faktisk ikkje ein tanke eg hadde. Husk at eg er ein person som i utgangspunktet har ein beskjeden natur. Eg har aldri streba etter nokon posisjon eller vist meg fram, seier han.

Men rolla kom, og attpåtil i ei tid der oljeprisen var i fritt fall, og store effektiviseringsprosjekt var sett i gang. Mange ville nok skugga unna ein jobb som toppsjef i Statoil i ein slik situasjon.

Nokre ville nok sett på det som uflaks å koma inn i ein slik situasjon, men eg såg det etter kvart som eit privilegium å få høve til å påverke og skapa endringar som eg såg var heilt naudsynte.

– Eg såg ein industri og eit selskap som verkeleg stod framfor store problem. Nokre ville nok sett på det som uflaks å koma inn i ein slik situasjon, men eg såg det etter kvart som eit privilegium å få høve til å påverke og skapa endringar som eg såg var heilt naudsynte.

Sjå portrettet frå laurdagsrevyen her:

Portrett av Statoil-sjef Eldar Sætre i lørdagsrevyen 27.8-16

Kjenner ansvar, men ikkje skuld

No sit han her, som Norges mektigaste næringslivssjef, med fleire millionar i løn og makt og innverknad over tusenvis av tilsette både i eige selskap og hos leverandørane.

– Makt er jo ikkje slikt vi går rundt og tenkjer på, men det er klart det er store forretningar, kvar enkelt, og i sum blir det jo ein ganske formidabel forretning vi har ansvar for, seier han.

For handlingane han gjer får store ringverknadar. Då han sette seg sjefsstolen for snart to år sidan var oljeprisen i fritt fall. Og sidan då har Statoil kutta i bemanning og investeringar. Det har heile bransjen fått merka. Han kjenner på ansvar, men har ikkje dårleg samvit.

– Nei, det ville innebera at eg sa eg hadde gjort noko gale, og det kjenner eg sterkt at me ikkje gjer. Eg angrar ikkje på det me gjer, eg er veldig trygg på at det er rett og helt naudsynt for å skape grunnlag for framtidig aktivitet.

I ettertid er det lett å seia at me skulle starta endå tidlegare på den reisa.

– Det er det ansvaret eg må ta som leiar i denne bedrifta. Så har det konsekvensar for mange, det veit eg, og for dei det rammar skjønar eg at det oppstår mange refleksjonar rundt kor naudsynt det er å gjera ting, legg han til.

Faktisk meiner han bransjen kunne vore endå tidlegare ute med å sjå kor det bar.

– Eg trur faktisk me var tidlegare ute enn noko anna oljeselskap med å ta dei grepa. Det blir vanskeleg å setja seg inn i den situasjonen og seia om vi tenkte feil då, men i ettertid er det lett å seia at me skulle starta endå tidlegare på den reisa.

Eldar Sætre 2

Å seie opp kollegaer er smertefullt, Men Eldar Sætre er viss på at det er naudsynt.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

– Smertefullt, men naudsynt

Og den reisa handlar også om at ein mann som har vore selskapet i 36 år, må seia opp fleire tusen av sine kollegaer.

– Det er krevjande. Det er smertefullt. Eg kjenner mange av dei som har måtta gå. Difor har det vore viktig for meg at vi gjer dei prosessane på ein respektfull, gjennomtenkt måte.

Opp mot 40.000 oljerelaterte jobbar har blitt borte i Norge. Sjølv ikkje Sætre hadde trudd at det skulle bli så gale.

– Eg trudde ikkje nedturen skulle komme til å vare så lenge, og bli så djup og fundamental. Og eg såg vel heller ikkje fullt ut kva som var naudsynt å gjere. Vi ser jo i vårt eige forbetringsprogram at vi har måtta løfte ambisjonane fleire gonger.

No trur han ikkje at alle dei 40.000 jobbane vil koma tilbake til næringa.

– Nei, eg trur aktivitetsnivået framover må korrigerast i høve til det me kan seie var eit noko oppheta nivå i nokre år. Og eg ser nok føre meg eit lågare aktivitetsnivå, seier han.

Eldar Sætre presenterer resultater for første kvartal 2015

Talarstolen er ikkje staden han kjenner seg mest vel. Men Eldar Sætre har lært seg å takla også den sida av jobben som landets mektigaste næringslivssjef.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

Med optimisme til oljemessa

Måndag startar oljemessa ONS i Stavanger for ein samla oljebransje. Då skal Eldar Sætre, som sjølv kallar seg ein introvert toppsjef, halda tale. Etter to mørke år, vil alle auge vera retta mot han når han entrar scena.

– Det å stå på ei scene er eit verkemiddel for meg, ikkje noko eg står og nyt, seier han.

Eg er ikkje ein cocktail-type, eg avsluttar middagen ganske raskt.

Men det er noko han har måtta venne seg til, og frå scenen i Stavanger ønskjer han å teikne eit optimistisk bilete av framtida.

– Eg har ein grunnleggjande optimistisk haldning til norsk sokkel. Me har 50 år bak oss i år, og eg er sikker på at vi har 50 år framfor oss også, og vi trur vel at vi kanskje enno ikkje har produsert halvparten av det som kan bli produsert.

Men altså med ein atskilleg meir nøktern kultur, og enklare og meir effektive løysingar.

Og mindre champagne – både på oljemessa og i kvardagen. Det er nok ikkje sunnmøringen Eldar Sætre imot.

– Eg er ikkje ein cocktail-type, eg avsluttar middagen ganske raskt. Eg er jo profesjonell, så eg gjennomfører den small-talk-en eg skal og alt sånt, men ikkje meir enn det.